Hopp til innhald

Western Washington University

Gjeld for

Økonomi og administrasjon, fornybar energi, idrettsfag

Studieavgift

Frå Lånekassen får same stønad som når du studerer i Noreg, i tillegg til reisestønad. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden. Opp til to studentar kan få opphaldet ved WWU utan å måtte betale skulepengar. Dersom det vert fleire søkjarar, må resten betale skulepengar.

Faglig godkjenning

For å kunne søkje om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved fakultetet du tilhøyrar. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere mens du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL.

Kva kan du studere?

Bachelor i økonomi og administrasjon, Bergen

Studerer du økonomi og administrasjon, uansett campus, kan du dra på utveksling til WWU i 4. eller 5. semester. Hvilket semester som gjelder for deg vil avhenge av hvilken campus du studerer på. Snakk med din faglige kontaktperson.

Bachelor i fornybar energi

Du kan reise på utveksling til WWU i 4. eller 5. semester.

Idrett og kroppsøving, bachelorstudium, Sogndal

Du kan reise på utveksling til WWU i 6. semester.

Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelorstudium, Sogndal

Du kan reise på utveksling til WWU i 6. semester.

Friluftsliv, bachelorstudium, Sogndal

Du kan reise på utveksling til WWU i 6. semester.