Eksamensdato og tidspunkt for eksamen

Eksamensdatoane får du vite etter at du har semesterregistrert deg eller seinast to veker før eksamen. Du finn dei på Studentweb under «Kommande hendingar» eller «Aktive emne». Det kan komme endringar i eksamensdato, og du er sjølv ansvarleg for å halde deg oppdatert.

  • Eksamensdatoar for ordinære skuleeksamenar blir lagt ut i Studentweb innan 15. januar for vårsemesteret, og 15. august for haustsemesteret.
  • Eksamensplanen blir laga med utgangspunkt i ordinær studieprogresjon for kullet. Høgskulen er difor ikkje ansvarleg for kollisjonar mellom eksamenar for studentar som vel eit anna studieløp enn det ordinære eller for studentar som har fleire studierettar.
  • Oppmøte til alle skuleeksamenar er 20 minutt før eksamensstart. Eksamen startar som hovudregel klokka 09.00. Du finn eksamenstidspunkt i Studentweb.
  • Hugs å ta med gyldig legitimasjon med bilde til eksamen, til dømes førarkort, bankkort, nasjonalt ID-kort eller pass. Merk at studentkort og studentbevisappen ikkje er rekna som gyldig legitimasjon.