
Hybel i Førde
Hybelen er ein viktig del av studentlivet. I Førde er du tett på det meste, og svært mange hyblar ligg plassert slik at du berre har ti minutt gå-avstand til høgskulen og sentrum.
Hybel hos Studentsamskipnaden
Studentsamskipnaden Saman tilbyr hyblar og leilegheiter.
Private hyblar
Det finst også eit godt utval med hyblar på privatmarknaden. Hybel.no er ein god stad å leite.
Har du barn?
Gjennom Studentsamskipnaden kan barnet ditt få barnehageplass i Viebøen barnehage. Frå barnehagen brukar du fem minutt å gå til høgskulen.