Eksamensresultat

Sensuren er klar tre veker etter eksamen. For masteroppgåver er sensuren klar seinast 6 veker etter innlevering. Dersom sensurfristen fell på ein annan dag enn kvardag, blir sensurfristen forlengd til næraste kvardag.

Du finn resultata dine i Studentweb under «Resultat».

Vurderingsuttrykket er bestått/ikkje bestått vurdering eller gradert karakter frå A til E for bestått vurdering og F for ikkje bestått vurdering. Universitets- og høgskolerådet sine kvalitative forklaringar gjeld for dei ulike karaktertrinna.

Sjå den graderte bokstavkarakterskalaen vi brukar og Universitets- og høgskolerådet sine retningslinjer for vurderingsuttrykket bestått/ikkje bestått. Bestått resultat med ugradert vurderingsuttrykk vil seie at studenten har nådd læringsutbytet i emnet.

Informasjon om kva vurderingsuttrykk som gjeld for eksamen i dine emne finn du i emneplanen.

Karakterkalkulator

Om emnet ditt har fleire deleksamenar, kan du rekne ut kva totalkarakter du vil få i emnet, ved å fylle inn karakterane frå deleksamenane i karakterkalkulatoren. Du må vite kva vekting dei ulike deleksamenane har. Ofte har eit emne to deleksamenar der kvar del tel 50 % av totalkarakteren, men fordelinga kan og vere ei anna. Det kan og vere meir enn to deleksamenar. Sjekk emnesida til ditt emne for å finne ut kva vekting dei ulike deleksamenane har i ditt emne.

Alle deleksamenar må vere bestått for at du skal få bestått emnet.