Universitetet på Vestlandet

Universitetet på Vestlandet tar med seg det beste frå høgskule-tradisjonen

Universitet på Vestlandet vil utvikla og ta med seg det beste frå høgskuletradisjonen – i Bergen, i Førde, i Haugsund, i Sogndal og på Stord.

Vi skal vere tett på samfunns- og arbeidsliv og bli eit engasjert og inkluderande universitet som legg vekt på det praksisnære og på anvendt forsking. Vi vil tilby utdanning, forsking og formidling av kunnskap for å bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling.

Vår overgang til eit fullverdig universitet vil styrkje Vestlandet som region. Dette oppnår vi gjennom å utdanne endå meir kompetente studentar, og ved å utføre forsking som er tett knytt til samfunns- og arbeidslivet.

For å nå dette målet har vi dei siste åra bygd sterke fagmiljø med samansett kompetanseprofil. Vi har skapt god samanheng mellom utdanning, forsking og arbeidsliv, vi samarbeider meir internasjonalt og vi har jobba med å styrke alle dei fem studiestadane.

Universitetsprosjektet ved HVL samlar og kartlegg informasjon om korleis vi ligg an i forhold til krava for å bli universitet, og gir råd til høgskuleleiinga om behov for tiltak. Prosjektgruppa skriv i tillegg sjølve universitetssøknaden. Etter planen blir søknaden tilsendt NOKUT i slutten av 2023 eller første halvdel av 2024.

Siste nytt

Spørsmål og svar om det å bli universitet

Kvifor Universitetet på Vestlandet?

Vestlandsregionen treng eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet, som tilbyr noko anna enn universiteta i Bergen og i Stavanger. Vi står i ein unik posisjon som fleircampusinstitusjon til å understøtte innovasjon og bidra til utvikling av samfunns- og arbeidslivet- på Vestlandet.

Tre av fire av våre studentar kjem frå Vestlandet, og like mange blir igjen etter fullførte studium. Derfor er det viktig at vi framleis er gode og attraktive som utdanningsinstitusjon. Dersom studentar vel å reise andre stadar for å ta universitetsutdanning, er det stor sjanse for at dei etablerer seg der.

Arbeidet vi gjer for å bli universitet er i seg sjølv eit utviklingsprosjekt som allereie har heva kvaliteten på alt vi gjer ved HVL – anten det gjeld utdanning, forsking eller samspel med arbeids- og næringsliv.

Kvifor må ein som utdannar sjukepleiarar forske?

Svaret er at vi treng kunnskap for å utvikle nye løysingar som kommunane og fylka treng. Nyskaping har ofte forsking, tett kopla til praksis, i botn. Vi skal forske på profesjonane våre for å gjere utdanningane betre og meir oppdaterte. Forskinga vår skal vere nyttig og relevant, også som universitet.

Gjennom våre fem studiestadar bidrar vi til nyskaping og utvikling i heile regionen. Slik kan vi forsterke Vestlandet sin posisjon som den mest innovative og kunnskapsintensive delen av Noreg. Vår forsking og kunnskap kan enkelt delast mellom studiestadane Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord.

Noreg og Vestlandet må vere gode på omstilling, nyskaping og berekraftig utvikling. Dette er kjernen i det vi jobbar med, både når det gjeld utdanning, forsking, og samarbeid med omgjevnadane.

Mens nokre delar av Vestlandet slit med fråflytting, er Bergen i vekst. Vi treng derfor meir samarbeid på tvers av kommunegrensene for å få til eit slagkraftig universitet som både handterer veksten, og som kan tilby utdanning og arbeidskraft til tettstadane og bygdene.

Korleis jobbar vi for å bli universitet?

Alle dei tilsette, både vitskaplege og teknisk-administrative, har i fleire år jobba med å heve kvaliteten på det dei gjer, for å bli enda betre. Universitetsbygginga er eit gigantisk kvalitetsprosjekt.

Sjølve universitetsprosjektet er det rektor som er prosjekteigar og -ansvarleg for. I tillegg er det tilsett ein prosjektleiar. Ei arbeidsgruppe jobbar med søknaden og ei referansegruppe gir innspel til prosjektet.

Blir meir av undervisninga på engelsk når vi blir universitet?

Vi vil gjerne ha fleire internasjonale studentar. Vi vil og gi våre norske studentar internasjonalt læringsutbyte, og det kan kome fleire utanlandske tilsette. Derfor kan det bli fleire emne på engelsk, utan at det kjem som resultat av at vi blir universitet.

Kjem HVL til å innføre Ex.phil som universitet?

Nei, men uavhengig av universitetsambisjonen har HVL laga eit felles innføringsemne i danning og akademisk handverk. Det gjer alle våre studentar betre rusta til å forstå forsking og å kunne vurdere kunnskap og «fakta» kritisk.

Blir det nokre endringar i utdanningstilbodet?

Nei, det blir ingen endringar av studier som kjem av at vi blir universitet. Vi utviklar studieprogramma våre heile tida, uavhengig av om vi er høgskule eller universitet.

Kjem forelesarane til å vere mindre tilgjengelege fordi dei skal forske meir?

Det er ingen ved HVL som berre skal forske eller berre drive med utdanning. Forskinga og utdanninga vår skal henge saman, slik at studentane våre får god undervisning basert på og med døme frå oppdatert forsking.

Som universitet siktar HVL på å få ein god kompetansemiks blant våre faglege tilsette. Det betyr at vi har forelesarar som har erfaring frå arbeidslivet, forelesarar med forskingskompetanse, og forelesarar med begge delar. Blandinga av desse typane kompetanse bidrar til eit godt og nyttig utdanningstilbod. Eit mål er også å ha med studentane i ulike typar forskingsaktivitet.

Forskings- og undervisningstid har ikkje med å gjere om ein er høgskule eller universitet. Også på høgskulen skal det vere eit samspel mellom forsking og utdanning.

bilde av Dag Stenvoll

Dag Stenvoll

Seniorrådgiver - Prosjektleder


Har du spørsmål eller kommentarar?

Send oss ein e-post!

up@hvl.no