Studentbyen Haugesund

Campus Haugesund ligg midt i hjartet av byen, mellom handlegater, uteplassar og kulturtilbod. I nærleiken finn du også hav, sandstrender, fjell og skiterreng.

Sjarmerande Haugesund strekker seg langs begge sider av Smeasundet, som er hamna i byen. Her finn du eit rikt kulturliv med mange konsertarenaer, pubar, restaurantar og uteplassar.

Haugesund er heimbyen til Sildajazzen og Den Norske Filmfestivalen med Amandaprisutdelinga, som trekker stjerner frå inn- og utland. Du finn eit allsidig idrettstilbod, frå eliteserielaget FK Haugesund til ishockeyklubben Seagulls og Hurricanes som spelar amerikansk fotball.

Byen har eit breitt handelstilbod, med den lengste gågata i Noreg og det største kjøpesenteret i regionen. Haugesund har sterk tilknyting til maritime næringar gjennom verftsindustri og shipping, noko som viser igjen i studietilbodet ved campus Haugesund.

Få minutt frå bykjernen finn du fine turområde med bade- og fiskemoglegheiter. Plasseringa til Haugesund legg òg godt til rette for padling i havgapet, og på Åkrasanden på Karmøy kan du prøve deg på vindsurfing. Regionen byr på eit variert terreng frå heiar til høge fjelltoppar, langstrekte sandstrender og øyar. Dei kjente toppturane Kjerag, Trolltunga og Preikestolen er berre ein dagstur unna, og på Folgefonna isbre kan du stå på ski både sommar og vinter.

Frå Haugesund lufthamn kan du lett komme til Oslo, Bergen eller Trondheim eller utanlands med mellom anna flyselskapet Ryanair.

Les meir om studiebyen Haugesund på www.visithaugesund.no og om Haugesundregionen på www.haugesundregionen.no.