Språkpolitisk utval
Det språkpolitiske utvalet ved Høgskulen på Vestlandet skal bidra til auka språkleg medvit og kompetanse ved høgskulen.
Medlemmer
- Geir Kåre Resaland (leiar)
- Ingrid Gilje Heiberg (FHS)
- Tarald Seldal (FIN)
- Eli Bjørhusdal (FLKI)
- Grete Netteland (FØS)
- Svein Ove Eikenes (Avdeling for kommunikasjon)
- Gunhild Austrheim (Biblioteket)
- Gabriel Shuler, studentrepresentant
- Linnéa Solvang, studentrepresentant
- Andrea Grutle (vara-studentrepresentant)
- Joakim Bjørnevoll Træen (vara-studentrepresentant)
Utvalssekretær: Elin Espe Stensvand
Har du saker du meiner vi bør ta opp i språkpolitisk utval? Send ein e-post til utvalssekretæren.
Mandat
Styret ved HVL vedtok i møte 26.4.2018 eit sett med ambisiøse språkpolitiske retningslinjer for høgskulen. I følgje retningslinjene skal eit eige språkpolitisk utval, oppnemnt av rektor, ha ansvar for oppfølging og gjennomføring av dei språkpolitiske retningslinjene og for høgskulens språkpolitikk.
Utvalet skal spesielt sjå til at:
- høgskulen står fram med ein tydeleg nynorsk profil
- klarspråk vert lagt til grunn for skriftleg og munnleg kommunikasjon frå og ved høgskulen
- ingen av dei to norske målformene er representerte med mindre enn 25 prosent
- høgskulen tek eit særleg ansvar for å ta i vare og utvikle eit god norsk, særleg nynorsk, språk innanfor dei profesjons- og arbeidslivsretta faga og utdanningane ved HVL
- høgskulen finn ein rimeleg balanse mellom bruken av norsk og engelsk i undervisning, forsking og formidling
- forholda vert lagde til rette for bruk av norsk som vitskapleg språk ved HVL
- digitale og andre språklege hjelpemiddel er lett tilgjengelege både for tilsette og studentar ved høgskulen
Oppfølging av dei språkpolitiske retningslinjene krev auka språkleg medvit og kompetanse ved HVL. Det er såleis ei viktig oppgåve for utvalet å sørgje for tilbod av:
- relevante opplæringskurs (særleg nynorsk, engelsk)
- enkle skrivereglar på norsk (bokmål og nynorsk)
- kurs i teiknspråk
- kartlegging av språksituasjonen og opplæringsbehova blant ulike grupper tilsette og studentar
Utvalet skal lage toårige handlingsplanar og årleg rapportere til styret om arbeidet sitt.
Utvalet skal òg utarbeide budsjett for å kunne prioritere mellom dei ulike tiltaka og oppgåvene som vert føreslegne.