Lokka av Sunnfjordfjella og det gode ryktet

– Eg har møtt mange dyktige sjukepleiarar opp i gjennom åra, og dei har inspirert meg til å ville bli ein slik sjølv, seier Astrid Hoggen Kippersund.

26-åringen frå Volda studerer tredje året på bachelor i sjukepleie ved campus Førde. Ho seier sjukepleiaryrket har eit spekter av spennande jobbmoglegheiter, samtidig som det er eit sikkert yrke.  

– Sjukepleiarstudentar frå Førde har eit veldig godt rykte på Sunnmøre i jobbsamanheng, seier Astrid.

Dyrkar friluftsliv og studentliv i Førde

Ein annan grunn til at Astrid valde Førde er at ho elskar fjellet, både sommar og vinter. Ho ville dyrke friluftsinteressa kombinert med studentlivet i Førde.   

– I Førde er det mange moglegheiter. Om du ynskjer å starte opp ein studentaktivitet er det som regel berre å spørre rett person, og så er det gjort. Det er også kort veg til trygge fjelltoppar sommar og vinter, splitter ny klatrehall, rimeleg utleige av kajakk ved Førdefjorden og artige festar på Akutten studentkro. Eg er og heldig som har venner frå studiet med like interesser, og som nærmast har blitt familie.

Oppretta klatreklubb

Astrid har vore aktiv i styret til Studentsamfunnet i Førde. Det er ei sosial foreining for alle førdestudentane og dei driftar studentkroa Akutten. Astrid har også tatt initiativ til å starte opp studentklatring i Førde.  

– Då eg starta studiet i Førde hadde eg eit ynskje om å ta brattkort og klatre. Eg rekrutterte då vennegjengen og andre på skulen til å ta brattkort samtidig. Det var tydeleg at dette var eit ynskje blant mange studentar. Slik vart studentklatring oppretta, med god hjelp av medstudentar.

Ho anbefaler alle studentar å engasjere seg i noko.

– Det er mykje læring i å engasjere seg, og det har vore alfa omega for min trivsel i Førde. Det er også kjekt å kunne gjere ein forskjell for studentane som er her.

Krevjande, men sinnsjukt lærerikt!

Kan du fortelje litt om korleis studiet er lagt opp?

– Førsteåret er ganske intensivt med mikrobiologi, medikament, anatomi, sjukdomslære og grunnleggande sjukepleie, første sjukeheimspraksis, etikk, jus og psykologieksamen. Eksamen skjer bolkevis, noko som gjer at ein må studere jamt gjennom heile året. Det andre året er det klinisk eksamen, og medisinsk og kirurgisk praksis. Dette er eit år ein veks utruleg mykje som sjukepleiarstudent og som person. Det er krevjande for mange, men sinnsjukt lærerikt!

– Kva med tredje året?

– Dette året har bestått av eksamen og praksis i heimesjukepleie og psykiatri. No er det siste praksis i førebuing til yrkeslivet og bacheloroppgåve som står att. Vi må også gjennom ei rekke arbeidskrav og fysiske øvingar på sjukepleiersenteret.  

Får bruk for alt du lærer

Tru det eller ei, Astrid likar aller best eksamensperiodane.

– Vi sit dag ut og dag inn på biblioteket saman. Vi tullar og fjasar, men lærer utruleg mykje av kvarandre. Vi har kort veg til lærarane våre og det er lett å spørje dei om små og store ting. Vi får bruk for alt vi lærer, noko som gjer eit hardt studium kjekt og motiverande. Til meir du lærer, til meir kan du hjelpe andre på ein trygg og riktig måte.

– Kva er det mest krevjande?

– Det krev mykje disiplin og tid, men alt arbeidet ein legg i bøkene får ein tilbake på eksamen og i praksis. 

Astrid har ikkje bestemt seg for kva ho vil gjere når studiet er ferdig til våren.

– Fokuset mitt no er å få eit spekter med erfaring slik at eg kan finne draumejobben i Sunnfjord etterkvart! 

– Vil du anbefale studiet til andre?

– Absolutt! Som sjukepleiar får du eit hav av moglegheiter i framtida. Jobbmarknaden er stor, og ein endar opp med å bli ein robust, kunnskapsrik og, eg vil påstå, nyttig person i samfunnet. 

Kunne du tenke deg å bli sjukepleiar? Vi tilbyr bachelor i sjukepleie ved campus Bergen, Førde, Haugesund og Stord.