Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) er den største lærarutdanninga og den nest største barnehagelærarutdanninga i landet. I tillegg har fakultetet utdanningstilbod og forsking innan idrett, friluftsliv, folkehelse, kunstfag og teiknspråk og tolking.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har om lag 6000 studentar og 600 tilsette fordelt på campusane i Bergen, Sogndal og Stord. Fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå og har eit tett samarbeid med samfunn- og arbeidsliv. 

Du kan lese meir om samarbeid innan lærarutdanning og kreative fag på denne sida, og meir om samarbeid innan friluftsliv og folkehelse på denne sida

Dekanat

bilde av Asle Holthe

Asle Holthe

Dekan

bilde av Gunn Haraldseid

Gunn Haraldseid

Prodekan for utdanning

bilde av Vegard Fusche Moe

Vegard Fusche Moe

Prodekan for forsking

bilde av Sigurd Sandvold

Sigurd Sandvold

Prodekan for regional utvikling

Administrasjonssjef

Tone Reistad

Fakultetet har fire institutt

Fakultetet har tre fageiningar

Utdanning

Eining for utdanning er leia av prodekan Gunn Haraldseid.

Eininga har ansvar for bachelor-, master-, og vidareutdanningar i fakultetet.

Desse er organisert i seks studieprogramområder med kvar sin leiar:

Studieadministrasjonen, ved studieadministrativ leiar, Eli Borsholm, høyrer til i eininga og gir støtte til utdanningsverksemda i fakultetet. 

Forsking

Eining for forsking er leia av prodekan Vegard Fusche Moe.

Eininga er organisert i fem forskingprogram med kvar sin leiar:

Forskingsadministrasjonen, ved forskingsrådgjevar Ingunn Voster, høyrer til i eininga og gir støtte til forskingssverksemda i fakultetet. 

I tillegg har eininga ansvar for ph.d.-utdanninga Dannning og didaktiske praksisar, leia av Solvejg Jobst.

Regional utvikling

Eining for regional utvikling er leia av prodekan Sigurd Sandvold.

Eininga har ansvar for regional kompetanseutvikling, inkludert lærarutdanningsskular- og barnehagar, samarbeid med eksterne, studentrekruttering. 

Programleiar for regional kompetanseutvikling er Osvald Lykkebø.

Eininga gir administrativ støtte til ekstern samhandling og eksternfinansiert utdanningsverksemd. 

 

 

Meir om fakultetet