Christi Krybbe skoler

På denne sida kan du lese meir om kva som skjer ved lærarutdanningsskolen Christi Krybbe skoler i Bergen.

Kontaktpersonar  

LU-kontakt Cristi Krybbe skoler: Avdelingsleiar Solfrid Storum 
FoU-kontakt Høgskulen på Vestlandet: Førsteamanuensis Ingjald Pilskog

Anne-Lise Brandshaug, lærer ved Christi Krybbe skoler har skoleåret 22/23 en 40% stilling i norsk ved institutt for språk, litteratur, mattematikk og tolking.  

Hospitering

Yngvild Bjørlykke og Stine Ravnå skal våren 2023 hospitere ved Christy Krybbe skoler.

FoU-kontaktene si rolle og sine oppgåver

  • Ein fou-kontakt er ein fagtilsett ved HVL som er frikjøpt 170 timer.
  • Fou-kontakten skal vere eit bindeledd mellom lærarutdanningsskulen og dei forskingsmiljøa skulen har samarbeid med eller ønskjer å utvikle samarbeid med.
  • Fou-kontakten skal også bidra til å styrke/bygge forskings- og utviklingskultur på den enkelte skule og vidareutvikle partnerskapet mellom skulen og Fakultet for lærartutdanning, kultur og idrett.

 

FoU-samarbeid

Latacme 

Prosjektet undersøkjer lærarstudentar si læring i to obligatoriske matematikkurs i grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn. Det overordna faglege fokuset er på argumentasjon og kritisk matematikk undervisning (AKM) i fleirspråklege klasserom.

Målet er å få innsikt i kva som fremmar og hemmar lærarstudentar i å læra om å undervisa i AKM for elevar i fleirspråklege klasserom på barnetrinnet.

Om LATACME

LATACME har pågått sidan 2018 og er eit eksternt finansiert prosjekt frå Norges forskningsråd (NFR). Bergen kommune har kontrakt med NFR for å støtte lærarar til å delta i prosjektet.

Forskarar tilknytta LATACME samarbeider med lærarar ved Christi Krybbe skole og skal ha utplassert studentar i praksis i tilknytning til prosjektet fram til desember 2022. Det planleggast og så med fortsatt samarbeidet om «Matematikkens dag» ein gong i året. 

Forskergruppen er tilknyttet programmet Bærekraft, medverknad og mangfald

 

SEFAL - Senter for fysisk aktiv læring

SEFAL tilbyr arbeidsplassbaserte kompetansehevingstiltak i FAL (fysisk aktiv læring) både som etterutdanning utan studiepoeng og vidareutdanning på masternivå med 15 studiepoeng.  

Christi Krybbe skoler er ein av 18 skular som samarbeider med SEFAL i skuleåret 2020/21. Kompetansehevingstiltaka i SEFAL-utdanninga er praksisnære, nettbaserte og fleksible, og involverer dei fleste tilsette på skulen. Det er ei sterk dynamisk kopling i utdanningane mellom det faglege (FAL) og det å utvikle lærarane sin pedagogiske praksis (deira profesjonelle profesjonslæringsfellesskap). Utdanningane er bygd opp av fire eller fem modular som har ein naturleg progresjon.

Samarbeidet mellom SEFAL og CKS er for skuleåret 2020/21 og inneber at dei lærarane og andre tilsette som ynskjer det blir studentar i SEFAL sine to utdanningar. SEFAL tilbyr både ein etterutdanning (utan studiepoeng) og ein vidareutdanning (15 studiepoeng på masternivå). Alle tilsette ved CKS er godt i gang med SEFAL-utdanninga.

Saman med ambisiøse skular i heile Norge samskapar vi nye og berekraftige rammer for fysisk aktiv læring der elevane trivst betre og opplev auka motivasjon.


Delte stillingar: Meir info kjem
Hospitering: Meir info kjem.