Rubbestadneset skule

På denne sida kan du lese meir om kva som skjer ved lærarutdanningsskolen Rubbestadneset skule.

Kontaktpersonar

 

FoU-kontakt Høgskulen på Vestlandet: Marit Kulild
Delt stilling: Caroline Gilje, lærar ved Rubbestadneset skule, skal ha delt stilling i norsk knytt til begynneropplæringa, ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking (ISLMT).

FoU-kontaktene si rolle og sine oppgåver

  • Ein fou-kontakt er ein fagtilsett ved HVL som er frikjøpt 170 timer.
  • Fou-kontakten skal vere eit bindeledd mellom lærarutdanningsskulen og dei forskingsmiljøa skulen har samarbeid med eller ønskjer å utvikle samarbeid med.
  • Fou-kontakten skal også bidra til å styrke/bygge forskings- og utviklingskultur på den enkelte skule og vidareutvikle partnerskapet mellom skulen og Fakultet for lærartutdanning, kultur og idrett.

Forskings- og utviklingssamarbeid med Høgskulen på Vestlandet

Innføring i profesjonsretta og praksisrelevant FoU-arbeid gjennom Lesson Study

I dette prosjektet ønskjer me å utforska ein måte å syta for progresjon i praksis på. Praksis er ein sentral del av lærarutdanninga og i overordna del punkt 3.5 av Kunnskapsløftet er profesjonsfellesskap og skuleutvikling løfta fram.

Skolen skal vere ein profesjonsfagleg fellesskap der lærarar, leiarar og andre tilsette reflekterer over felles verdiar, og vurderer og vidareutviklar praksisen sin (Kunnskapsdepartementet, 2017).

Rubbestadneset skule har lang erfaring med å bruka Lesson Study som metode for skuleutvikling, og det var naturleg å byggja på desse erfaringane i arbeidet med å planleggja ei innføring i profesjonsretta og praksisrelevant FoU-arbeid for 5. årsstudentar. Me vil prøva å oppnå dette ved at studentane samarbeider med praksislærarar og faglærarar frå HVL i å nytta Lesson Study som metode for å nå måla i emneplanen for praksis i GLU 5.

Bakgrunn: Etter praksisperioden hausten 2022 for 5. årsstudentane, konkluderte praksislærarane og leiinga ved skulen med at det var eit gap mellom læringsutbyteformuleringane i praksisplanane MGBPR501 og MGUPR501 og den undervisninga/opplæringa studentane hadde fått. Dette ønska skulen å gjera noko med. I samarbeid med FOU-kontakten starta skisseringa av alternativ praksis.

Om piloten: I organiseringa er heilskap og samanheng mellom praksisfeltet, studentar og faglærarar ivareteke. Praksisperioden i 9. semester er 15 dagar. I piloten legg ein dette til grunn, men dei 15 dagane er organiserte slik at det skal vera rom for å gjennomføra ein Lesson Study-syklus med dei fire fasane; planlegging, gjennomføring, evaluering og deling. Organiseringa og den planlagde gjennomføringa ligg tett opp til det Fagleg råd for lærarutdanning 2025 tilrår: - å styrkje profesjonsrettinga og forskingsbaseringa i studentane sitt arbeid med oppgåver gjennom meir systematisk samarbeid mellom lærarutdanningsinstitusjonane og praksisfeltet (Fagleg råd for lærarutdanning 2025 (2022, s. 5 og s. 35).

Studentar: Piloten var presentert på ei samling for GLU 4 studentane i mars 2023 (både 1-7 og 5-10). Åtte studentar melde seg som interesserte til å delta i prosjektet. Sju studentar er med i prosjektet og dei har fordelt seg på to praksisgrupper. Her var det gitt rom for studentane sine innspel og ønskje.

Praksislærarar: Rubbestadneset skule legg til rette for at det er to praksislærarar med som rettleiarar i kvar av praksisgruppene. Piloten startar opp i august og er tenkt sluttført i veke 40, haust 2023. To av studentane ser for seg å samla inn forskingsdata frå Lesson Study-syklusen til masteroppgåvene sine. Det er og planlagt fleire fagartiklar som frå ulike synsvinklar skal dokumentera dette FoU-prosjektet. I desse dagar vert det søkt Sikt-godkjenning for prosjektet.

Besøk på Rubbestadneset skule

Tirsdag 13.09.22 møtte Ruth Leitch, professor ved The Queen’s University Belfast lærere ved Rubbestadneset skole. Leitch holdt en forelesning for skolens personale om barns rett til medvirkning og om det å involvere studenter og elever i skoleutviklingstiltak.

Fra venstre: Bjørn Håvard Bjørklund, kommunalsjef for oppvekst, kultur og idreett i Bømlo kommune, førstelektor Marit Kulild fra Høgskulen på Vestlandet, professor Ruth Leicht fra Queen’s University Belfast, Tone Baugstø, rektor ved Rubbestadneset skole og Geir Holme, inspektør ved Rubbestadneset skole.