Medverknad for studentar

Kva kanalar for medverknad og tilbakemelding har studentar ved HVL?

Alle studentar

Alle studentar ved HVL kan medverke og gi tilbakemeldingar gjennom å:

  • delta i klassens time og andre møteforum der heile klassa møter t.d. faglærarar, emneansvarleg eller koordinatorar
  • melde seg som referansegruppemedlem og gi tilbakemeldingar til faglærar/emneansvarleg
  • svare på emneundersøkingar, det nasjonale studiebarometeret og andre studentundersøkingar

I tillegg kan alle studentar nytte Sei ifrå, dersom dei har behov for å gi melde om uønska hendingar eller varsle om alvorlege hendingar.

Studentdemokratiet

Studentdemokratiet representerer studentane overalt der det skjer ting som påverkar studiekvardagen. Dei ulike tillitsvalde har forskjellige ansvarsområde, men alle jobbar saman for studentane ved høgskulen.

Sjå søkbar liste over tillitsvalde her.

  • Studieprogramansvarleg har ansvar for at studentane vel klassetillitsvalde og vararepresentantar for desse på alle kull. Har eit studieprogram fleire studiestader, skal det veljast éin studenttillitsvald per kull på alle studiestadene.
  • Alle studieprogramråd har studentrepresentantar
  • Du kan stille til val som institutt-tillitsvald, fakultetstillitsvald og campustillitsvald.
  • Vi har studentråd for alle fakultet og alle campus
  • Studenttillitsvalde blir inviterte på seminar, diskusjonsforum og andre møtepunkt på fakultets- og institusjonsnivå

Studenttinget på Vestlandet (STVL) er det øvste studentpolitiske organet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Studentane ved HVL er representerte i alle råd, utval og nemnder med mynde til å ta avgjerder på fakultets- og institusjonsnivå i høgskulen. Studenttinget organiserer og vel studentrepresentantar til desse råda og utvala.

Vil du vite meir om studentdemokratiet og korleis det er å vera tillitsvald? Studenttinget har laga ei tillitsvaldhandbok som kan gi deg svar på spørsmåla dine.

Studentsamskipnaden og studentforeiningar

I tillegg til å medverke og gi tilbakemeldingar til HVL, kan studentar også medverke i andre forum som påverkar det heilskaplege læringsmiljøet:

  • På alle fem campus er det aktive studentforeiningar.
  • Saman – Studentsamskipnaden på Vestlandet driv mellom anna treningssenter, barnehagar, helsetenester, bustadar, kafear. I styret har studentane fleirtal og styreleiaren er også ein student.

Meld ifrå når noko ikkje er greitt

Som student skal du ha eit trygt og engasjerande læringsmiljø. Vi er avhengige av tilbakemeldingar for å kunne bli betre, og oppmodar deg til å ta i bruk meldingstenesta vår: Sei ifrå.