Kommunikasjon og marknadsføring

Etter- og vidareutdanning

Jobbar du med marknadsføring og sosiale medium og skulle gjerne hatt meir formell kompetanse på området? Kanskje du har lyst til å få meir kunnskap om korleis digitalisering kan skape ei berekraftig utvikling? Da kan du ta vidareutdanning i kommunikasjon og marknadsføring gjennom eit modulbasert deltidsstudium i Ryfylke.

Dette fleksible deltidsstudiet passar for mange. Å auka kunnskap om kommunikasjon og marknadsføring på digitale flater er aktuelt både for bedrifter som treng å kommunisere med kundar og marknadsfører produkt og tenester, men og for kommunar som skal kommunisere med innbyggarane eller skular som kommuniserer med elevar og føresette.

Studiet er samlingsbasert og samlingane vil føregå på Strand vidaregåande skule og Sauda vidaregåande skule, på skulane sine lokale på Tau, Sand og Sauda. Du kan velje sjølv om du ynskjer å ta deler av studiet eller fullføre heile løpet med totalt 60 studiepoeng.

Du lærer meir om sosiale medium, marknadsføring og kommunikasjon, frå strategisk planlegging til tiltak og verktøy. Du får og eit grunnleggande innblikk i korleis digitalisering kan styrke marknadsføring og kommunikasjonsarbeid sett i eit berekraftig perspektiv.

Bli med på eit lokalt kommunikasjonsløft og bygg kompetansen du treng for å styrke kommunikasjonsarbeidet i bedriftene!

Kurspakken

Studiet består av totalt seks ulike emne, og kursane rulles ut fortlaupande frå haust 2021. Dei fire første emna vart gjennomført hausten 2021 og våren 2022. Hausten 2022 vert dei to neste emna "Praksis innan digital marknadsføring og kommunikasjon" og "Digital innovasjon og entrepenørskap" pilotert. Du søkjer opptak til eitt og eitt kurs via vårt søknadsweb.

Haust 2021

Digitalisering og omstilling

Innhald
Dette emnet tek føre seg digitalisering og omstilling ut frå eit heilheitsperspektiv.
Sjå emneplan for meir informasjon.

Samlingsdatoar
To fysiske samlingar, resten digitalt.
1. samling: 27. og 28. august 2021, Strand vgs / Tau
2. samling: 30. september, 1. og 2. oktober 2021, Sauda vgs / Sauda
Digitale ukentlige treffpunkt i Zoom tirsdager mellom kl. 14-16.

Digitalisering, lønsemd og berekraft

Innhald
Dette emnet ser nærmare på digitalisering med særleg fokus på lønsemd og berekraft.
Sjå emneplan for meir informasjon.

Samlingsdatoar
To fysiske samlingar, resten digitalt.
1. samling: 3. og 4. september 2021, Sauda vgs / Sand
2. samling: 7., 8. og 9. oktober 2021, Strand vgs / Tau
Digitale ukentlige treffpunkt i Zoom fredager mellom kl. 12-14.

Vår 2022

Digital marknadsføring

Innhald
Emnet skal gje deg bred kunnskap om teoriane, informasjonen og vurderingane som ligg til grunn når organisasjonar utformar sine marknadsføringsstrategiar og har særskild fokus på dei digitale marknadsføringsstrategiane. Du lærar å analysere marknaden og bruke modellar og verktøy for å planlegge og gjennomføre marknadsføringsaktiviteter.

Sjå emneplan for meir informasjon.

Samlingsdatoar
Uke 1: 7.-8. januar, Sauda
Uke 4: 27.–29. januar, Tau
Uke 7: 17.–19. februar, Sand
Uke 11: 18.-19. mars, Tau

På første samling avtalast det digitale treffpunkt kvar veke i Zoom.

Digital kommunikasjon

Innhald
Emnet skal gje deg brei kunnskap om teoriane, informasjonen og vurderingane som ligg til grunn når organisasjonar utformar sine kommunikasjonsstrategiar og har særskild fokus på dei digitale kommunikasjonsstrategiane. Du lærar å analysere kommunikasjonskanalar og bruke modellar og verktøy for å planlegge og gjennomføre kommunikasjonsaktivitetar.

Sjå emneplan for meir informasjon.

Samlingsdatoar
Uke 5: 4.-5. februar, Sauda
Uke 9: 3.–5. mars, Tau
Uke 13: 31. mars – 2. april, Sand
Uke 16: 22.–23. april, Tau

På første samling avtalast det digitale treffpunkt kvar veke i Zoom.

Haust 2022

Praksis innan digital marknadsføring og kommunikasjon

Studenter som har fått studieplass blir kontaktet innen månedsskiftet juni/juli.

Det blir invitert til et felles Zoom møte tirsdag 28.juni kl 14:00-15:00 og kl 18:00-19:00.

Zoom lenke for møtepunkt tirsdag 28.juni kl 14–15: https://hvl.zoom.us/j/64188561838?pwd=ekFPRm5rZWREakh1MDI2UVoxV3dtZz09

Meeting ID: 641 8856 1838
Passcode: 039639

Zoom lenke for møtepunkt tirsdag 28.juni kl 18–19:
https://hvl.zoom.us/j/65304759342?pwd=bGMrZk5LUnNnU2dPeWhScUFpSWg2UT09

Meeting ID: 653 0475 9342
Passcode: 421247

Digital innovasjon og entreprenørskap

Innhald
Emnet går nærare inn på temaene digital innovasjon og entreprenørskap. Gjennom arbeid individuelt og i grupper gir emnet innsikt i digital innovasjon med særleg fokus på utvikling av nye digitale teneste og produkt.  Målet med emnet er å gje studentane ein introduksjon til fagområda innovasjon og entreprenørskap for på denne måten å kunne sette dette i samanheng med tidligere kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse opparbeida innan digital markedsføring og kommunikasjon.

Emnet utgjer emne nummer 5 av totalt 6 emner i prosjektet og årseininga Eit digitalt Ryfylke.

Sjå emneplan for meir informasjon. 

Samlingsdatoar

  • Veke 34: 25–26. august
  • Veke 42: 19–21.oktober

På første samling avtalast det digitale treffpunkt kvar veke i Zoom.

Bakgrunn

Denne vidareutdanninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet, MOR-prosjektet (motivasjon, opplæring og rettleiing), Hjelmeland kommune, Eramet, Omega Design, Comrod, Sauda vekst og Reisemål Ryfylke, i tillegg til Sauda og Strand vidaregåande skular. Pilotprosjektet er finansiert av Kompetanse Norge.