Programvaresenteret/Firmaportal

For å laste ned programvare til pc så har vi to program ein kan bruke for å gjøre dette så enkelt som mulig. Datamaskiner med Windows 10 bruker programvaresenteret, menst nyere maskiner med Windows 11 bruker firmaportal.

Windows 10

Gjennom programvaresenteret finn du mange program du kan installere sjølv. Det inneheld programvare for ulike oppgåver, ikkje berre faglege. Det inneheld også gode gratisprogram.

Du får tilgang til programvaresenteret ved å trykke på startmenyen og deretter velje "Programvaresenter". Herfrå kan du velje dei programma du vil installere. Trykk på programmet, og deretter vel du "Installer".

Program som ikkje ligg i programvaresenteret

Skal du installere program som ikkje ligg i programvaresenteret, må du ta kontakt med oss på IT for å få det installert.

For at dette skal gå raskest mogleg, er det viktig at du lastar ned installasjonsfila på førehand.

Windows 11

Gjennom firmaportalen finn du mange program du kan installere sjølv. Det inneheld programvare for ulike oppgåver, ikkje berre faglege. Det inneheld også gode gratisprogram.

Du får tilgang til firmaportalen ved å trykke på startmenyen og deretter søke etter "firmaportal", og deretter velje «firmaportal». Herfrå kan du velje dei programma du vil installere. Trykk på programmet, og deretter vel du «Installer».

Program som ikkje ligg i firmaportalen

Skal du installere program som ikkje ligg i firmaportalen, må du ta kontakt med oss på IT for å få det installert.

For at dette skal gå raskest mogleg, er det viktig at du lastar ned installasjonsfila på førehand.