Vaksine for Hepatitt B

Her finn du informasjon om kvar du skal ta kontakt om du skal vaksinere deg mot hepatitt B.

Du bestiller time hos fastlegen din. 

Når du bestiller time må du opplyse om at konsultasjonen gjeld hepatitt B-vaksinasjon, slik at vaksinen kan bestillast hos Folkehelseinstituttet god tid i førevegen. Sørg for å ta med opptaksbrev som dokumentasjon. 

Du skal ikkje betale for sjølve vaksinen når den blir bestilt frå Folkehelseinstituttet, berre konsultasjonshonoraret til fastlegen.