Olav frå Austevoll stortrivst som lærar i Berlevåg

– Noko av det beste med å vere lærar er å sjå elevane blomstre både fagleg og sosialt, seier grunnskulelærar Olav Heimark (24).

– Eg synest at Stord er ein fantastisk fin plass og valde å studere der fordi eg hadde høyrt mykje positivt frå tidlegare studentar.

24-åringen frå Austevoll har fleire i familien som er lærarar og han blei tidleg inspirert til yrket. 

Ein viktig vaksenperson for barn og unge

– Eg valte denne utdanninga for å kunne jobbe med menneske og vere ein viktig vaksenperson for barn og unge.

– Vil du anbefale studiet til andre?

– Ja, absolutt! Grunnskulelærarutdanninga er ei utdanning som gir deg gode arbeidsmoglegheiter i framtida. Mi oppleving var at praksisperiodane gav myke god lærdom som ein verkeleg får bruk for når ein jobbar som lærar. Eg skulle til og med ønskje at det var enda meir praksis på studiet. 

– Stort å sjå elevar oppleve meistring

Etter fullført studium flytta Olav til Troms og Finnmark for å jobbe. No underviser han norsk, samfunnsfag, KRLE og spesialpedagogikk på Berlevåg skole. 

– Kva er det beste med å vere lærar? 

– Det er mykje som er bra med å være lærar! Det er ein veldig variert kvardag, der ingen dag er lik. Du får sjå elevane dine «blomstre» både sosialt og fagleg. Det er stort å sjå elevar oppleve meistring. Du får også jobbe tett med kollegaer som du deler kvardagen med, og som stiller opp for deg med tips, råd og erfaringar.

Hektisk, men veldig givande

 – Kva synest du er mest utfordrande?

– Det er til tider ein hektisk kvardag. Det er mykje som skal gjennomførast i faga gjennom eit skuleår, og ein føler delvis eit press på å komme gjennom alt. Timar skal planleggast, og det kan nokre gonger ta ein god del tid. Prøver skal rettast, og i tillegg oppstår det gjerne situasjonar som snur opp-ned på det du hadde planlagt. I travle perioder gjeld det å tenke at ein må gjere så godt ein kan, sjølv om ein kanskje ikkje rekk alt.

– Beskriv ein god dag for deg som lærar!

– Når alt klaffar, når eg er godt førebudd og elevane er aktive og engasjerte i det vi skal gjere. Det å føle at eg har laga eit godt undervisningsopplegg som engasjerer, gir ei god kjensle både for meg og elevane. 

Sletting av studielån

Nyutdanna lærerar, som Olav, kan få sletta om lag 160 000 kroner, noko som tilsvarar rundt halvparten av studielånet. Kor stort beløp ein får ettergitt kjem an på kva lærarutdanning ein tar, og kor ein jobbar som lærar etterpå.

Ordninga for ettergiving av studielån er tredelt:

1) Om lag 50 000 kroner til studentar som fullfører femårig lærarutdanning på normert tid. Dette gjeld Grunnskolelærar 1-7, Grunnskolelærar 5-10 og Lektorutdanning.

2) Om lag 55 000 kroner i tillegg til studentar som fullfører femårig grunnskolelærarutdanning for trinn 1-7 på normert tid. 

3) Om lag 55 000 kroner til studentar som fullfører femårig lærarutdanning og deretter tar lærarjobb i Nordland, Troms eller Finnmark. Ettergivinga blir gitt uavhengig av dei to andre – og krev ikkje at ein tar utdanninga på normert tid.

Les meir om ordninga på kunnskapsdepartementet.no

Høyrest læraryrket ut som noko for deg?

Høgskulen på Vestlandet tilbyr desse studietilboda ved campus Stord, Sogndal og Bergen:

Grunnskolelærerutdanning 1.-7- trinn ved Høgskulen på Vestlandet

Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn ved Høgskulen på Vestlandet