Kandidatnummer

Under «Komande hendingar» og «Aktive emne» i Studentweb finn du kandidatnummeret ditt. Dette er erstatning for namnet ditt på eksamensoppgåva, og sikrar at oppgåva blir sensurert anonymt. Du får nytt kandidatnummer til kvar eksamen, og det vil vere tilgjengeleg seinast ei veke før eksamen.

På skuleeksamenar som er arrangert i WISEflow treng du ikkje sjølv skrive inn kandidatnummeret ditt. WISEflow knyttar automatisk svaret ditt til kandidatnummeret ditt.

Dersom du skal levere eksamen som ei fil i WISEflow bør du likevel skrive inn kandidatnummer i topp- eller bunntekst saman med emnekode og dato for innlevering. Slik er det enklare for sensor å halde oversikt dersom han vel å skrive ut fila på papir.