Tilgangar til Canvas, Fagpersonweb og Sensorportalen

Har du emnet på arbeidsplanen din og skal ha tilgang til emnet i både Canvas og Fagpersonweb skal du registrerast i FS-databasen. Emneansvarleg skal ha tilgang til emnet i Sensorportalen også.

Emneansvarleg

Som emneansvarleg skal du ha tilgang til Canvas, Fagpersonweb og Sensorportalen.

Kven som er emneansvarleg i eit emne står på emnesidene på hvl.no.

Oppdatering og endring av emneansvarleg skjer i EpN i samband med revisjon av emneplanane. Skjer det endringar utanom dette, kan du ta kontakt med fshjelp@hvl.no.

Faglærar

Viss du har emnet på arbeidsplanen din (men ikkje er emneansvarleg) skal du ha tilgang til heile eller delar av emnet i Canvas og Fagpersonweb. Ved feil eller manglar, kan du kontakte arealforvaltning@hvl.no. Hugs å oppgje namn, fødselsdato, emnekode, termin og ev. rom i Canvas. Er du nytilsett må du også oppgje HVL-brukarnamn og stillingsprosent.

Som faglærar får du ikkje tilgang til Sensorportalen. Du må kontakte emneansvarleg som kan melde inn sensurfordeling (viss det er fleire faglærarar involvert) samt sensorkommisjonar for deg.  

Viss du har mindre enn 20 % stilling vil du berre få tilgang til Canvas. Det får du ved å melde namn, HVL-brukarnamn, stillingsprosent og emne/studieprogram til canvas@hvl.no

Andre interesserte

Har du ikkje emnet på arbeidsplanen din, men ønsker likevel tilgang til emnet i Canvas? Ta kontakt med emneansvarleg for emnet, som kan legge deg til direkte i Canvas.

Meir informasjon

For utfyllande informasjon, sjå Canvas, Fagpersonweb og Sensorportalen