Forsking

Ved HVL jobbar vi med både naturvitskaplege, tekniske og sosiotekniske problemstillingar knytt til hydrogen.

Tema vi forskar på omfattar nye og innovative produksjonsmetodar for hydrogen, særleg inn mot fornybare energikjelder. Vi jobbar også med ulike lagringsteknologiar, som flytandegjering og lagring i form av flytande organiske hydrogenberarar.

Forskinga er óg retta mot bruk av hydrogen i maritim sektor, mot ulike framdriftssystem og sikkerheit i maritime operasjonar.

På campus Bergen har vi laboratorium som vi nyttar til testing og forsking på hydrogen. Les meir her!

Har du ein idé som du gjerne skulle vidareutvikla, men mangler tid i ein travel kvardag? Då kan eit oppgåvesamarbeid mellom våre studentar, HVL og di bedrift vere noko for deg!

HVL er partnar i forskingssenteret HyValue. Senteret skal utvikle kunnskap, metodikk og innovative løysingar for hydrogenenergibærarar. Les meir om forskinga på nettsida til HyValue.