Hopp til innhald

James Cook University

Universitetet har campus i byane Cairns og Townsville. Det er omlag 12 000 studentar ved universitetet. Dei to campusane ligg flott til med kort avstand til bysentrum. Dette er den delen av Australia som er tropisk, og det er sjeldan under 20 grader. Townsville har ein befolkning på omlag 170 000 menneske, og sentrum av byen ligg ved sjøkanten. Byen Cairns ligg nokon timars biltur lengre nord, og er ein typisk badeby kor det er masse turistar i sommersesongen.

Haustsemesteret (teaching period 2) går frå midten av juli til desember, medan vårsemesteret (teaching period 1) går frå februar til juli. Ein må ta fire emne à 3 credits for å få tilsvarande 30 studiepoeng.

Utvekslingsavtalen mellom HVL og James Cook University er ein såkalla generell bilateral avtale. Det inneber at alle som studerer ved HVL kan søke om utveksling til JCU, dersom dei finn relevante fag. Dersom du er interessert i utveksling til JCU, men ikkje kan sjå faget ditt på lista under, ta kontakt med din faglege kontaktperson.

Gjeld for

Alle campus.

Praktiske forberedelser

Alle norske studentar som vil studere eit semester i Australia må skaffe seg eit studentvisum. Du søker om dette på nett etter at du har fått opptaksbrev frå James Cook University.

Dersom du skal ha praksis i Australia er du i tillegg nødt til å ta en helseundersøkelse i forbindelse med visumsøknaden din. Denne undersøkelsen (som bla. innebærer røntgen av lunger) kan dessverre kun gjennomføres ved Akutten i Oslo - dette er den eneste helseklinikken i Norge som er utpekt av australske immigrasjonsmyndigheter og har den nødvendige tilgang til systemene som trengs. Helseundersøkelsen er dyr, og kostet våren 2023 4500 kroner.

Språk

Du må ha 4 eller bedre i engelsk fra vidaregåande. Hvis du ikkje har det må du ta ein språktest, f.eks. TOEFL eller IELTS.

Studieavgift

Utvekslingsstudentar betalar skulepengar. I 2017 kostar det A$ 10500 per semester. Studentar frå HVL får 15 % rabatt på skulepengane. Leigekostnadar kjem i tillegg.

Faglig godkjenning

For å kunne søke om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved det fakultetet du tilhøyrer. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere medan du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL

Kva kan du studere?

Bachelor i vernepleie

Du kan dra på utveksling til James Cook University i 4. eller 5. semester av utdannninga di.

Bachelor i ingeniørfag, allmenn maskinteknikk

Gjelder alle maskin- og marinfag ved campus Bergen: Du kan dra på utveksling til JCU i 5. semester.

Grunnskolelærarutdanning 1.-7. trinn

Du kan søkje om å reise til James Cook University dersom du tek Samfunnsfag.

glu5-10

Du kan søkje om å reise til James Cook University i dersom du tek Samfunsfag.

Bachelor i økonomi og administrasjon, Haugesund

Hvis du studerer økonomi og administrasjon kan du reise på utveksling til JCU i 4. eller 5. semester. Hvilket semester som gjelder for deg vil avhenge av hvilken campus du studerer på.Ta kontakt med faglig kontaktperson for mer informasjon.

Bachelor i ingeniørfag, maskin

Hvis du studerer maskinfag kan du reise på utveksing til James Cook University i 5. semester.

Bachelor i ingeniørfag, HMS

Hvis du studerer HMS-ingeniør kan du reise på utveksing til James Cook University i 5. semester.

Bachelor i ingeniørfag, Brannsikkerheit

Hvis du studerer branningeniør kan du reise på utveksing til James Cook University i 5. semester dersom du finner fag som passer inn i ditt studieløp.

Bachelor i nautikk

Hvis du studerer bachelor i nautikk kan du reise på utveksing til James Cook University i 5. semester.

Bachelor i nautikk Y-veg

Hvis du studerer bachelor i nautikk kan du reise på utveksing til James Cook University i 5. semester.

Bachelor - barnehagelærarutdanning

Du kan reise på utveksling til James Cook University i utvekslingsperioden i 3. studieår.

Bachelor i ingeniørfag, havteknologi

Hvis du studerer havteknologi kan du reise på utveksing til James Cook University i 5. semester.

Master i praktisk utdanningsvitskap

Det legges opp til at studenter kan dra til James Cook University i 2. eller 3. semester. Snakk med din faglige kontaktperson.

Historie, bachelorstudium, Sogndal

Du kan reise på utveksling til James Cook University i eitt semester. Ta kontakt med fagleg kontaktperson om kva semester som er aktuelt for deg.

Historie, bachelorstudium - nettstudium

Du kan reise på utveksling til James Cook University i eitt semester. Ta kontakt med fagleg kontaktperson om kva semester som er aktuelt for deg.