Studenter i gruppearbeid (Foto: Terje Rudi)

Helse- og velferdstilbod Haugesund

Vi vil at studentane våre skal ha det godt og trivast i studietida. Studentsamskipnaden på Vestlandet tilbyr ulike tenester, som kan gjere det enklare å studere på ein god og effektiv måte.

Helse og rådgiving

Her er nokre tilbod til deg som er student i Haugesund:

  • Studentrådgivar
  • Fastlege
  • Tannlege
  • Psykolog
  • Helsestasjon
  • Helsefond

Les meir om dei ulike tilboda her.

Barnehage

Studentsamskipnaden eig og driv Studentbarnehagen i Haugesund som berre ligg 10 minutters gange frå campus. Les meir om barnehagetilbodet her.

Tilrettelegging i studiet

Har du ei funksjonsnedsetting, dysleksi, psykiske lidingar/vanskar eller andre utfordringar? Høgskulen kan hjelpe deg med ulike typar tilrettelegging for å gi deg ein best mogleg studiekvardag.

Eksamenskoden

Vi ønsker at du skal ha det bra som HVL-student, og at du skal lukkast med eksamen. Høgskulen og studentsamskipnaden har saman utvikla eit tiltak som skal hjelpe studentar med å mestre eksamen. Her kan du lese om #eksamenskoden.

 

To studenter på campus Haugesund (Foto: Terje Rudi)