Opptak til årsstudium, bachelor og femårig lærarutdanning

Lurer du på korleis du skal søke høgare utdanning? Her finn du utfyllande informasjon om å søke opptak til våre grunnutdanningar.

Slik søker du

1. Registrer søknad

Du søker opptak til dei fleste årsstudium, bachelor og femårig lærarutdanningar via Samordna opptak.

Søk studieplass

 

Fristar og datoar

Viktige datoar i opptaket er:

1. februar: Søknadsweb opnar
1. mars: Søknadsfrist for særskilt vurdering, realkompetanse, eller tidleg opptak
15. april: Søknadsfrist
1. juli: Frist for å sende inn dokument og for å gjere prioriteringar i søknaden din.  

Prioritering i søknaden

Kva vil det seie å prioritere?
I søknaden din kan du legge til 10 utdanningar. Prioriteringa er viktig for søknaden din. 

Du må legge det studiet du ønskjer mest på førsteplass, sette andrevalet som nummer to i søknaden, og så vidare. Du kan endre rekkefølga fram til 1. juli.

Du får berre eitt tilbod i hovudopptaket. Utdanningane som ligg lengre ned på lista vil falle vekk. Viss du får tilbod på førstevalet ditt, vil du ikkje få tilbod på andreval eller lågare prioriterte alternativ. Takkar du nei til førstevalet, vil du ikkje kunne få plass på dei andre. Du må derfor vere oppmerksam på prioriteringsrekkefølga.

Problem ved søknad?

Problem med innlogging

Trykk på "Logg inn" på Samordna opptak og logg inn med elektronisk ID. Dersom du opplever problem med innlogging og det er god tid til søknadsfrist, kan du prøve å logge inn igjen litt seinere. Ved stor pågang kan det ta litt tid.

Dersom du ikkje får registrert søkanden og fristen går ut same dag, må du kontakte Samordna opptak så snart som mogleg, med info om kva feil som har oppstått og kva slags studium du ønsker å søke på. Ta skjermdump av eventuelle feilmeldingar og legg dette ved i e-posten.

Finn ikkje utdanninga

  • Sjekk at du er innanfor søkeperioden. Kanskje er du for tidlig ute, eller har fristen gått ut?
  • Sjekk vårt studietilbod for å vite sikkert om studiet skal gå.

 

2. Dokumenter at du dekker kravet

Du må vise at du dekker opptakskravet, for at vi skal kunne behandle søknaden din.  

Opptakskrav

Generell studiekompetanse er hovudregelen for opptak til høgare utdanning. Nokre utdanningar har spesielle opptakskrav som kjem i tillegg. Du finn alltid det fulle opptakskravet på nettsida til studieprogrammet.

Det fins fleire vegar til generell studiekompetanse. Sjå Samordna opptak sine nettsider for info om:

Generell studiekompetanse Spesielle opptakskrav

 

Dokumentasjon og elektroniske resultat

Under "elektroniske vitnemål og dokument" kan du sjå kva som ligg i søknaden din. Her kan du sjå elektronisk vitnemål, resultater frå høgare utdanning og dokument du har lasta opp. 

Dei fleste har elektronisk vitnemål. Dette kan du sjekke i Samordna opptak. Viss ikkje du kan sjå det, så kan heller ikkje vi sjå det. Da må du ta kontakt med skulen din eller laste opp eit billete av papirvitnemålet ditt. 

Kva som ikkje finst elektronisk, som du må laste opp: 

  • Kompetansebevis
  • Militært tjenestebevis
  • Vitnemål frå folkehøgskule
  • Vitnemål frå fagskule
  • Attestar eller liknande

Realkompetanse

Dersom du ikkje har generell studiekompetanse, men har relevant erfaring innan fagfeltet du ønsker å studere, kan du søke opptak på bakgrunn av  realkompetanse. Frist for å søke med realkompetanse er 1. mars. Du må fylle minst 25 år det året du søker. 

Utdanning frå utlandet

Du må dokumentere at møter krav til generell studiekompetanse. Det inkluderer norsk- og engelskunnskapar på nivå med godkjent nivå. Les meir om korleis du søker med utdanning frå utlandet hos Samordna opptak.

Dersom du har dokumentasjon som ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du få det oversatt av translatør eller tolketeneste. Du må laste opp dokument både på originalspråk og oversettelse innan dokumentasjonsfristen.

 

3. Følg opp søknaden din

Etter du har registrert søknad og lastet opp dokumentasjon, er det viktig at du følger opp søknaden. Sjekk at du får kvitteringen på e-post. 

Viss vi manglar informasjon, vil vi ta kontakt på e-posten du har oppgitt i søknaden.

Når får eg svar?

Du får svar innan 20. juli.

Svarfrist

Dei som får tilbod om studieplass må takke ja innan svarfrist. Dei som gløymer å svare innan fristen, mister studieplassen.

Det same gjeld tilbod om å stå på venteliste. Ein må takke ja til tilbodet for å kunne bli med i eventuelle suppleringsopptak.

 

Vil du lese meir om utdanningane vi har?


Opptakskontoret