Studentar som sit og jobbar

Studierettleiing, karriererettleiing og studentrådgiving

Studentar som trivst lukkast. HVL er opptatt av å fremje helse, trivsel og fagleg utvikling hos deg som student, og nokre gongar kan det være godt å få hjelp til å navigere i egen studie- og studentkvardag. På denne sida finn du informasjon om ulike rådgivings- og rettleiingstenester du kan nytte deg av. Alle tilboda er gratis.

Studierettleiing

Studierettleiarane våre kan hjelpe deg med spørsmål om utdanningsplanar, permisjon, tilrettelegging av studiesituasjon, utveksling og annan rettleiing i løpet av studietida. Du kan óg få hjelp med innpassing av utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar, gradsoppnåing og vitnemål.

Klikk på fakultetet ditt:

Har du spørsmål om opptak eller eksamen?

Studentrådgiving

Det er heilt vanleg å møte på utfordringar i løpet av studietida. Hos oss kan du snakke om alt frå heimlengsel, stress, einsemd og bekymringar. Studieteknikk, studiemestring og motivasjon er nokre av tema du også kan få hjelp til.

Klikk på campusen din for å finne rådgiver

Karriererettleiing

Er du usikker på studievalet, eller veit du ikkje kva du skal gjere når du er ferdig? Ønsker du gjennomgang av cv og jobbsøknad? Da kan du få hjelp hos en karriererettleiar!

Klikk på campusen din:

Eksterne ressursar

 

Behov for augeblikkeleg hjelp? Ring 113 for akutt helsehjelp. Ring legevakta på 116 117 dersom fastlegen din ikkje er tilgjengeleg og hjelpen ikkje kan vente.