Studiestart for masterutdanningar

Skal du starte på eit masterprogram hausten 2024? Her finn du informasjon om oppstart.

Oppstartsregistrering

Har du fått studieplassen via det lokale opptaket vårt (Søknadsweb), gjeld semesterregistrering som registrering av oppmøte. Du får ein pin-kode på SMS frå oss når du kan registrere deg.

Dersom du har fått studieplassen din via Samordna opptak, er det i tillegg obligatorisk å registrere oppmøte digitalt på oppstartsdagen. Skal du registrere oppmøte digitalt, vil du få SMS med ein kode og ei lenke for registrering. Du må registrere deg innan kl. 15.00 den 12. august.

Har du ikkje norsk mobilnummer? Dersom du ikkje har norsk mobilnummer vil du få informasjon på e-post. Det vert sendt til e-postadressa du brukte i søknaden din. 

Tid for oppmøte

I tida framover legg vi løpande ut informasjon om oppstarten per studieprogram.

Bli med på fadderveka

Fadderveka er i veke 33, og er for alle studentar på studieprogram som har oppstart denne veka. Du vil få utdelt fadderarmband og få plass i ei faddergruppe.

Sjekk ut fadderordninga!