Verktøykassen - tekstressursar

SciTalk-prosjektet har utvikla det vi kallar ein verktøykasse. Her finn du ulike typar verktøy, til dømes tekstar, videoar, bilete, oppgåve og døme du kan bruke for å bli flinkare til å snakke med barna om naturvitskaplege emne.

Kva må du vite om naturvitskaplege emne og samtaletypar?

Kva haldning har du til naturvitskapleg kunnskap? Korleis stiller du deg til din eigen og andre sin kunnskap i samtalen? Prøv nokre oppgåver for å finne det ut. Foto: Irene Jacobsen

Er det mogleg å øve på å bli ein god samtalepartnar for barn? Korleis kan du kommunisere med barnet, og korleis kan du vite når du skal bryte inn i utforskinga til barnet?