Praksis i barnehagelærarutdanning

Informasjonen på denne nettsida utgjer retningslinjer for praksis i barnehagelærarutdanninga. Studentar, praksisfelt og tilsette ved HVL skal gjere seg kjent med innhaldet.

Er du styrar/leiar i barnehagen? 

sida til praksisfeltet finn du ytterlegare info.

Tildeling og fordeling av praksisplass

Heiltid alle campus og deltid Bergen

HVL skaffar praksisplassar

  • HVL har avtalar med faste praksisbarnehagar og praksisadministrasjonen skaffar og fordeler praksisplassar til studentane.
  • Reisetid på inntil 1,5 time kvar veg frå bustad til praksisstad vert rekna som normalt. I nokre av praksisperiodane må studentar rekne med å bu på praksisstaden då avstanden er for stor til å pendle. Studentane skaffar då bustad sjølv. Sjå og reglement for dekking av bu- og reiseutgifter.
  • Studentar kan søke om tilrettelegging av praksis. Eventuell  tilrettelegging av praksis skal ikkje gå ut over faglege krav eller vere urimeleg ressurskrevjande for HVL, og praksis skal også ved tilrettelegging i utgangspunktet gjennomførast i ein barnehage vi har avtale med. Det vert gjort ei samla vurdering av søknadane etter søknadsfrist 1. oktober/1. april.
  • Praksiskoordinator publiserer praksislister i Canvas før kvar praksisperiode. Praksislistene viser kor studentane skal i praksis. 
  • Tilgang til praksisplassar er avhengig av kapasiteten barnehagane har meldt inn.

Slik blir praksisplassane fordelt

Fordeling av praksisplassar skjer ut frå ei heilskapleg vurdering i klassen. Vi tek omsyn til:

  • studentar som har fått innvilga særleg tilrettelegging i praksis.
  • Studenten skal ha variert praksis. Så langt det er mogleg skal studenten gjennom heile studieløpet bli tildelt praksisplass i ulike aldersgrupper, barnehagar med ulik storleik og organisering.
  • Studentane blir tildelt ny praksisplass kvart studieår.

Vi gjer merksam på at:

Det er som hovudregel ikkje anledning til å gjennomføre praksis i barnehagar der studenten er eller har vore tilsett over lengre periodar. Studenten har heller ikkje anledning til å gjennomføre praksis i barnehagar der eigne barn har barnehageplass eller barnehagar der personalet eller barn har nære relasjonar til studenten.

Det vert ikkje teke omsyn til om du har arbeid ved sidan av studiane.

Samlingsbasert deltid Sogndal og arbeidsplassbasert Gol og Haugesund

HVL skaffar praksisplassar

  • Det er høgskulen som skaffar praksisplass til deg.
  • Du får praksisplass i nærleiken av der du bur, om det er godkjent praksisbarnehage som kan ta imot deg i ditt område.
  • Det er ikkje sikkert at praksis kan gjennomførast i eigen kommune, i så fall skaffar vi praksisplass så nærme bustaden som mogleg. 
  • Reisetid på inntil 1,5 time kvar veg frå bustad til praksisstad vert rekna som normalt.

Studentar kan søke om tilrettelegging av praksis. Eventuell  tilrettelegging av praksis skal ikkje gå ut over faglege krav eller vere urimeleg ressurskrevjande for HVL, og praksis skal også ved tilrettelegging i utgangspunktet gjennomførast i ein barnehage vi har avtale med. Det vert gjort ei samla vurdering av søknadane etter søknadsfrist 1. september/1. april.

Praksiskoordinator publiserer praksislister i Canvas før kvar praksisperiode. Praksislistene viser kor studentane skal i praksis. 
Tilgang til praksisplassar er avhengig av kapasiteten barnehagane har meldt inn.

Slik blir praksisplassane fordelt

Fordeling av praksisplassar skjer ut frå ei heilskapleg vurdering i klassen. Vi tek omsyn til:

  • Studentar som har fått innvilga særleg tilrettelegging i praksis.
  • Du skal ha variert praksis. Så langt det er mogleg skal du gjennom heile studieløpet bli tildelt praksisplass i ulike aldersgrupper, barnehagar med ulik storleik og organisering.
  • Praksis første og tredje studieår må gjennomførast i ein ekstern barnehage der du som student ikkje er kjend frå før. Praksis andre og fjerde året kan gjennomførast i eigen barnehage under føresetnad av at der er kvalifiserte praksislærarar.


Førebuing til praksis

Les informasjon og registrer deg til praksis

  • Du må levere gyldig politiattest
  • Du må melde deg opp til praksis og signere teieplikterklæring innan gjeldande frist. Dette gjer du i Studentweb.
  • Sette deg godt inn i informasjon på denne nettsida.
  • Sette deg godt inn i emneplan for praksis for ditt studieår.
  • Om du har behov, må du søke tilrettelegging innan oppgitt frist ut frå funksjonsnedsetting eller særlege behov knytt til gjennomføring av praksis. Søknaden må vere dokumentert frå lege eller annan sakkunnig. Lenke til meir informasjon om tilrettelegging i praksis.

Du skal også gjere deg kjend med innhaldet i studieplanen for di utdanning. Den viser målsettingane for praksisopplæringa og vidare omfang og organisering av praksis i utdanninga:

Her finn du i tillegg nasjonale og lokale føringar for praksis

Lov om universitet og høgskuler

Forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanning

Forskrift om skikkavurdering i høgre utdanning

Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Progresjon i praksis   


Studenten skal oppleve progresjon i praksis, og overordna fokus i praksisperiodane vil utvidast frå år til år.

Fokusområde for praksis i heiltidsutdanninga:

1. studieår: leiing av seg sjølv og barn
2. studieår: leiing av barn og medarbeidarar
3. studieår: leiing av barn og barnehagen

Fokusområde for praksis i deltidsutdanninga:    

1. studieår: leiing av seg sjølv og barn
2. studieår: leiing av barn og medarbeidarar
3. studieår: leiing av barn og barnehagen
4. studieår: vidareutvikling av profesjonsretta kompetanse

Dette bør du tenkje gjennom før praksis startar

Før praksisstart bør du tenke gjennom spørsmåla i lista under og diskutere dei i fellesskap med medstudentar:

  • Har du sett deg grundig nok inn i retningslinjer og emneplan?
  • Korleis kan du bidra til å lage eit godt samarbeidsklima med medstudentar og tilsette i barnehagen?
  • Korleis ser du deg sjølv i rolla som barnehagelærar?
  • Korleis skal du ta ansvar for eiga læring i praksis?
  • Korleis gir og tek du imot tilbakemelding?
  • På kva måte vil du ta opp kritiske problemstillingar?
  • Korleis vil du møte eventuelle samarbeidsproblem i praksisgruppa?
  • Korleis vil du opptre i praksis og korleis representerer du HVL?

Kontakt med praksislærar

Du skal ta kontakt med praksislærar i god tid før praksisstart, for å avklare når du skal møte og kva de skal førebu til praksis. Dette gjeld både haust og vår.

Høgskulen kallar inn til praksisførebuande møter på høgskulen eller i praksisbarnehagen. Informasjon om førebuande møte ligg under Tidspunkt for praksis og møte 2023-2024.

Lever rettleiingsgrunnlag og presentasjonsskriv

Rettleiingsgrunnlag

Seinast ei veke før praksisstart skal du levere eit rettleiingsgrunnlag til praksislærar med kopi til profesjonsrettleiar. Dokumentet skal gi praksislærar mogelegheit til å bli litt kjend med deg. Dette vil saman med læringsutbytta og observasjonane til praksislærar vere med å danne grunnlaget for rettleiinga i praksis.

Dette fyrste rettleiingsgrunnlaget skal innehalde:

  • Personlege opplysningar (namn, adresse, e-postadresse og mobilnummer)
  • Forventningar til komande praksisperiode (meg sjølv, medstudentar, praksislærar, praksisstad)
  • Kva er mitt rettleiingsbehov på grunnlag av vurdering frå førre praksisperiode? (gjeld 2. og 3. studieår)
  • Kva er mitt rettleiingsbehov i forhold til å utvikle meg som leiar?
  • Kva er mitt rettleiingsbehov i forhold til læringsutbytta i denne praksisperioden?

For studentar frå 2. og 3. studieår skal det første rettleiingsgrunnlaget ta utgangspunkt i vurderinga for førre periode.

Presentasjonsskriv

Til oppstart av praksis lagar du ein kort presentasjon av deg sjølv som skal hengast opp i barnehagen:

  • Namn, alder, interesser og kvifor du vil bli barnehagelærar.
  • Gjerne med bilde, slik at foreldra ser kven du er.

Førebu innhaldet i praksis

Student og praksislærar lagar ein plan for perioden med tidfesting av vakter, rettleiing, aktivitetar og oppgåver. Dokumentet skal vere klart til praksisstart, men kan endrast etter behov gjennom praksisperioden.

Tips til korleis vere ein god praksisstudent

 

  • Møt presis i praksisbarnehagen alle praksisdagar.
  • Føl opp arbeid og avtalar du har teke på deg. Det er viktig at alle på praksisstaden kan sjå på deg som ein påliteleg kollega.
  • Ver bevisst på rolla di, barna ser ikkje på deg som student, men som ein vaksen.
  • Rett deg etter reglementet i barnehagen, set deg og inn i dei uskrivne normene og reglane.
  • Skriv gjerne logg, den kan brukast som grunnlag for rettleiing.
  • Ver aktiv i rettleiingsøktene, også når eventuell medstudent får rettleiing.
  • Søk opp nødvendig informasjon sjølv.
  • Ta med deg ein liten ting i lomma som kan hjelpe deg å skape «magiske augneblink».
  • Ver ein fleksibel student som kan handtere kvardagen i barnehagen.

 


Tidspunkt for praksis og møte 2023-2024

Bergen - heiltid

1. studieår (40 praksisdagar):

Hausten 2023: praksis veke 42-45. Førebuande møte i praksisbarnehagen 26. september 13.15-16.00.
Våren 2024: praksis veke 10-12, 14 og måndag i veke 15. 

Fem praksisdagar dette studieåret skal ha fokus på overgangen frå barnehage til skule og SFO.

2. studieår (35 praksisdagar):

Hausten 2023: praksis veke 38-40. Førebuande møte i praksisbarnehagen 5. september 13.15-16.00.
Våren 2024: praksis veke 5-8.

3. studieår (25 praksisdagar):

Haust - praksis veke 38-40:
Førebuande møte 31. august 13.15-16.00 i barnehagane, med ei digital økt. Gjeld desse:

  • Barn, natur og friluftsliv (BNF301)
  • Global Knowledge (GKB301)
  • Kunstfagleg arbeid i barnehagen (KAB301)
  • Leiing og kulturkompetanse i barnehagen (LKB301)
  • Leik og læring for alle (LEK301)
  • Leik, utforsking og overgangen barnehage-skule (LUL301)
  • Pedagogisk leiing av lærande barnehager (PLLB301)

Haust - praksis veke 39-40: 
Førebuande møte 5. september, kl. 14.00-16.00. Gjeld desse:

  • Aesthetic and Outdoor Education (AOE301)

Vår - praksis veke 5-6:

  • Barn, natur og friluftsliv (BNF301)

Vår - praksis veke 7-8:

  • Kunstfagleg arbeid i barnehagen (KAB301, veke 7 er turné, veke 8 er vanleg praksis)
  • Leiing og kulturkompetanse i barnehagen (LKB301)
  • Leik og læring for alle (LEK301)
  • Leik, utforsking og overgangen barnehage-skule (LUL301)
  • Pedagogisk leiing av lærande barnehager (PLLB301)

Vår - praksis veke 15-17 (LSU-int):
Førebuande møte i barnehagane, med ei digital økt, 19. februar kl. 12.30-15.00.
Gjeld desse:

  • Aesthetic and Outdoor Education (AOE301)
  • Kulturforståing og komparativ pedagogikk (KKP301)
  • studentar som har vore på utveksling på hausten

Vår - praksis i utlandet, i samband med reise. Gjeld:

  • Global Knowledge (GKB301)

Bergen - deltid

1. studieår (30 praksisdagar):

Hausten 2023: praksis veke 42-44.
Førebuande møte 28. september 13.15-16.00. Meir info kjem.
Våren 2024: praksis veke 10-12.

2. studieår (30 praksisdagar):

Hausten 2023: praksis veke 38-40.
Førebuande møte 4. september 13.15-16.00. Meir info kjem.
Våren 2024: praksis veke 5-7.

3. studieår(30 praksisdagar):

Hausten 2023: praksis veke 38-40.
Førebuande møte 31. august 13.15-16.00. Meir info kjem.
Våren 2024: praksis veke: 6-8.
Førebuande møte 18. januar 13.15-16.00.

4. studieår (10 praksisdagar):

Hausten 2023: praksis veke 42-43. Studentane vil få moglegheit til å ha praksis på eigen arbeidsplass.
Våren 2024: ingen praksis.

Sogndal - heiltid

1. studieår (40 praksisdagar):

Hausten 2023: praksis veke 46-49 i barnehage.
Førebuande møte 31. oktober 09.15-15.00.
Våren 2024: praksis veke 10-12 i barnehage og veke 15 i grunnskule. Førebuande møte 15. februar 09.15-12.00.

2. studieår (35 praksisdagar):

Hausten 2023: ingen praksis
Våren 2024: praksis veke 3-9 i barnehage.
Førebuande møte 9. januar 09.15-15.00.

3. studieår (25 praksisdagar):

Hausten 2023: praksis veke 42-45.
Førebuande møte 3. oktober 09.15-15.00.
Våren 2024: praksis veke 7.

Våren 2024 for studentar som har vore på utveksling hausten 2023:
Praksis veke 15-17 knytta til LSU-int.
Førebuande møte i barnehagane, med ei digital økt, 19. februar kl. 12.30-15.00.

Sogndal - deltid

1. studieår (30 praksisdagar):

Hausten 2023: ingen praksis
Våren 2024: praksis veke 4-8 i barnehage. Veke 15 praksis i grunnskule.
Førebuande møte 11. januar 09.15-15.00. 

3. studieår (30 praksisdagar):

Hausten 2023: praksis veke 46-48.
Førebuande møte 9. november 09.15-15.00.
Våren 2024: praksis veke 9-11.
Førebuande møte 8. februar 09.15-12.00

Stord - heiltid

1. studieår (40 praksisdagar):

Hausten 2023: praksis veke 40 og 42-44 i barnehage.
Førebuande møte 22. september (studentane kjem ut i barnehagen, med digital økt).
Våren 2024: praksis veke 6-8 i barnehage.
Fokus på overgangen frå barnehage til skule og SFO: 25. april i barnehage og veke 18 (29.-30.april og 2.-3. mai) i grunnskule.
Førebuande møte 29. januar (studentane kjem ut i barnehagen, med digital økt).

2. studieår (35 praksisdagar):

Hausten 2023: praksis veke 48-50.
Førebuande møte 20. november 09.00-12.00 (fysisk på HVL). 
Våren 2024: praksis veke 14-17 og måndag veke 18.
Førebuande møte 13. mars 09.00-12.00 (studentane kjem ut i barnehagane, digital økt 9-10).

3. studieår (25 praksisdagar):

Hausten 2023: praksis veke 45-47.
Førebuande møte 25. oktober 09.00-11.00 (studentane kjem ut i barnehagen, med digital økt).
Våren 2024: praksis veke 11-12.
Førebuande møte 23. februar 09.00-11.00 (studentane kjem ut i barnehagen, med digital økt).

Våren 2024 for studentar som har vore på utveksling hausten 2023:
Praksis veke 15-17 knytta til LSU-int.
Førebuande møte i barnehagane, med ei digital økt, 19. februar kl. 12.30-15.00.

Gol og Haugesund - arbeidsplassbasert

Gol

Kull 2020 (4.år):
Hausten 2023: ingen praksis.
Våren 2024: praksis veke 14-16.
Førebuande møte: ikkje avklart.

Haugesund

Kull 2023 (1.år, 30 praksisdagar):
Hausten 2023
:  praksis veke 49-50.
Førebuande møte 21. november 12.00-15.00.
Våren 2024: praksis veke 2-4 i barnehage og veke 17 i grunnskule.

Kull 2021 (3.år, 30 praksisdagar):
Hausten 2023: praksis veke 46-48.
Førebuande møte 2. november 08.00-10.00.
Våren 2024: praksis veke 15-17.
Førebuande møte 14. mars 08.00-10.00.

Tidspunkt for praksis og møte 2024-2025

Bergen heiltid

1. studieår (40 praksisdagar)

Haust 24: praksis veke 42-45.
Førebuande møte tysdag 24. september, 13.00-15.30.
Vår 25: praksis veke 12-15.

2. studieår (35 praksisdagar)

Haust 24: praksis veke 38-40
Førebuande møte tysdag 3. september, 13.00-15.30.
Vår 25: praksis veke 5-8.

3. studieår (25 praksisdagar)

Haust 24 - praksis veke 42-44:
Førebuande møte mandag 30. september, 13.00-15.30. Gjeld desse:

  • Barn, natur og friluftsliv (BNF301)
  • Kunstfagleg arbeid i barnehagen (KAB301)
  • Leik og læring for alle (LEK301)
  • Lek, utforsking og overgangen barnehage-skule (LUL301)
  • Global Knowledge (GKB301)

Haust 24 - praksis veke 42-43:
Førebuande møte tysdag 1. oktober, 13.00-15.00. Gjeld desse:

  • Aesthetic and Outdoor Education (AOE301)

Vår 25 - praksis veke 10-11. Gjeld desse:

  • Barn, natur og friluftsliv (BNF301)
  • Kunstfagleg arbeid i barnehagen (KAB301)
  • Leik og læring for alle (LEK301)
  • Leik utforsking og overgangen barnehage-skule (LUL301)

Vår 25 - praksis veke 12-14:
Førebuande møte tysdag 4. mars, 13.00-15.30. Gjeld desse:

  • Aesthetic and Outdoor Education (AOE301)
  • Kulturforståelse og interkulturell pedagogikk (KIP301)
  • Studentar som har vore på utveksling hausten 2024. 

Vår 25 - praksis i utlandet i samband med reise. Gjeld:

  • Global Knowledge (GKB301)

 

Bergen deltid

1. studieår (30 praksisdagar)

Haust 24: praksis veke 45-47.
Førebuande møte tysdag 22. oktober, 13.00-15.30.
Vår 25: praksis veke 13-15.

2. studieår (30 praksisdagar)

Haust 24: praksis veke 38-40.
Førebuande møte torsdag 5. september, 13.00-15.30.
Vår 25: praksis veke 6-8.

3. studieår (30 praksisdagar)

Haust 24: praksis veke 42-44.
Førebuande møte mandag 23. september, 13.00-15.30.
Vår 25: praksis veke 10-12.
Førebuande møte tysdag 11. februar, 13.00-15.30.

4. studieår (10 praksisdagar)

Haust 24: praksis veke 42-43.

Sogndal heiltid

1. studieår (40 praksisdagar)

Haust 24: praksis i barnehage veke 46-49.
Førebuande møte tysdag 5. november, 09.15-15.00.
Vår 25: praksis i barnehage veke 10-12. Praksis i grunnskule veke 15.
Førebuande møte torsdag 27. februar, 09.15-12.00. 

2. studieår (35 praksisdagar)

Haust 24: ingen praksis.
Vår 25: praksis i barnehage veke 4-10.
Førebuande møte torsdag 9, januar, 09.15-15.00.

3. studieår (25 praksisdagar)

Haust 24: praksis i barnehage veke 42-45.
Førebuande møte torsdag 3. oktober, 09.15-15.00.
Vår 25: praksis i barnehage veke 7.

 

 

 

Sogndal deltid

1. studieår (30 praksisdagar)

Haust 24: ingen praksis
Vår 25: praksis i barnehage veke 5, 8-9, 12-13. Praksis i grunnskule veke 15.
Førebuande møte tysdag 21. januar, 09.15-15.00.

2. studieår (30 praksisdagar)

Haust 24: praksis i barnehage veke 47, 49-50.
Førebuande møte tysdag 12.november, 09.15-15.00. 
Vår 25: praksis i barnehage veke 9, 11-12. 
Førebuande møte: info kjem seinare.

4. studieår (10 prakissdagar)

Haust 24: praksis i barnehage veke 44.
Vår 25: praksis i barnehage veke 7.

Stord heiltid

1. studieår (40 praksisdagar)

Haust 24:

  • Praksis barnehage veke 40 og 42-44.
  • Praksisførebuande møte fredag 20.september klokka 09:00 - 12:00. (Studentane kjem ut i barnehagen, med digital økt)

Vår 25:

  • Praksis i barnehage veke 4-6 pluss ein dag i veke 17. Praksis i grunnskule veke 18.
  • Praksisførebuande møte onsdag 15.januar klokka 09:00 - 11:00. (Studentane kjem ut i barnehagen, med digital økt)

2. studieår (35 praksisdagar)

Haust 24:

  • Praksis i barnehage veke 48-50.
  • Praksisførebuande møte på HVL måndag 18.november klokka 09:00-12:00.

Vår 25:

  • Praksis i barnehage veke 10-13.
  • Praksisførebuande møte onsdag 19.februar klokka 09:00 - 12:00. (Studentane kjem ut i barnehagen, med digital økt)

3. studieår (25 praksisdagar)

Haust 24:

  • Praksis i barnehage veke 45-47.
  • Praksisførebuande møte onsdag 25.oktober klokka 09:00 - 11:00. (Studentane kjem ut i barnehagen, med digital økt)


Vår 25:

  • Praksis i barnehage veke 14-15.
  • Praksisførebuande møte fredag 21.mars klokka 09:00 - 11:00. (Studentane kjem ut i barnehagen, med digital økt)

Gol og Haugesund arbeidsplassbasert

GOL

Kull 2024 (1. studieår, 30 praksisdagar):

Haust 24:

  • Praksis i barnehage veke 45, 49-50.
  • Praksisførebuande møte torsdag 31.oktober, 09.15-15.00.

Vår 25:

  • Praksis i barnehage veke 4-5. Praksis i grunnskule veke 15.
  • Førebuande møte torsdag 16. januar, 09.15-12.00

HAUGESUND

Kull 2023 (2. studieår, 30 praksisdagar):

Haust 24:.

  • Praksis i barnehage veke 45-46.
  • Praksisførebuande møte tysdag 29.oktober klokka 09:00-12:00. (Studentane kjem ut i barnehagen, med digital økt)

Vår 25:

  • Praksis i barnehage veke 2-3 og 7-8.
  • Praksisførebuande møte tysdag 4.februar klokka 09:00-11:00. (Studentane kjem ut i barnehagen, med digital økt)

Kull 2021 (4. studieår, 10 praksisdagar):

Haust 24: Ingen praksis.

Vår 25:

  • Praksis i barnehage veke 12-13.
  • Praksisførebuande møte torsdag 6.mars klokka 08:00-10:00. (Studentane kjem ut i barnehagen, med digital økt)

 

Emneplanar for praksis 2023-2024

Ansvarsforhold i praksisopplæringa – trepartsamarbeid

Student

Som student i praksis skal du:

  • Ta kontakt med praksislærar i god tid før praksisstart, både i haust- og vårsemesteret.
  • Lage presentasjonsskriv til oppslag i barnehagen
  • Lage ein plan for gjennomføring av praksis saman med praksislærer. Viktige moment kan vere tidfesting og fastsetting av tema for rettleiingssamtaler og gjennomføring av oppgåver.
  • Levere skriftleg rettleiingsgrunnlag før rettleiing, innan fristar avtalt med praksislærar. Alle studentar skal levere eit første rettleiingsgrunnlag til praksislærar med kopi til profesjonsrettleiar innan ei veke før praksis startar. For studentane på 2. og 3. studieår skal det første rettleiingsgrunnlaget ta utgangspunkt i sluttvurderinga for førre praksisperioden.
  • Følgje arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene til praksislærar, inkludert deltaking i møter og barnehage-heim-samarbeid der det er mogleg og hensiktsmessig.
  • Gjennomføre ulike oppgåver gitt av faglærarar og praksislærar.
  • Skrive referat frå rettleiingssamtaler, og gå gjennom det saman med praksislærar.
  • Registrere og søke om eventuelt fråvær i praksis via denne elektronisk lenka.
  • Laste opp skjema med sluttvurdering i Wiseflow.
  • Evaluere praksis etter praksisperioden er fullført.

Praksisfelt

Barnehageleiinga har hovudansvar for:

  • Å legge til rette for at barnehagen kan ta imot studentar og at studentane får oppfølging som innfrir rammene i desse retningslinjene og partnaravtalen.
  • Å lage eit dokument om praksisgjennomføring i barnehagen. Viktige moment kan vere generell informasjon om barnehagen, rutinar og rollefordeling. Dokumentet bør vise korleis ein sikrar at heile barnehagen blir involvert i gjennomføringa av praksis. Dokumentet skal sikre studenten si læring i praksis.
  • Å velje kvalifiserte praksislærarar og legge til rette for at praksislærar har eller kan skaffe seg føreskriven kompetanse i rettleiing.
  • At praksislærar er til stade i praksisperioden og skaffar kvalifisert vikar dersom praksislærar har fråvær i praksisperioden. Praksislærar bør ikkje avvikle ferie eller avspasering i ein praksisperiode.
  • At studentane får innsikt i barnehageleiing, barnehagen som organisasjon, barnehagen sine samarbeidspartnarar, satsingsområde og pedagogiske val m.m.
  • At studenten deltar i kvardagsaktivitetar i barnehagen, men ikkje blir brukt som vikar.
  • At barnehagen er representert på aktuelle samarbeidsmøte.
  • Å sende krav om refusjon til høgskulen innan fastsett frist.
  • Å følge opp evaluering av praksis i samarbeid med høgskulen.

Praksislærar skal:

  • Halde seg oppdatert på gjeldande retningslinjer, studieplan og emneplanar og legge til rette for at studentane får gjennomført oppgåver gitt frå HVL.
  • Lage ein plan for gjennomføring av praksis saman med studenten. Planen skal sikre studenten si læring i praksis. Viktige moment kan vere tidfesting av vakter, fastsetting av tema for rettleiingssamtaler og gjennomføring av aktivitetar og oppgåver. Planen skal vere i tråd med dokumentet om praksis som barnehageleiinga har ansvar for.
  • Kontakte profesjonsrettleiar dersom det er utfordringar med studenten, om studenten står i fare for å få ikkje bestått praksis og ved tvil om studenten er skikka til yrket.
  • Gi studentane rettleiing og vurdering i tråd med gjeldande dokument og retningslinjer. Praksislærar skal halde styrar/dagleg leiar orientert om rettleiings- og vurderingsprosessen.
  • Delta på aktuelle samarbeidsmøte.
  • Ta kontakt med student og profesjonsrettleiar dersom ingen frå barnehagen kan delta på praksisførebuing.
  • Gå gjennom og godkjenne referat frå rettleiing, som studenten har skrive.
  • Dokumentere omfang av samtalar og stikkordsmessig innhald i desse (logg) dersom varsel om fare for ikkje bestått er gitt.
  • Kontakte praksiskoordinator dersom sluttvurderinga blir forseinka.

Høgskulen på Vestlandet

Profesjonsrettleiar ved HVL skal:

  • Leie praksisførebuande møte.
  • Koordinere praksisoppfølginga.
  • Bidra i oppfølging av studenter i praksis.
  • Følgje opp varsel om fare for ikkje bestått praksis, og ved ikkje bestått praksis.
  • Delta i praksisetterarbeid.
  • Bidra i utvikling og evaluering av praksis.
  • Registrere bestått/ikke bestått praksisvurdering i Wiseflow.

Faglærarar ved HVL har ansvar for å:

  • Delta i oppfølging, rettleiing og vurdering, i dialog med profesjonsrettleiar.
  • Delta i relevante samarbeidsforum knytt til praksis.

Praksiskoordinator ved HVL har hovudansvar for å:

  • Vere administrativ kontakt for praksis.
  • Skaffe og fordele praksisplassar.
  • Informere eksternt og internt om praksis i samarbeid med profesjonsrettleiarar og emneansvarlege.
  • Behandle søknader om tilrettelegging og fråvær i praksis.
  • Organisere utsett praksis ved gyldig fråvær og ny praksis i forbindelse med ikkje bestått praksis.
  • arrangere ulike opplærings- og møteforum i samarbeid med profesjonsrettleiarar og studieprogramansvarleg.
  • Ha løpande samarbeid med profesjonsrettleiar og praksisfelt.

Studieprogramleiar og instituttleiing:

  • Har overordna fagleg ansvar for samanheng, heilheit og progresjon i utdanninga.
  • Skal samarbeide med fagleg og administrativt ansvarlege for praksis.


Samarbeid mellom studentar, praksisbarnehagar og HVL

Viktig å vite om samarbeid

Det er viktig at student og praksislærar deltek på møta knytt til praksisgjennomføring for at studenten skal få best mogleg utbyte av praksis. Høgskulen og praksislærarane samarbeider for å utvikle profesjonskompetansen til studentane. For å utvikle god kvalitet på praksisstudiet er det fleire samarbeidsarenaer. Nokre av dei er formalisert nedanfor. I tillegg til desse møta kan høgskulen organisere andre møte om nødvendig. Meir detaljert informasjon ligg under Tidspunkt for praksis og møte.

Informasjonsøkt om praksis for studentar som går 1. studieår

Som førsteårsstudent deltek du på ein obligatorisk informasjonsøkt før praksisstart. På møtet vert du kjend med praksisnettsidene og emneplanane for praksis. Det vert og informert om organisering, vurdering, rettleiing og innhald i praksis. Du får kjennskap til kva du kan forvente å lære i praksis og kva som er forventa av deg når du er i praksis. I tillegg vert det informert om psykisk helse og løpande skikkavurdering. 

Praksisførebuande møte

Det blir arrangert praksisførebuande møte før praksisstart for studentar og praksislærarar. Møtet består av to deler. Fyste del er generell informasjon om rammer, innhald og oppgåver i praksis. Andre del er planlegging av praksis mellom student og praksislærar.

Praksisoppfølging av studentar i praksis

I løpet av praksisperioden får du oppfølging av faglærar/profesjonsrettleiar ved HVL. Praksisoppfølginga kan delvis gjennomførast digitalt og ved fysisk møte i praksisbarnehagen eller på campus.

Samarbeidsmøte i praksisperiodane

Høgskulen, ved profesjonsrettleiar, kan kalle inn aktuelle deltakarar undervegs og/eller etter praksis til samarbeidsmøte. Informasjon om organisering av desse blir gitt på kvar campus.

Kurs for nye praksislærarar

Høgskulen inviterer til kurs i starten av kvart semester. Kurset er retta mot heilt nye praksislærarar og praksislærarar som ikkje har teke imot studentar på mange år. Her får praksislærarane praktisk informasjon og innføring i rettleiing av studentar. 

Fagdagar for praksislærarar på campus

Høgskulen inviterer til ein årleg fagdag for praksislærarane. Denne dagen forventast det som hovudregel at dersom praksislærar har student/ar, overtek dei praksislærar sine arbeidsoppgåver, slik at praksislærarane vert frigjort for å delta. Det må oppnemnast ein person i praksisbarnehagen som studentane kan kontakte dersom det skulle vere nødvendig. Det er viktig at studentane får grundig før- og etterrettleiing for å sikre kvaliteten på praksisgjennomføringa.

Styrarmøte haust og vår

Studieprogramleiar kallar inn til to styrarmøte i løpet av studieåret. I starten av haustsemesteret blir det digitalt informasjons-/dialogmøte på tvers av campus. I løpet av vårsemesteret blir det kalla inn til fysiske, campusvise samarbeidsmøte.

Rettleiing i praksis

Rettleiing i praksis

  • Rettleiinga skal ha fokus på å fremme studenten si læring og kompetanseutvikling, med utgangspunkt i målområda til barnehagen og utdanninga.
  • Studenten skal ha rettleiing gjennom praksisperioden, der målet er å skape samanheng mellom teori og praksis. Rettleiinga skal ha fokus på at studenten får reflektere rundt eigen praksis, den skal vere knytt til læringsutbytteformuleringane i emneplan for praksis og sikre progresjon for kvar enkelt student.
  • Tidspunkt for rettleiing skal planleggast i forkant av praksisperioden. Praksislærar har ansvar for at dette blir følgt opp.  
  • Praksislærar har ansvar for at kvar student får gjennomsnittleg 1,5 time rettleiing i veka. Rettleiinga kan organiserast i gruppe, parvis eller individuelt, med ein eller fleire praksislærarar. Undervegs- og sluttvurderingssamtaler skal likevel alltid gjennomførast individuelt.
  • Studenten skal levere skriftleg rettleiingsgrunnlag før kvar rettleiing, innan fristar avtalt med praksislærar. Praksislærar kan avlyse rettleiing om det ikkje er levert rettleiingsgrunnlag.
  • Utgangspunkt for rettleiing kan være forventningsavklaringar, logg, praksisfortellingar, planleggingsdokument, refleksjonsdokument m.m.
  • Studenten skal skrive referat frå all planlagt rettleiing. Praksislærar og student skal signere ferdig referat for å sikre ei felles oppfatning av innhaldet i samtala.

Vurdering av praksis

Om vurdering og innlevering av vurderingsskjema

  • Praksis blir vurdert til bestått / ikkje bestått. Alle dagar må være gjennomført før studenten får si sluttvurdering.
  • Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarolla. Aktuell tematikk og læringsutbytte er beskrivne i studieplan og i emneplan for praksis for kvart enkelt studieår.
  • Studenten skal også vurderast ut frå forskrift om skikkavurdering, sjå eige punkt.
  • Alle studentar har krav på løpande vurdering gjennom praksisperioden. Omtrent midtvegs i perioden vert det gjennomført ein individuell samtale, der utfylt skjema for undervegsvurdering vert gjennomgått.
  • Samtale knytt til undervegsvurdering skal ta utgangspunkt i gjeldande vurderingsskjema og studenten si måloppnåing så langt i perioden.
  • I praksisperiodar som er 3 veker eller kortare, gjennomførast undervegsvurderinga som hovudregel berre munnleg.
  • Dersom det er tvil om at studenten vil nå måla for praksisperioden, skal studenten ha varsel om fare for ikkje bestått praksis, jf. forskrift om studium og eksamen, §10-7.
  • Praksislærar pliktar å ha rutinar for å oppbevare dokument (rettleiingsgrunnlag, referat, undervegsvurdering, m.m.) ut studieåret. Dette må gjerast i tråd med personopplysningsloven (GDPR).
  • Dersom ein student ikkje innfrir måla for praksis, skal perioden vurderast til ikkje bestått.
  • Ein student kan få praksisperioden vurdert til ikkje bestått utan varsel, jf. forskrift om studium og eksamen, §10-8.
  • Når alle praksisdagar er gjennomført skal praksislærar gå gjennom skriftleg sluttvurdering med studenten i ein individuell samtale. Praksislærar fyller ut vurderingsskjema så konkret som mogleg. Skjemaet skal vere eit dokument som studenten kan bruke til læring og utvikling vidare i studiet. Studenten skal signere på at han/ho er gjort kjent med innhaldet i vurderingsskjemaet.
  • Alt arbeid knytt til vurdering av praksis er meint for intern bruk i utdanninga.
  • Dersom ein student avbryt eller av andre årsaker ikkje gjennomfører praksisperioden etter undervegsvurdering er gitt, sender praksislærar undervegsvurderinga inn til høgskulen, etter avtale med aktuell praksiskoordinator.
  • Studenten lastar opp signert vurderingsskjema i Wiseflow innan oppgitt frist. Dersom studenten ikkje leverer innan fristen, kan praksisperioden bli registrert som ikkje bestått.

Studenten kan ikkje bruke praksislærar som referanse, eller vurderingsskjemaet som attest, ved jobbsøking.

Varsel om fare for ikkje bestått

Ved fare for ikkje bestått praksis skal praksislærar fylle ut skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis". Dette skal skje så tidleg som mogleg og seinast halvvegs i praksisperioden. Deretter vert studenten kalla inn til rettleiingssamtale der praksislærar går gjennom kva som må forbetrast for å bestå praksis. 

Når ein student får varsel om fare for ikkje bestått, må følgande alltid gjerast:

  • Praksislærar informerer profesjonsrettleiar og dei held kontakt gjennom resten av praksisperioden. Praksislærar informerer også styrar.
  • Praksislærar informerer studenten om varselet i ein individuell samtale.
  • Praksislærar fyller ut skjema «varsel om fare for ikkje bestått praksis», og sender skjemaet inn til høgskulen etter avtale med aktuell praksiskoordinator. Student og praksislærar skal ha kvar sin kopi.
  • Dersom varsel blir gitt etter halvvegs praksisperiode må det komme tydeleg fram kvifor varselet kjem så seint.

Skjema - Varsel fare for ikke bestått praksis-bokmål

Skjema - Varsel om fare for ikkje bestått praksis-nynorsk

Ikkje bestått praksis

Når ein student får perioden vurdert til ikkje bestått, må følgande gjerast:

  • Praksislærar informerer profesjonsrettleiar før sluttvurderingssamtale med student.
  • Praksislærar fyller ut skjema for sluttvurdering. I skjemaet må det utdjupast kva som er konkret grunngjeving for vurderinga ikkje bestått.
  • Praksislærar skal også vurdere om det er grunnlag for tvil om studenten er skikka for komande yrke.
  • Studenten skal få informasjon om vurderinga i ein individuell samtale.
  • Praksislærar sender undervegsvurdering og sluttvurdering til høgskulen, etter avtale med aktuell praksiskoordinator.
  • Praksiskoordinator ved høgskulen sender ut brev til studenten med informasjon om konsekvensar av ikkje bestått praksis.
  • Studenten vil få tilbod om ein oppfølgingssamtale hos studieadministrasjonen ved høgskulen etter at praksisperioden er avslutta.

Nytt forsøk etter ikkje bestått praksis

  • Når ein praksisperiode blir vurdert til ikkje bestått, må heile perioden takast på nytt.
  • Studenten må ta kontakt med praksiskoordinator innan oppgitt frist, for å bekrefte at dei vil gjennomføre praksisperioden på nytt. Studenten blir tildelt ny praksisplass påfølgande studieår når tilsvarande praksisperiode vert gjennomført ordinært.

Skikkavurdering

Løpande skikkavurdering

  • Løpande skikkavurdering av alle barnehagelærarstudentar skal skje gjennom heile studiet og skal inngå i ei heilskapsvurdering av studenten sin føresetnad for å kunne fungere i yrket, jf. forskrift om skikkavurdering i høgre utdanning.
  • Alle studentar og praksislærarar er plikta til å gjera seg kjent med forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning og spesielt vurderingskriteria i § 3. Meir informasjon finn du på høgskulen si nettside om skikkavurdering.

Er du i tvil om ein student er skikka for yrket?

  • Dersom praksisstaden er i tvil om ein student er skikka for yrket, tar praksislærar eller styrar kontakt med høgskulen ved profesjonsrettleiar eller praksiskoordinator, og blir rettleia i tråd med høgskulen sine rutinar for behandling av tvilsmeldingar.
  • Om det er grunngjeven tvil om ein student er skikka, skal det føretakast ei særskild skikkavurdering. Alle som er i kontakt med studentar ved barnehagelærarutdanninga kan melde tvil om studenten er skikka, jf. forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning §3.
  • Dersom ein student er til fare for barn i barnehagen, kan styrar stenge studenten ute med augeblikkeleg verknad, jf. forskrift om studiar og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, §10-9. I slike tilfelle må barnehagen ta kontakt med høgskulen, ved praksiskoordinator eller studieprogramleiar, for å avklare vidare saksgang .

Vurderingsskjema heiltidsutdanninga

Vurderingsskjema deltid og A-BLU

Oppmøte i praksis

Tilstedeværelse i praksis

All praksis må gjennomførast slik at kravet om 100 dagar praksis vert oppfylt. Dette gjeld og godkjent fråvær. Praksisstaden, i samarbeid med høgskulen, set krav til kva tid og korleis dei utsette praksisdagane skal organiserast, for å gi grunnlag for vurdering.

  • Ein praksisdag har eit omfang på 6,5 timar bunden til barnehagen. Denne tida inkluderer 30 minuttar dagleg pause, 1,5 timars rettleiing per veke og eventuelle foreldre- og personalmøte.
  • Det vert i tillegg forventa at studentane bruker minimum 1 time per dag til for- og etterarbeid knytt til oppgåver, planlegging og gruppearbeid utanfor den tida studenten er til stades på praksisstaden.

Ikkje dokumentert fråvær fører til at praksisperioden blir vurdert som ikkje bestått.

Sjå informasjon om krav til oppmøte i praksis.

Unntak: Fråvær som skuldast forhold studenten ikkje rår over – til dømes planleggingsdagar der studenten ikkje får tilbod om å delta.

I slike tilfelle skal studenten bruke dagen til praksisrelatert arbeid og dagen vil dermed registrerast som ein praksisdag.

Planlagt fråvær

  • Ved planlagt nødvendig fråvær inntil ein dag, for eksempel gravferd eller time til spesialisthelsetjenesta, skal det avtalast direkte med praksislærar.
  • Ved planlagt nødvendig fråvær utover ein dag må det søkast direkte til praksiskoordinator via elektronisk fråværsskjema.
  • Studentar som deltar i studentpolitiske verv, vil få innvilga søknad om fri til slik deltaking. Under visse føresetnader erstatter slikt fråvær dagane i praksis og skal ikkje tas igjen.

Plutseleg oppstått fråvær

  • Studenten må melde frå til praksislærar/barnehage om fråvær fortrinnsvis før avtalt frammøte.
  • Ved sjukdom eller andre tvingande fråværsgrunnar på inntil tre samanhengande dagar kan studenten nytte eigenmelding. Eigenmelding kan berre nyttast ein gong i haustpraksis og ein gong i vårpraksis. Eigenmeldinga skal registrerast i elektronisk fråværsskjema.
  • Fråvær ut over tre samanhengande dagar, eller separate fråværsdagar etter første eigenmelding, må dokumenterast. Legeattest eller annan sakkyndig uttale skal leverast til praksiskoordinator via elektronisk fråværsskjema og kan ikkje godkjennast av praksislærar.

Utsett praksis

  • Som hovudregel kan inntil 2 dagars fråvær takast igjen ved at studenten arbeider lengre dagar eller forlenger praksisperioden. Dette skal avklarast i samråd mellom praksislærar og student.
  • Ved meir enn 2 dagar fråvær må studenten ta igjen heile dagar med praksis og dermed forlenge praksisperioden (utsett praksis).
  • Gjennomføringa av utsett praksis må sikre kontinuitet og samanheng.
  • Når det er avklart kva dagar studenten skal ta igjen utsett praksis, er det ein bindande avtale og kan ikkje flyttast til seinare dato.
  • Eventuelt fråvær på utsette dagar må dokumenterast med legeattest eller anna ssakkunnig uttale via elektronisk fråværsskjema. Dersom studenten ikkje leverer dokumentasjon, kan det få konsekvensar for vurderinga av praksisperioden.

Ugyldig fråvær

  • Høgskulen legg ikkje til rette for utsett praksis ved ugyldig fråvær.
  • Ugyldig fråvær er fråvær som ikkje er dokumentert med eigenmelding, legeattest eller innvilga permisjon. Ferie og deltidsjobb er ikkje godkjent fråværsgrunn.
  • Ugyldig fråvær fører til at praksisperioden blir registrert som avbroten. Avbroten praksis får same konsekvens som ikkje bestått praksis. 
  • Dersom ein student, på grunn av ugyldig fråvær, får avkorta praksisperioden slik at vedkommande ikkje kan vurderast, fører det til avbroten praksis med same konsekvens som ikkje bestått praksis. Studenten må då gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne praksisperioden vert arrangert ordinært.

Malar

Forslag til malar som kan brukast i praksis:
Mal for arbeidsplan
Mal for forventningsavklaring
Mal for referat frå rettleiingssamtale

Evaluering etter praksis

For å kunne vidareutvikle kvalitet i praksis treng vi at du gir ei tilbakemelding på korleis du har opplevd praksis. Du vil få meir informasjon om dette i Canvas.

Desse retningslinjene er vedtatt av studieprogramleiar 09.08.2023 og gjeld frå studiestart hausten 2023.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med praksisadministrasjonen ved FLKI via kontaktskjema.

Informasjon til praksisfeltet

Lenke til eiga nettside for praksisfeltet. Der finn du mellom anna samla oversikt over praksisperiodar, refusjonsskjema, reiserekningsskjema, den nasjonale avtala for praksislærarar og andre dokument knytt til praksis.

Dette må alle kjenne til: