Professor

Anette Fagertun

Arbeids- og kompetanseområde

Eg er sosialantropolog med PhD fra UiB i 2009, og tilsett som professor i samfunnsvitskap ved Senter for omsorgsforsking vest og Institutt for velferd og deltaking, FHS, HVL. Eg jobbar hovudsakleg med problematikkar knytt til den etnografiske regionen Europa, og Noreg spesielt, men har også omfattande forskingserfaring frå Sør-aust Asia, Indonesia.

Forskingsinteressene mine er breie og omfattar arbeid, kjønn og klasse; nyliberalisme og kapitalisme; rettferd og sosial ulikskap; migrasjon og mangfald; velferdsstat og velferdspolitikk; kommunale helse og omsorgstenestar; og  kvinnehelse.  

Frå oktober 2019 til desember 2025 leiar eg eit stort institusjons strategisk forskingsprosjekt finansiert av Noregs Forskingsråd (NFR), «The politics of a changing institutional ecology: coordinating and prioritizing healthcare and welfare services in the municipal landscape», (ISP prosjektet). I prosjektet som utforskar me komparativt kva faktorar som formar og fremjer tenestesamhandling i dei kommunale helse-og omsorgstenestane og mellom desse og andre offentlege velferdstenestar.

Underviser i
  • Vitenskapsteori og metode
  • Samfunnsvitskapleg teori
  • Veiledning alle nivå
Forskar på
  • Europa, Norge og Indonesia
  • Arbeid, kjønn og velferdsstat
  • Velferdsregimer og kommunale helse og omsorgstenester
  • Velferdspolitikk
  • Klasse, sosial ulikhet og nyliberal kapitalisme
Forskargrupper
  • Tjenesteforsk - Sammenlignende Tjenesteforskning
  • Omsorgens grunnlag, fenomener og vilkår - forskernettverk
  • Arbeid, Helse og Kjønn, Inst for global helse og samfunnsmedisin, UiB