Studentassistent ved Fakultet for helse- og sosialvitskap

Ønskjer du deltidsjobb som studentassistent ved Fakultet for helse- og sosialvitskap hausten 2022? Søknadsfrist er 1. juni.

Vi er på jakt etter deg som er 2. eller 3. årsstudent på bachelor, eller masterstudent. 

Om jobben

For å styrke arbeidet med kvalitet i utdanninga og sikre godt læringsutbytte, læringsmiljø og studieprogresjon, ønskjer høgskulen at alle studentar skal få tilbod om å delta i ei studentgruppe leia av ein studentassistent.

Som studentassistent får du ansvar for ei eller fleire studentgrupper som du møter jamleg gjennom studieåret.

Målet er å bidra til at studentane lykkast i utdanninga si, både fagleg og sosialt. Tema for møta kan vere fagleg, studiemeistring, motivasjon og rett og slett det å bli kjende med kvarandre og faget ein studerer.

Du får opplæring og du vil ha ein fagleg kontaktperson som følgjer opp undervegs.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre møte med studentgruppa
  • Støtte studentane i fagleg arbeid
  • Det kan vere aktuelt med oppgåver knytt til undervisning og ferdigheitslæring
  • Delta i kontaktmøte med fagmiljø/institutt/fakultet og erfaringsutveksling med andre studentassistentar 
  • Bidra til at studentane blir betre kjend med kvarandre, og bygge eit godt fagleg og sosialt læringsmiljø i studentgruppa.

Arbeidstid, lønn og attest

Jobben er lønna (inkludert kurs, førebuing og evaluering).

  • Studentassistent med påbegynt bachelorgrad vert lønna i ltr. 35, som utgjer kr. 191,20 pr. time
  • Studentassistent med påbegynt mastergrad vert lønna i ltr, 42, som utgjer kr. 209,- pr. time

Du arrangerer treff om lag ein gong kvar veke. Du får maks 60 arbeidstimar pr. semester, der minimum 2/3 går til treff.

Du får attest frå HVL etter fullført jobb.

Forventningar til deg

  • Du har lyst og er motivert til å arbeide med studentar og bidra til å etablere godt læringsmiljø
  • Du evner å sjå og lytte til dine medstudentar
  • Du kan arbeide sjølvstendig og likar å samarbeide med andre studentar
  • Du er strukturert og er god til å planlegge, men samtidig fleksibel og kan improvisere
  • Du har god innsikt i eige studieprogram

Søknadsfristen er 1. juni 2022

 

Klikk her for å sende inn ein kortfatta søknad

 

For å søke fyller du ut dette søknadsskjemaet. Søknaden vert handsama av administrasjonen ved FHS. Spørsmål om stillinga rettast til Mildrid Haugland, Mildrid.Jorunn.Haugland@hvl.no

Velkommen som søkar!