Årsstudiet i ungdomssosiologi gav sjølvtillit og ny karriere

Kari har hatt mange forskjellige jobbar i sitt liv, men ingen av dei møtte behovet hennar for å vere kreativ og leiken. Då ho oppdaga ungdomssosiologi ved HVL, fekk karrieren ei ny retning og større meining.

Navn: Kari Rannveig Hellevang
Har studert: Åsstudium i ungdomssosiologi
Jobbar som: Ungdomskoordinator i Sogndal kommune
Campus: Sogndal
Kjem frå: Sogndal

– Eg er ein utolmodig type, som ikkje har vore så god til å drøyme stort og sette meg langsiktige mål. Derfor var eit årsstudium i ungdomssosiologi midt i blinken, seier Kari. 

Ungdomssosiologi er ei spennande utdanning som gir brei kunnskap du får god nytte av i ei rekke forskjellige jobbar, og som du kan bygge vidare på i ei retning du har spesiell interesse for, meiner Kari.

– Eg ville aldri vore forutan sosiologikunnskapen, fordi den gav meg både ei ny karriereretning med større meining, og trua på meg sjølv.

Kari Hellevang

Studiet gav ein ny start

No har Kari jobba i snart eit halvt år for Sogndal kommune som ungdomskoordinator i ungdomsavdelinga, og ho stortrivast. Hovudoppgåva er å etablere innandørs møteplassar for ungdom.

– Vi er i startfasen av etableringa av ein ungdomsklubb i Sogndal, der eg har fått prøvd meg som prosjektleiar i utviklinga av lokalet. Eg brukar også mykje tid på samarbeid med både offentleg, privat og frivillig sektor. 

Kunnskapen blei ryggrada i arbeidet

Årsstudiet i ungdomssosiologi har gitt Kari ei rekke verktøy som ho brukar ofte.

– Eg får dagleg bruk for den analytisk evna og kritiske refleksjonen vi lærte mykje om i sosiologifaget. Eg har også fått mykje skrivetrening i studiet, noko som hjelper meg i kommunikasjon, samarbeid og søknadsskriving.

Kunnskapen har også gitt ho styrke i møte med ulike aktørar, og som representant for ungdomsavdelinga.

– Fagkunnskapen om ungdom, sosial samhandling, relasjonar, individualisering, utanforskap og marginalisering gir meg «ryggrad» når eg presenterer ungdomsavdelinga og framsnakkar verdien av å satse på ungdomsarbeid i politiske samanhengar, på skulane og i tverrfaglege samarbeid, seier ho.

kari_håndbak.jpeg

Investerer i framtida

Ungdomsskoordinatoren fortel om varierte og spennande oppgåver, at ho blir tvinga ut av komfortsona med jamne mellomrom og at ho får vere kreativ og leiken. – Ingen av mine tidlegare jobbar har møtt dette behovet på den same måten, fortel ho.

– Eg kan knapt sjå for meg eit viktigare arbeid enn å arbeide for gode oppvekstvilkår for barn og unge – det er å investere i framtida og vår viktigaste «fornybare ressurs», avsluttar Kari.

Vil du vite meir om sosiologiutdanninga?

Vi tilbyr både årsstudium og bachelor, og begge utdanningane er nettbaserte.