Tvil om bestått praksis

Informasjon til studentar ved Fakultet for helse- og sosialvitskap om rutinar ved tvil om praksis er bestått, eller ikkje bestått praksis.

Hvis det er tvil om at du består praksis

Oppstår det tvil om du vil nå måla for læringsutbyttet og bestå praksis, og tvilen oppstår før du er halvvegs i praksisperioden, skal du få skriftleg varsel. 

Varselet skal presisere kva delar av læringsutbyttet du ikkje har oppnådd så langt i praksis. I varselet skal det òg gå fram korleis du kan oppnå og syne oppnådd læringsutbytte for å bestå praksis.

Du skal få tilbod om samtale med praksisstaden og høgskulen der du får svar på spørsmål knytt til varselet og konsekvensar om du ikkje består praksis. Samtalen skal gjennomførast på eit tidspunkt som gjev deg høve til å vise tilfredsstillande praksis, og seinast tre veker før praksisperioden er slutt. Ved praksisperiodar på fem veker eller mindre skal samtalen haldast halvvegs i perioden.

Det skal førast referat frå samtalen, og du får levere merknad til referatet.

Last ned skjema for varsel om fare for ikkje bestått praksisperiode. 

Kontaktlærar ved HVL skal:

  • tilby deg ein samtale med praksisstaden og kontaktlærar når varselet blir gitt utanom midtvurdering
  • sørge for at det blir skrive referat frå samtalen, sjølv om du ikkje møter 
  • informere deg om at du har rett til å sende kommentarar til referatet  direkte til kontaktlærar, med kopi til praksisadministrasjonen ved fakultetet: fhs-praksis@hvl.no
  • sende det skriftlege varselet til praksisadministrasjonen på fhs-praksis@hvl.no, med kopi til fagseksjonsleiar

Praksisrettleiar ved praksisstaden skal:

  • melde frå til kontaktlærar ved HVL på eit tidleg tidspunkt dersom du er i fare for å ikkje bestå praksis, eller vurderast som uskikka for yrket

Praksisadministrasjonen ved HVL skal:

  • sende deg eit formelt brev der det visast til regelverket, saman med det skriftlege varselet frå kontaktlærar

Hvis du ikkje består praksis

Du har rett til ei avsluttande vurdering. 

Når du får praksisen vurdert til ikkje bestått på grunn av ugyldig fråvær eller ikkje bestått praksis, må heile praksisperioden takast om att.

I slike tilfelle må du gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne blir arrangert ordinært. Dette kan få konsekvensar for studieprogresjonen din.

Når du får praksisen vurdert til ikkje bestått på grunn av ugyldig fråvær eller ikkje bestått praksis har du brukt eit forsøk i praksis. Les meir her om talet på forsøk. 

Når du har gyldig fråvær kan høgskulen tilrettelegge for at du får ny eller utsett delar av praksisperioden innanfor same studieår eller neste studieår. Tilrettelegging skal ikkje senke dei faglege krava til praksisen, jf. § 7-2. Sjølv om fråværet er gyldig, kan forseinkinga få konsekvensar for studieprogresjonen din.

Du kan ikkje klage på sluttvurdering i praksis, men du kan klage dersom du meiner det er gjort formelle feil i samband med praksis.

Kontaktlærar ved HVL skal:

  • sikre at praksisstaden sender innstilling til avsluttande vurdering
  • utforme avsluttande vurdering, eventuelt i samarbeid med emneansvarleg eller fagseksjonsleiar
  • invitere deg til eit møte, fysisk eller digitalt, der du får overlevert utfylt vurderingsskjema 
  • sende kopi av utfylt vurderingskjema til praksisadministrasjonen på fhs-praksis@hvl.no
  • be deg laste vurderingsskjema opp Wiseflow. Når praksis er eit arbeidskrav, lastar du vurderingsskjemaet opp i Canvas

Praksisadministrasjonen ved HVL skal:

  • lagre avsluttande vurdering i høgskulen sitt dokumentsystem P360
  • laste opp avsluttande vurering i Wiseflow dersom du ikkje har gjort dette sjølv

 

Forskrifter

Tilfelle der ikkje bestått praksis gis utan varsel på førehand:

Merk særeleg at: 

  • ved §10-8 må den manglande prestasjonen må bli tydeleg etter halve praksisperioden er gjennomført. Dersom prestasjonen/adferden til studenten i første halvdel av praksis kunne ført til varsel, er varsel påkrevd.
  • etter § 10-9 er det kun særleg alvorlege hendingar som utgjer mogleg fare for liv og psykisk/fysisk helse. Tvilsmelding bør vurderast.