Innlevering av heimeeksamen og oppgåver

Her finn du informasjon om innlevering av heimeeksamen og oppgåver.

Eksamenssystemet WISEflow blir brukt til alle heimeeksamenar og innleveringar ved HVL. Rettleiingar til semesteroppgåver, prosjektoppgåver og liknande får du av faglærar i Canvas.  

Heimeeksamen kan gjennomførast som ei opplasting av filer (PDF, video, bilete eller andre) (FLOWassign eller FLOWhandin) eller som ein fleirvalsprøve (FLOWmulti) med ulike typar oppgåver.

Logg på WISEflow

 

Som student loggar du inn med HVL Feide

Meir informasjon om bachelor- og masteroppgåver finn du på eigne sider.

Krav til utstyr ved heimeeksamen. 

Alle innleveringseksamenar står oppført i Studentweb med ein uttaksdato og ein innleveringsdato.

Uttaksdato

For vurderingsforma heimeeksamen er uttaksdatoen det tidspunktet oppgåvesettet vert tilgjengeleg for deg i WISEflow.

For andre vurderingsformer som mappe, semesteroppgåve, bacheloroppgåve og andre arbeid som skal leverast i WISEflow vil uttaksdatoen vere tidspunktet for kva tid innleveringa vert tilgjengelig og aktiv i WISEflow og du kan levere inn oppgåva di når du er klar.

Innleveringsfrist

Fristen for å levere eksamen er absolutt, så planlegg tida di godt slik at du får levert i tide. Start difor innleveringa i god tid før innleveringsfristen.

Dersom du har tekniske problem i ein innleveringssituasjon, er det viktig at du gjer følgjande:

  • Send eksamenssvaret ditt som eit vedlegg til eksamen@hvl.no før innleveringsfristen går ut.
  • Om du ikkje klarar å legge ved eksamenssvaret ditt, send oss ei forklaring av kva innleveringsproblem du opplever.

Du ser fristen for innlevering i WISEflow. Vanlegvis er fristen kl. 14.00, men kan i nokre tilfelle være eit anna tidspunkt så sjekk alltid kva som gjeld for deg. 

Slik leverer du i WISEflow

Når du leverer oppgåva i WISEflow blir det automatisk laga ei framside (omslag). Denne inneheld dato, emnenamn, kandidatnummer og eventuell anna informasjon. Fyll eventuelt inn det som er nødvendig for å få levert oppgåva, til dømes tal ord.

Dokumentet du leverer inn skal ha topp- eller bunntekst med følgjande informasjon: Emnekode, kandidatnummer og dato for innleveringsfrist. Denne informasjonen finn du i Studentweb

På heimeeksamenar og oppgåver (FLOWassign) er det krav om at du lastar opp oppgåva di som ei PDF-fil. 

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

 

Ein kan finne ein demoeksamen (demoflow) nedst på startsida i WISEflow. Vi tilrår at du gjennomfører ein slik demoeksamen før du skal ha eksamen digitalt. Ein kan opne den så mange gonger ein vil. På heimeeksamen er det FLOWassign og FLOWmulti- Avansert som er dei aktuelle prøvetypane.

Logg på WISEflow

 

Vi anbefaler å bruke dei to seinaste versjonane av nettlesarane Google Chrome, Mozilla Firefox eller Safari. 

Tal ord

På omslaget i WISEflow skal du ofte ved innlevering fylle inn tal ord. Dersom du ikkje har fått anna informasjon frå faglærar skal du telje tal ord i sjølve oppgåva. Tittelside, innhaldsliste, samandrag, referanseliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg og skal ikkje reknast med.

Eigenerklæring

Avkryssing på eigenerklæringa er påkrevd for å få lov til å levere i WISEflow

Ved å krysse av boksen, stadfestar du at du har gjort deg kjent med forskrift for studium og eksamen og retningslinjene om handsaming av fusk ved HVL.

Om å skrive og referere

Når du skal skrive oppgåve, anbefaler vi deg å sjå på biblioteket sine nettsider om å skrive og referere. 

I emneplanane står det kva krav som gjeld for oppgåveskriving for det enkelte emnet.

Forbetra versjon av mappevurdering

Ved mappevurdering kan det leverast ein forbetra versjon når denne ikkje er bestått. Det er berre høve til å levere forbetra versjon av bestått mappevurdering dersom det står i emneplanen.

Emneplanen kan stille krav til at forbetra versjon berre kan leverast i semester med undervisning i emnet. Studenten har ikkje krav på ny rettleiing.

Retningslinjer for heimeeksamen og oppgåver

Skal du samle inn personopplysningar i samband med oppgåveskriving, må du følgje HVL sine forskingsetiske retningslinjer for registrering og handtering av personopplysningar. 

Om du studerer ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, finn du tekniske retningslinjer for oppgåveskriving her. 

Heimeeksamen er individuell så lenge det ikkje står noko anna i emneplanen eller på eksamensoppgåva. Det betyr at den enkelte student skal levere sitt eige sjølvstendige arbeid. Det gjeld også dersom det er lov å samarbeide under eksamen.

Eksamen blir arrangert utan tilsyn, med fastsett tid for utlevering av oppgåve og innleveringsfrist. Varigheita av eksamen skal gå fram av emneplanen. Ein eksamensdag svarar til ein kalenderdag, uavhengig av timetalet studenten arbeider den aktuelle dagen. Perioden for heimeeksamen kan inkludere andre dagar enn kvardagar.

På ein heimeeksamen og når ein skriv oppgåver har ein alle hjelpemiddel tilgjengeleg. Det er likevel viktig at du er merksam på dei reglane som då gjeld, slik at du unngår mistanke om fusk og plagiat.

Når du viser til eller gjengir stoff frå pensumbøker, andre bøker, tidsskriftartiklar, eigne eller andre sine oppgåver, offentlege publikasjonar, nettsider eller andre kjelder, må du markere dette i eksamenssvaret ditt. Vis kort til kjelda i teksten. I tillegg skal du ha heile referansen i ei kjeldeliste til slutt i oppgåva, og denne skal vere alfabetisk. Vi tilrår at du les biblioteket sine nettsider om god kjeldebruk når du skriv oppgåve.

Ved korte heimeeksamener på ein dag er det ikkje forventa at du brukar mykje tid på å skrive utfyllande kjeldetilvisingar. Ved bruk av skriftlege kjelder er det likevel viktig at du viser til kjelda og føl retningslinjene som er gitt av faglærar. Dersom anna instruks ikkje er gitt, er det nok å skrive t.d. Per Knudsen, 2019 s. 45 som kjeldetilvising. Alle kjelder skal gå frem av ei litteraturliste avslutningsvis.

Det er viktig at arbeidet som blir levert er ditt eige sjølvstendige arbeid. Dersom arbeidet er nokon andre sitt er det viktig at det går tydeleg fram av tekst og litteraturliste, elles kan det reknast som plagiat/forsøk på plagiat.

Alle heimeeksamenar og oppgåver blir sendt til tekstgjenkjenningsprogrammet Ouriginal

Vi gjer særskilt merksame på HVL sine retningslinjer for handsaming av fusk.

 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan. Du kan også sjekke om du finn svaret hjå Mime, den virtuelle assistenten som du finn nede til høgre på sida.

Fyll ut kontaktskjema