Campus Haugesund

Velkommen til vår campus i Haugesund! Her finn du praktisk info om campus og kart.

Lurer du på noko?

Servicetorget kan hjelpe deg med det meste!

Opent kvardagar kl. 08.00–15.30 (til 15.00 frå 15. mai til 15. september).

Opningstider

Hovudinngangen er open måndag til fredag mellom klokka 07.45 og 17.00.

Alle andre dører treng du adgangskort for å opne.

Tilsette har tilgang med adgangskort måndag til søndag mellom klokka 06.00 og 23.00.

Studentar har tilgang med adgangskort måndag til søndag mellom klokka 07.00 og 23.00.

Klikk for informasjon om avvikande opningstider.

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

Finn fram på campus

I appen Mazemap får du kart over campus og hjelp til å finne fram til rom. Du kan laste ned appen på App Store og Google Play.

Mazemap finn du også på denne nettsida.

Møteplass ved evakuering: Haugesund

Rådhusplassen

Studere

På campus Haugesund finn du undervisningsrom, bibliotek, læringssenter og arbeidsplassar med og utan datamaskiner. Vi har også lesesalar, grupperom og forskjellige laboratorium.

Det er ein lesesal på rom 2049 i 2. etasje i hovedbygget med 125 plasser.

Vil du reservere eit grupperom?

Book grupperom

 

I tillegg har høgskulen eit eige simulatorsenter for studentar i maritime fag. På senteret finst det sju navigasjonsbruer for fullskala simulering, og tolv studentstasjonar på navigasjonslaboratoriet. På laben kan ein drive med instrumenttrening og trening knytt til lasteoperasjonar.

Student på lesesal

Mat og drikke

I høgskulebygget finn du ein kaffibar og ei kantine med godt utval av lunsj- og middagsrettar til gode studentprisar. Sjå opningstidene til kantine og kaffibar.

Kvilerom

Rom 1044 er kvilerom for studentar som treng å kvile seg eller amme. Du er velkommen til å bruke kvilerommet ein avgrensa periode i løpet av dagen. Kvilerommet kan ikkje reserverast, og det skal berre vere ein person på kvilerommet om gongen.

Amme

Du er velkommen til å bruke kvilerom (rom 1044) viss du treng ro til å amme. Kvilerommet kan ikkje reserverast, og det skal berre vere ein person på kvilerommet om gongen.

Stellerom

Det finner du på rom 1044.

Trene

Det er eit nyrenovert treningsrom i kjellaren som er gratis for medlemmer i studentidrettslaget.

Teleslynge

Auditorium A, B, C og D har teleslynge.

Parkering

Det er gratis parkeringsplassar på campus for bilar med parkeringsløyve. Haugesund Parkering tilbyr rabatt for studenter.