Tre studentar som sit ved bord og jobbar med skulearbeid.

Studentassistent ved HVL

Vil du ha ein relevant jobb ved sidan av studia? Som studentassistent kan du støtte andre studentar i studiekvardagen og utvikle leiareigenskapar i ei lønna stilling ved høgskulen.

Utlysingar studentassistent

Om studentassistentordninga

Ønsker du å bli betre kjent med medstudentar og faga dine? I ei studentassistentleia gruppe vil de få høve til å lære av og med kvarandre i læringsmiljøet på studieprogrammet.

Slik fungerer studentassistentordninga

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

Bli studentassistent ved Høgskulen på Vestlandet

Søknadsprosess

Det er vanleg med søknadsfrist to gongar i året. Sjekk kva som gjeld på ditt fakultet. Etter at du har søkt, vil du bli kontakta dersom du er aktuell for stillinga. Alle vil få tilbakemelding på om dei har fått jobb eller ikkje.

Arbeidsoppgåver for ein studentassistent

Oppgåvene kan variere. Får du jobb på eit av fakulteta, er dette vanlege oppgåver:

  • Planlegge, koordinere og gjennomføre møte med studentgruppa.
  • Støtte studentane i fagleg arbeid.
  • Det kan vere aktuelt med oppgåver knytt til undervisning og ferdigheitslæring.
  • Samarbeide med fagmiljø/institutt/fakultet og/eller med andre studentassistentar.
  • Bidra til at studentane blir betre kjent med kvarandre, og bygge eit godt fagleg og sosialt læringsmiljø.

Opplæring

Du vil få tilbud om opplæring, og du vil bli følgt opp av ein kontaktperson.

Lønsvilkår

Studentassistentar får timeløn. Kva for lønstrinn du får, kjem an på utlysninga. Nokre studentassistentar får lønstrinn 25. Får du jobb som studentassistent ved eit fakultet, er det vanleg å få lønstrinn 35 om du ikkje har fullført bachelorutdanning, og lønstrinn 42 om du har begynt på mastergraden.

Kontrakt

Her finn du informasjon om korleis du signerar arbeidsavtale (dfo.no).

Levering av timelister

Her finn du informasjon om korleis du sender inn/fører timeliste for utbetaling i app (dfo.no).

Her finn du informasjon om korleis du lastar ned DFØ-app (dfo.no).