Oppmelding og avmelding til eksamen

Oppmelding til undervisning og eksamen er ein del av semesterregistreringa i Studentweb.

Fristen er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret. For studium med oppstart utanfor ordinær studiestart, er fristen 14 dagar etter oppstart.

  • Er du i gang med studia, kan du semesterregistrere deg for haustsemesteret frå 15. juli, og for vårsemesteret frå 15. desember.
  • Når du godkjenner utdanningsplanen din for gjeldande semester, melder du deg opp til undervisning og eksamen i emna som ligg i planen din.
  • Du finn oppmeldingane dine under «Aktive emne» på Studentweb. Du er sjølv ansvarleg for å sjekke at alle oppmeldingar er på plass, og at dei er korrekte. 
  • Skal du melde deg opp til emne som ikkje ligg i utdanningsplanen din, eller til utdanningar utan utdanningsplan, gjer du dette i Studentweb under «Aktive emne». Der kan du søke opp emnet/emna du skal melde deg opp til.

Sjå eigen informasjon om oppmelding til ny eksamen (kontinuasjonseksamen) her. Merk at det kan vere ulike fristar på ulike fakultet og om ein tar ny eksamen påfølgande semester eller seinare i studieløpet. 

Sjå informasjon om innleveringsfristar for masteroppgåver her

Avmelding

Du kan melde deg av eksamen inntil 14 dagar før eksamensdato. Dette gjer du i Studentweb ved å gå inn på det enkelte emnet i «Aktive emne» og trykke på «trekk frå vurdering».

Informasjon om eksamensforsøk

Eksamen i utgåtte emne

Når eit emne blir lagt ned, og siste ordinære eksamen er gitt, kan det bli arrangert inntil to eksamenar, inkludert ny eksamen, i dei to påfølgjande semestera for studentar som ikkje har bestått resultat

Eit emne utgår når tilhøyrande emnekode ikkje lenger skal brukast. Studentar som oppfyller vilkåra for å gå opp til eksamen i utgått emne må melde seg til eksamen innan 1. september i haustsemesteret eller 1. februar i vårsemesteret. Når det blir arrangert eksamen i utgått emne for desse studentane, kan óg andre studentar med gyldig obligatoriske læringsaktivitetar i emnet melde seg opp til eksamen.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan. Du kan også sjekke om du finn svaret hjå Mime, den virtuelle assistenten som du finn nede til høgre på sida.

Fyll ut kontaktskjema