Retningslinjer for honorar til ekstern sensor

Godtgjersle vert utbetalt til oppnemnde sensorar som ikkje er tilsett ved HVL (eksterne sensorar) i samsvar med KUF-rundskriv F-65-99 av 08.09.99.

Desse retningslinjene gjeld frå 1. november 2023.

Løn og grunnhonorar

  • Timeløn til eksterne sensorar vert rekna ut frå årsløn tilsvarande lønssteg 66. Dei som har høgare lønssteg enn dette kan levere dokumentasjon (lønsslipp) og få løn deretter, men likevel ikkje høgare enn tilsvarande lønssteg 76.
  • Timeløn vert rekna ut slik: Årslønn etter trekk for OU (opplærings- og utviklingstiltaksmidlar 400 kr)/1950 timer.
  • Så lenge det ikkje står noko anna vert det gjeve eit grunnhonorar på to timar pr. sensoroppdrag/-oppnemning uavhengig av talet på kandidatar. Det vert i utgangspunktet berre betalt grunnhonorar dersom det er minst éin kandidat som leverer eksamenssvar.
  • I særskilde tilfelle kan grunnhonoraret vere meir enn to timar. Dette skal i så fall vere avklart på førehand.
  • Det samla sensorhonoraret skal i tillegg til sensurarbeidet, dekke sensor sine førebuingar (t.d. oppgåvekonsulent) og sensor sitt etterarbeid (t.d. samsensur og grunngjeving).

Utrekning av tid

Utrekning av tid ved bruk av vurderingsformer som ikkje er særskilt omtala her, vert gjort ut i frå den tida som faktisk er nytta på eksamensstaden/i vurderingsarbeidet i tillegg til grunnhonorar. Dette inkluderer praktisk eksamen og mappevurdering.

Skuleeksamen og kort heimeeksamen

Eksamenslengd: 

  • 2 timar eller mindre
    • 0,5 time pr. svar
  • 3 eller 4 timar
    • 0,7 time pr. svar
  • 5 timar
    • 0,9 time pr. svar
  • 6 timar eller meir
    • 1,1 time pr. svar

Heimeeksamen (12 timar eller meir)

  • Til og med 3500 ord
    • 1,1 time pr. svar
  • 3501 til 8000 ord
    • 2,1 timar pr. svar
  • Meir enn 8000 ord
    • 3,1 timar pr. svar
  • Korte heimeeksamenar (mindre enn 12 timar) er løna etter satsane for skuleeksamen (fana ovanfor). 

Munnleg eksamen

0,75 time pr. eksamen

Master- og bacheloroppgåver

Sensoroppdrag i samband med master- og bacheloroppgåver får ikkje grunnhonorar for sensur av den skriftlige oppgåva. Her omfattar dei følgjande satsane både førearbeid og etterarbeid,

Eventuell justerande munnleg eksamen vert godtgjort etter same satsar som annan munnleg eksamen i tillegg til satsane nedanfor (sjå om munnleg eksamen i fane ovanfor).

Bacheloroppgåver

2 timar pr. student pr. oppgåve, minimum 3 timar pr. oppgåve.

Masteroppgåver

  • Til og med 30 studiepoeng og 1 student pr. oppgåve
    • 10 timar pr. oppgåve
  • Til og med 45 studiepoeng og 1 student pr. oppgåve
    • 11 timar pr. oppgåve
  • Til og med 60 studiepoeng og 1 student pr. oppgåve
    • 12 timar pr. oppgåve
  • Til og med 30 studiepoeng og 2 eller fleire studentar pr. oppgåve
    • 13 timar pr. oppgåve
  • Til og med 45 studiepoeng og 2 eller fleire studentar pr. oppgåve
    • 14,3 timar pr. oppgåve
  • Til og med 60 studiepoeng og 2 eller fleire studentar pr. oppgåve
    • 15,6 timar pr. oppgåve

Andre skriftlege oppgåver (ikkje mappevurdering)

Dersom det er 1 student pr. oppgåve: 

  • Til og med 5 studiepoeng
    • 1 time pr. oppgåve
  • Til og med 10 studiepoeng
    • 2 timar pr. oppgåve
  • Til og med 15 studiepoeng
    • 3 timar pr. oppgåve
  • Til og med 20 studiepoeng
    • 4 timar pr. oppgåve
  • Til og med 25 studiepoeng
    • 5 timar pr. oppgåve
  • Til og med 30 studiepoeng
    • 6 timar pr. oppgåve
  • Til og med 45 studiepoeng
    • 7 timar pr. oppgåve
  • Til og med 60 studiepoeng            
    • 8 timar pr. oppgåve

Dersom det er 2 eller fleire studentar pr. oppgåve: 

  • Til og med 5 studiepoeng
    • 1,3 time pr. oppgåve
  • Til og med 10 studiepoeng
    • 2,6 timar pr. oppgåve
  • Til og med 15 studiepoeng
    • 3,9 timar pr. oppgåve
  • Til og med 20 studiepoeng
    • 5,2 timar pr. oppgåve
  • Til og med 25 studiepoeng
    • 6,5 timar pr. oppgåve
  • Til og med 30 studiepoeng
    • 7,8 timar pr. oppgåve
  • Til og med 45 studiepoeng
    • 9,1 timar pr. oppgåve
  • Til og med 60 studiepoeng            
    • 10,4 timar pr. oppgåve

Klagesensur

Grunnhonoraret for klagesensur er fire timar. Elles gjeld dei vanleg satsane for den aktuelle vurderingsforma. Dette gjeld også ved klagesensur på bachelor- og masteroppgåver, sjølv om desse til vanleg ikkje har grunnhonorar.

Eksterne sensorar får eit digitalt honorarskjema til signering. Meir informasjon om sensorkontrakt og honorarskjema

For meir informasjon om oppnemning og kvalifikasjonskrav til ekstern sensor sjå kapittel 13 i forskrift om studium og eksamen ved HVL