Skikkavurdering

Skikkavurderinga skal sikre at barn, elevar, pasientar og brukarar av ulike tenester ikkje møter yrkesutøvarar som er uskikka for det arbeidsområdet dei utdannar seg for.

Skikkavurdering er regulert av forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.

I utdanningar som er underlagt forskrift om skikkavurdering, skjer løpende skikkavurdering gjennom heile studiet, jf. forskrifta §2. Løpende skikkavurdering går inn i vurderinga av studenten sine faglege og personlege føresetnadar for å kunne utøve yrket. Dersom det oppstår tvil om ein student er skikka, vert særskilt skikkavurdering gjennomført.

Ein student kan bli vurdert som uskikka for yrket dersom studenten utgjer ein mogleg fare for fysisk og psykisk helse, rettar og tryggleik eller livet til barnehagebarn, elevar, pasientar, klientar og brukarar studenten vil komme i kontakt med under praksisstudia eller under framtidig yrkesutøving.

Utdanningar med skikkavurdering

Oversikt over kva utdanningar som har skikkavurdering

Særskild skikkavurdering

Dersom det er grunngitt tvil om ein student er skikka til yrket, skal det gjennomførast særskild skikkavurdering jf. forskrifta §2. Forvaltningslova sine reglar om sakshandsaming gjeld ved særskild skikkavurdering. Særskild skikkavurdering kan få følger for individuell utdanningsplan, inkludert høve til utveksling og overflytting mellom campusar.

Tvilsmelding

Særskild skikkavurdering startar med ei tvilsmelding. Ved ikkje bestått praksis skal høgskulen og praksisstaden vurderer om det er grunnlag for å sende tvilsmelding til institusjonsansvarleg for skikkavurdering når studenten går på eit studieprogram underlagt skikkavurdering, jf. Uhl § 4-10 (1).

Alle som er i kontakt med studentar kan levere tvilsmelding, til dømes praksislærar og faglærar, studentar, praksisfeltet og administrativt personale. Den som leverer tvilsmelding er ikkje part i saka og har ikkje krav på tilbakemelding.

Tvilsmelding som tydeleg er ugrunna skal ikkje behandlast av institusjonsansvarleg. Tvilsmelding skal ikkje sendast på e-post.

 Her finn du skjema for tvilsmelding

Institusjonsansvarlege

Institusjonsansvarlege sine oppgåver

Institusjonsansvarlege skal:

  • følgje opp innleverte tvilsmeldingar i samsvar med forskrifta § 10  
  • fremje saker om skikkavurdering for Skikkavurderingsnemnda
  • informere studentar og tilsette på dei aktuelle utdanningane om ordninga med skikkavurdering 

Vurderingskriterium

Til grunn for skikkavurdering er det utarbeidd kriterium i forskrifta:

Personvern

Både løpande og særskild skikkavurdering krev handsaming av personopplysningar. Dette er hjemla i personvernforordninga art. 6 nr. 1 (e) jf. universitets- og høgskulelova § 4-15 (1) og (3).

Saksgang