Roller og ansvar

Tydeleg tenesteveg og klare rolleskildringar er avgjerande for at HVL skal lukkast i arbeidet med kvalitet i utdanningane. HVL har ei rekke funksjonar som i ulik grad har ansvar for det systematiske arbeidet.

Arbeid med kvalitetskultur

HVL arrangerer årleg ein konferanse der studentar, leiing og tilsette diskuterer aktuelle tema knytt til utdanningskvalitet og læringsmiljø.

Prorektor for utdanning og prodekanane for utdanning legg til rette for dialog om relevante problemstillingar knytt til kvalitet. Dette kan skje i form av seminar, diskusjonsforum og andre møtepunkt. Møtepunkta bør hovudsakleg vere nettbasert og opne for alle interesserte, studenttillitsvalde skal alltid vera inviterte.

Pris for utdanningskvalitet ved HVL

Pris for utdanningskvalitet skal anerkjenne medarbeidarar og fagmiljø som utmerker seg med framifrå undervisning, og bidra til å fremme kvalitet i undervisnings- og evalueringsformer. Den skal vere ein inspirasjon til vidare fagleg og pedagogisk innsats, engasjement og bruk av nyskapande undervisningsmetodar og læringsarenaer.

Sei-i-frå

HVL har system der studentar og tilsette kan sei ifrå om forhold som påverkar læringsmiljø, undervisning og utdanningskvalitet, anten namngitt eller anonymt. Meldingane blir sende til relevant leiar, og alle som gir opp namn, får tilbakemelding. Sei-i-frå-systemet er eit supplement til andre etablerte kanalar i det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane.

Tilgrensa funksjonar

Nemnd for studentsaker

HVL har nemnd for studentsaker som handsamar klager om enkeltvedtak og, etter vedtak i styret, andre klagesaker for kandidatane, jf. UH-lova, § 5-1 (1).

Skikkavurderingsnemnd

Skikkanemnda er eit lovpålagt organ, jf. UH-lova, § 4-10. Nemnda sitt arbeid er regulert av «Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning».

Studentombod

Studentombodet ved HVL er ein uavhengig bistandsperson som har som oppgåve å gje studentane råd og hjelp der studentane har tatt opp eller vurderer å ta opp tilhøve knytt til sin studiesituasjon.

Studentombodet skal sjå til at sakene får ein forsvarleg og korrekt handsaming, og at studentane sine rettar vert ivaretekne.


Kontakt oss

Har du spørsmål eller tilbakemeldingar? Kontakt oss gjerne!

kvalitet@hvl.no