Studentambassadørar for HVL

Er du ein engasjert HVL-student som ser etter ein spennande deltidsjobb? Då kan jobben som studentambassadør vere noko for deg!

Vi ser etter studentar i Førde, Haugesund og Stord, som ønskjer å reise rundt og snakke om utdanningane til HVL. Som studentambassadør vil du ha ei viktig rolle i arbeidet med å marknadsføre høgskulen og hjelpe dei som vurderer å søke utdanning hos oss. 

Dette er ein perfekt deltidsjobb for studentar! Vi tar omsyn til praksis og obligatorisk undervisning. Å vere studentambassadør for HVL er ein fleksibel, sosial og gøy jobb. 

Stillinga er timebasert, på lønnstrinn 32 (ca. 206 kr/t).

 

Kva skal du gjere?

  • Reise på besøk til skular (hovudsakleg på vestlandet) for å halde presentasjonar og stå på stand.
  • Presentere høgskulen under ulike arrangement på campusane våre.
  • Halde omvisingar på campus.
  • Svare på spørsmål på vår chat på hvl.no.
  • Andre oppgåver kan også bli aktuelt.

På messer og skulebesøk reiser du som regel saman med andre HVL-ambassadørar. 

Passar for deg som..

  • Er sosial, positiv og løysingsorientert.
  • Likar å snakke med folk, også for forsamlingar.
  • Vil lære presentasjonsteknikk.
  • Vil bli kjend med andre studentar.
  • Har god formidlingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg.

 

Noko for deg?

Høyres dette ut som noko for deg? Send oss ein søknad der du svarar på spørsmåla under:

  • Kva heiter du og kor er du frå?
  • Kva studerer du og kvifor valde du dette?
  • Kva erfaring har du frå før?
  • Kvifor har du lyst til å vere studentambassadør?

Søknadsfrist: onsdag 28. august. 

Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju i september.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillingen på skah@hvl.no 

Send søknad