Illustrert bilde med studentar oppstilt inntil vegg, med verdskart oppå.

Ta gode valg på utveksling

HVL ønsker at våre studentar skal være gode og sosialt bevisste representantar på utveksling. Ved å gjere undersøkingar i forkant er du betre rusta til å ta gode val, og vet betre kva du kan forvente når du reiser på utveksling. Dette gjeld både for din eigen del, men og for korleis du møter dei nye studiekameratane og menneska på plassen du skal bu i denne perioden.

Identifiserer du moglege støttetenester før du reiser kan det bli lettare dersom du skulle få behov for hjelp eller nokon å prate med. Til dømes har kanskje institusjonen ein studentorganisasjon eller tilsette som jobbar med desse spørsmåla og som kan være gode ressursar. Det kan og vere interessegrupper nasjonalt du kan nytte deg av.

Språk

Viss du skal på utveksling til eit ikkje-engelskspråkleg land, er det anbefalt å ta eit språkkurs før du drar, sjølv om undervisninga går på engelsk. Lånekassen kan gi økonomisk stønad til språkkurs.

Erasmus-studentar kan ta ein test gjennom EU Academy. Dette er ei uformell vurdering av språkkunnskapane dine. Du kan og få tilgang til språkkurs gjennom EU Academy. 

I Tyskland har DAAD har ei stipendordning for studentar på bachelor- og masternivå som har lyst til å ta eit sommar- eller fagkurs i tysk.

På enkelte utdanningsinstitusjonar kan det være språkkrav. Gjer deg derfor kjent med nettsida til utdanningsinstitusjonen og høyr i tillegg med fagleg kontaktperson for meir informasjon om korleis du kan førebu deg i forkant av utvekslingsopphaldet.

Sosialt

Mange universitetet har studentorganisasjonar du kan bli med i som og er gode utgangspunkt for å bli kjent med nye menneske. Har du ei spesiell interesse, undersøk om det finns ein klubb for dette og. Skal du til Europa vil for eksempel medlemskap i European Student Network være nyttig. Førebu deg på å sjølv ta initiativ til å bli kjend med nye menneske mens du er på utveksling. Prøver du nye ting og er open for nye kjennskapar kjem du kanskje heim med nye interesser og andre typar vener enn du har frå før.

Funksjonsvariasjon

Du kan fint reise på utveksling som student med funksjonsvariasjon. Ta kontakt med studierettleiar og international@hvl.no tidleg, slik at de saman kan planlegge i god tid. Undersøk og med ditt lokale forbund eller medlemsorganisasjon om dei har kontaktar i landet du skal til.

ANSA har gode ressurssider med praktisk informasjon om tilrettelegging under studia og har også en sosialrettleiar som kan rettleie og støtte deg i desse spørsmåla.

Studentar med funksjonsnedsetting som gjer at utveksling ikkje er mogleg utan ekstra stønad kan få eit tilleggsstipend om dei reiser med Erasmus+. Les meir om dette på Erasmus-sida.

 

 

LHBTQ+

I nokre land kan det vere utfordrande å vere opent LHBTQ+. Før du reiser vert du derfor anbefalt å undersøke moglege støtteorganisasjonar og interessegrupper du kan kontakte om du treng det.

Nettsida til Equaldex kan gje ein indikasjon på kva land det kan være ein fordel å førebu seg ekstra til. Her kan du mellom anna finne informasjon om utvikling av rettigheiter i landet du skal til, lese om forskjellige tema og sjå indekser for kva land dei rangerar som LHBTQ+-venlege.  

Equaldex: https://www.equaldex.com/.

Minoritet, etnisitet og religion

Ikkje alle land har dei same lovene og haldningane som Noreg. Høyrer du til ei minoritetsgruppe bør du sjekke dei lokale lovane og undersøke kva støtteordningar som finns for deg i det landet du skal reise til. Dette inkluderer mellom anna om du kjem frå ein minoritets- eller urfolksbakgrunn eller har ein etnisitet eller religiøs tilknyting som ikkje høyrer til fleirtalet i landet du skal til.

Vær klar over eigne meir eller mindre ubevisste tankar, handlemåte og meiningar (bias) mot menneske med anna bakgrunn og tru enn deg sjølv. Gjer deg og kjent med situasjonen i landet du skal til slik at du både er førebudd på eigen oppleving og så du kan omgåast dei du møter på ein god og trygg måte.

Hos Project Implicit kan du ta testar for å sjekke ut kva bias du eventuelt har: https://implicit.harvard.edu/implicit/takeatest.html

Økonomisk ulikskap

For å omgå menneske frå alle sosiale lag på ein god måte er det nyttig å vere klar over om det er stor forskjell mellom fattig og rik i landet du skal reise til. Korleis landet kan samanliknast med Noreg kan og vere med å avgjere korleis du skal handle og te deg på utveksling.

Du kan til dømes nytte Gini-indeksen for å sjå kor store forskjellar det er mellom inntekt og formue blant befolkninga i eit land: https://data.worldbank.org/indicator/SI.POV.GINI.

Akademisk fridom

Som utvekslingsstudent er viktig å være klar over at den akademiske fridomen i eit anna land kan vere annleis enn i Noreg. Noreg skårar blant dei høgaste på Academic Fridom Index. Skal du reise til eit land der denne skåren er spesielt låg bør du vere klar over at du i nokre tilfelle kan oppleve press på din eigen akademiske ytringsfridom. Kontakt international@hvl.no dersom du opplever dette eller har spørsmål.

Academic Freedom Index: https://academic-freedom-index.net/.

 

Kva er akademisk fridom og akademisk ytringsfridom?

Ein føresetnad for akademisk fridom og akademisk ytringsfridom er ein open debattkultur, og om kontroversielle tema.

I følgje Kjerulfutvalet (2022) inneber akademisk ytringsfridom mellom anna at ein tilsett eller ein student som ønskjer å ta opp problem, teoriar og synspunkt, skal ha moglegheit til å bli høyrt, og også til å bli konfrontert med spørsmål, saklege motargument og kritikk. Ein akademisk diskusjon forutset at motpartens ytringar ikkje blir møtt med stillheit. Det er viktig å anerkjenne at også synspunkt ein er djupt ueinig i, har plass i offentlegheita.

Kan du verte utsett for etterretning?

Norske myndigheiter gjer årleg ei vurdering av mellom anna trugselen for etterretning frå andre statar i Noreg. I 2024 er Kina, Russland, Nord Korea og Iran vurdert som land som i betydeleg grad gjer dette. Personar som har tilknyting til desse landa, til dømes gjennom studiar, arbeid, vener eller familie vert vurdert som spesielt utsette. Skal du på utveksling til eit av desse landa bør du derfor være merksam på direkte og indirekte press samt rekrutteringsforsøk frå aktørar herifrå.

Les Nasjonal Trusselvurdering 2024 her: https://www.pst.no/alle-artikler/artikler/ntv-2024/