Sei ifrå om læringsmiljøet

Som student skal du ha eit trygt og engasjerande læringsmiljø. Vi er avhengige av tilbakemeldingar for å kunne bli betre.

Vi vil gjerne at du gir tilbakemeldingar via studenttillitsvald, Studenttinget eller brukar meldingssystemet under. 

 

Kven kan seie ifrå?

Alle studentar ved HVL oppmodast til å seie ifrå om forhold som kan bli betre. For å seie ifrå, kan du ta kontakt med studenttillitsvald, Studenttinget eller nytte meldingssystemet på denne nettsida. I meldingssystemet kan du også varsle om alvorlege hendingar og tilhøve.

Kva skjer når eg seier ifrå?

Om du seier ifrå om forhald knytt til bygg, rom og inneklima, vil en tilsett i servicetorget melde saka di vidare til driftsavdelinga. Dei tar stilling til din tilbakemelding og løyser han om mogleg. 

Om du seier ifrå om undervisning, læringsmiljø og utdanningskvalitet, vil den tilsette som behandlar meldinga di sende ho vidare til ansvarleg leiar. Mottakaren behandlar saka så fort som mogleg. Du får tilbakemelding på e-post når saka di er ferdig behandla. 

Om du seier ifrå anonymt om undervisning, læringsmiljø og utdanningskvalitet, vil den tilsette som behandlar meldinga di sende ho vidare til ansvarleg leiar. Mottakaren behandlar saka så fort som mogleg. Du vil ikkje få tilbakemelding på korleis saka di vert løyst. 

Om du seier ifrå om helse, miljø og sikkerheit, kan du lese meir om oppfølging på nettsida om helse, miljø og sikkerheit.

Om du varslar om alvorlege hendingar og tilhøve, vil varselet bli tatt hand om av ansvarleg leiar. HVL tek kontakt med den eller dei som har varsla for å få utdjupa kva som har skjedd. HVL tek også kontakt med den eller dei som evt er skulda for det som har skjedd, for å høyre deira versjon. Høgskulen kan reagere overfor tilsette og studentar HVL meiner har brote regelverk eller opptredd på ein ikkje akseptabel måte. Det er universitets- og høgskuleloven og statsansatteloven (for tilsette) som set rammer for kva reaksjonen kan bli.

Kva skjer om eg seier ifrå anonymt?

Den tilsette som behandlar meldinga di, vil sende ho vidare til ansvarleg leiar. Mottakaren behandlar saka så fort som mogleg

Om du seier ifrå anonymt, vil du ikkje få tilbakemelding på korleis saka di vert løyst. Dette fordi HVL sine tilsette ikkje har tilgang til dine personlege opplysningar, eksempelvis din e-post-adresse. Om du ynskjer tilbakemelding på saka di, kan du bruke skjema med innlogging, men du vil da ikkje vere anonym.

Om du ønskjer å diskutere saka di med nokon før du seier ifrå anonymt, kan du ta kontakt med Studentombodet eller studentrådgivinga. Dei har teieplikt. 

Kva er forskjellen på å seie ifrå og å varsle?

Varsling er meir alvorleg og omfattande enn Sei ifrå-meldingar. 

Medan varsling handlar om brot på lovverk, regelverk og etiske normer, skal Sei ifrå-meldingar gi HVL tilbakemelding om forhold ved studiekvardagen eller studiestaden som er bra eller som kan bli betre. 

Er du i tvil om du skal seie ifrå eller varsle, kan du ta kontakt med Studentombodet eller studentrådgivinga for rettleiing.

Eg vil prate med nokon før eg seier ifrå/varslar

Om du er i tvil om du skal sei ifrå/varsle, eller ønskjer å prate med nokon om dine opplevingar, kan du ta kontakt med studentombodet eller studentrådgivinga. Dei har teieplikt.