Jobbar med både menneske og maskiner

Esmee Everdina Pieternella van Eck (19) frå Bremanger går første året på radiografi i Bergen. Ho anbefalar studiet til deg som er interessert i både menneske og teknologi.

– Vi lærer blant anna om konvensjonell røntgen, CT, MR og meir. Vi har mykje praktisk undervisning, noko eg syns er kjekt. Vi øver oss på å ta bilete av, scanne, og bruke VR til å sjå på menneskekroppens indre. Vi har også teori om anatomi, patologi, pasientomsorg, strålefysikk og strålevern.

Kvifor valte du ei utdanning i radiografi?

– Eg fann studiet litt tilfeldig på samordna opptak og etter litt undersøking fant eg ut at det var veldig interessant. Eg har interesse for både teknologi og anatomi, og i tillegg likar eg godt å kunne hjelpe folk.

Ser fram til praksis  

Eit halvt år inn i studiet trivst Esmee godt. Ho trekker fram fysikk som det mest krevjande faget.

– For dei som ikkje har hatt fysikk før, slik som meg sjølv, kan det vere vanskeleg. Men om du jobbar jamt og trutt blir det verdt det til slutt, seier ho.

Studiet består også av fleire praksisperiodar, hjå både offentlege og private bildediagnostiske avdelingar, noko ho ser fram til.

Kan bli meir enn berre radiograf

– Eg er framleis usikker på kva eg vil gjere etter studia. Enten vil eg begynne å jobbe som radiograf, eller så tenker eg kanskje å bruke det eg har lært til å jobbe med dyr. Uansett trur eg at eg vil få ein kjempespennande jobb!   

Vil du anbefale studiet til andre?

– Absolutt! Dersom du interesserer deg for menneske og teknologi, og ønskjer å jobbe med både menneske og maskiner. Etter studiet finst det også fleire alternativ for vidareutdanning og yrker. Det er mykje meir du kan bli enn berre radiograf.