Helse- og velferdstilbod i Førde
Som student har du ulike helsetilbod gjennom Studentsamskipnaden, som helsekasse, helsestasjon og psykososial rådgivingsteneste.
Nokon å snakke med
Studentlivet byr på små og store utfordringar. Treng du nokon å snakke med? Gjennom Studentsamskipnaden kan du snakke med studentrådgivar.
Helsestasjon
Helsestasjon for studentar er eit tilbod for deg som treng hjelp, rettleiing eller samtale om spørsmål knytt til samliv og seksualitet.
Helsekasse
Studentsamskipnaden kan gi økonomisk støtte dersom du pådreg deg store, uforutsette utgifter i samband med helse utover det nav, forsikringsselskap eller andre instansar dekkjer.
Tilrettelegging i studiet
Har du ei funksjonsnedsetting, dysleksi, psykiske lidingar/vanskar eller anna? Vi kan hjelpe deg med ulike typar tilrettelegging for å gi deg ein best mogleg studiekvardag.
Eksamenskoden
Vi ønsker at du skal ha det bra som HVL-student, og at du skal lukkast med eksamen. Høgskulen og studentsamskipnaden har saman utvikla eit tiltak som skal hjelpe studentar med å mestre eksamen. Her kan du lese om #eksamenskoden.