Studentombodet

Studentombodet er ein uavhengig bistandsperson som kan gi deg som student råd om kva rettar du har når det gjeld studiesituasjonen din ved HVL.

Du kan kontakte studentombodet på studentombodet@hvl.no.

Kva kan studentombodet hjelpe deg med?

Rådgiving:

  • Gi deg råd om kva rettar du har som student
  • Gi deg rettleiing i korleis du kan gå fram med saka di
  • Sjå til at saka di er eller blir forsvarleg behandla

Mekling:

  • Vere nøytral part i møte mellom studenten og tilsette*

Informasjon:

  • Gi kurs og opplæring til studenttillitsvalde
  • Halde foredrag om studentrettar

Studentombodet kan dessverre ikkje:

  • Hjelpe deg med forhold som ikkje gjeld studiesituasjonen din (spør om du er i tvil)
  • Ta parti eller vere representant for deg i saka si
  • Overprøve eller vere klageinstans for ei sak som er avgjort

* Mekling blir berre brukt under spesielle høve, og krev samtykke frå både studenten og den tilsette.

Dine rettar som student

Som student har du ein god del forskjellige rettar knytt til studiesituasjonen. Samstundes har du ein del plikter som er førande for kva rettar du har - for eksempel plikta til å betale semesteravgift. Dei mest relevante rettane og pliktene dine finn du i universitets- og høgskulelova, i forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet og i forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Bergen.

Nokre andre spesielle rettar for deg som student finn du i lov om studentsamskipnader og i forskrift om studentsamskipnader. For deg som bur i studentbolig gjeld og nokre særlege føresegn i husleigelova.

I tillegg finst det mange generelle lover som gjeld for Høgskulen på Vestlandet og som gjer deg som tenestemottakar rettar i høve til ditt møte med høgskulen. Mellom anna gjeld både forvaltningslova og forvaltningslovforskrifta og offentleglova for høgskulen som forvaltningsorgan. I tillegg gjeld dei tre diskrimineringslovane om opphav, religion og livssyn, tilgjenge og seksuell orientering for alle i samfunnet.

Til sist kan det vere verd å nemne at ein del studium ved høgskulen er omfatta av nasjonale fagplanar for mellom anna grunnskulelærarutdanninga samla, for trinn 1-7 og trinn 5-10, barnehagelærarutdanninga og sykepleierutdanninga. I tillegg gjeld det ei nasjonal forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning for utdanningar der ein kan komme i kontakt med svakare stilte personar.

Får du som student problem med tilhøve knytt til din studiesituasjon og synest det er litt mykje å sette seg inn i alt det som er nemnt over, kan du ta kontakt med studentombodet for å få hjelp. Hovudoppgåva til studentombodet er nettopp å gje deg som student råd og rettleiing i saker som har med dine rettar å gjere. Du kan òg ta kontakt med studentombodet om du opplev trakassering eller andre kritikkverdige forhold i samband med studiet.

Korleis skrive klage/søknad

Kontaktinformasjon

Studentombodet sine tenester er tilgjengelig for alle studentane på Høgskulen på Vestlandet, uavhengig av studiestad.

Om du vil komme i kontakt med studentombodet kan du sende ein e-post til studentombodet@hvl.no.

Mandat

Studentombodet ved HVL skal vere ein uavhengig bistandsperson som har som oppgåve å gje studentane råd og hjelp der studentane har tatt opp eller ønskjer/vurderer å ta opp tilhøve knytt til sin studiesituasjon. Studentombodet skal sjå til at sakene får ein forsvarleg og korrekt handsaming, og at studentane sine rettar vert ivaretekne.

Studentombodet skal aktivt informere om sin funksjon til studentane ved HVL, og gje opplæring til studenttillitsvalde om studentanes sine rettar og plikter.

Stillinga skal plasserast i organisasjonen på ein måte som syner at studentombodet har ei særleg uavhengig stilling. Studentombodet kan ikkje instruerast i høve til oppgåvene sine og har sjølv ikkje instruksjonsmynde over einingar ved HVL.

Studentombodet skal bidra til at saker kan løysast på lavast mogleg nivå i organisasjonen. Ombodet har sjølv ikkje mynde til å avgjere saker, og er ikkje klage- eller ankeinstans for saker som er handsama og avgjort av andre einingar eller organ ved HVL.

Studentombodet skal kvart halvår rapportere om si verksemd til rektor. Rapportane leggjast fram for høgskulestyret, studentparlamentet og Læringsmiljøutvalet til orientering. Rektor vert fortløpande orientert om spesielt alvorlege saker, eller saker av prinsipiell tyding.

Studentombodet kan på eige initiativ fremje saker direkte for høgskulestyret.

Studentombodet kan sjølv avgjere om ho/han kan bistå ein student i ei sak eller ikkje. Det skal alltid grunngjevast når ombodet avslå å bistå i ei sak, og avslaget kan ikkje klagas på. Om studentombodet ikkje kan bistå i ei sak, skal ombodet vise studenten vidare til rette instans.

Studentombodet har berre innsyn i dokumenta i ei sak i den grad studenten det gjeld har gitt samtykke til innsyn. Studentombodet har teieplikt om alle har tilhøve ho/han vert kjend med gjennom sitt verke etter Forvaltningslova § 13.

Verken studentar eller noko organ ved høgskulen har rett til innsyn i studentombodet sine saker.

Både studentar og tilsette skal kunne varsle studentombodet om kritikkverdige tilhøve knytt til studiesituasjonen ved HVL. Det skal kunne varslast konfidensielt.

Det er berre høgskulestyret som kan treffe avgjersler om eventuell innskrenking eller nedlegging av studentombodet sitt mandat.

Årsrapportar