Opptak til vidareutdanningar og halvtårsstudium

Her finn du utfyllande informasjon om å søke opptak til våre vidareutdanningar.

Slik søker du

1. Registrer søknad

Du søker opptak i Søknadsweb.

Søk vidareutdanning

 

Fristar og datoar

Viktige datoar i opptaket er:

1. februar: Søknadsweb opnar
15. april: Søknadsfrist
1. juli: Ettersendingsfrist for deg som tar utdanning denne våren

Prioritering i søknaden

Kva vil det seie å prioritere?
Prioriteringa er viktig for søknaden din. Du kan ikkje endre rekkefølga etter at søknadsfristen er gått ut.

Viss du vil søke opptak til fleire utdanningar i ein søknad, må du legge dei inn i prioritert rekkefølge. Du må legge det studiet du ønskjer mest på førsteplass, sette andrevalet som nummer to i søknaden, og så vidare.

Du får berre eitt tilbod i hovudopptaket. Utdanningane som ligg lengre ned på lista vil falle vekk. Viss du får tilbod på førstevalet ditt, vil du ikkje få tilbod på andreval eller lågare prioriterte alternativ. Takkar du nei til førstevalet, vil du ikkje kunne få plass på dei andre. Du må derfor vere oppmerksam på prioriteringsrekkefølga.

Problem ved søknad?

Finn ikkje studieprogrammet

  • Sjekk at du er i riktig søknadsportal.
  • Sjekk at du er innanfor søkeperioden. Kanskje er du for tidlig ute, eller har fristen gått ut?
  • Sjekk vårt studietilbod for å vite sikkert om studiet skal gå.

Problem med innlogging

Du må ha elektronisk ID for å logge inn i Søknadsweb. Du treng ikkje Feide for å søke. Dersom du opplever problem med innlogging og det er god tid til søknadsfrist, kan du prøve å logge inn igjen litt seinere. Ved stor pågang kan det ta litt tid.

Har du problem med å registrere søknaden som du ikkje får løst, må du sende oss ein e-post før søknadsfristen er gått ut, med info om kva feil som har oppstått og kva slags studium du ønsker å søke på. Ta skjermdump av eventuelle feilmeldingar og legg dette ved i e-posten.

 

2. Dokumenter at du dekker kravet

Du må vise at du dekker opptakskravet, for at vi skal kunne behandle søknaden din.  

Dokumentasjon og elektroniske dokument

Dokumentasjon viser at du er kvalifisert for utdanninga du har søkt opptak til. Du må laste opp dokumentasjonen i søknaden din (eller sjekke at det er elektronisk tilgjengeleg). Dokumentasjon sendt på e-post blir ikkje behandla.

Vidaregåande skule

Om du har eit elektronisk vitnemål, kan vi hente dette. Du sjekker dette i Samordna opptak. Viss ikkje, må du laste opp kopi/bilete i Søknadsweb. 

 

Høgare utdanning

Bachelor, eller tilsvarande, kan som regel hentast elektronisk. 

HVL-studentar kan sjå sine resultat i Studentweb eller Vitnemålsportalen. Studentar frå andre institusjonar kan sjå utdanninga si under «eksterne resultat» i Søknadsweb.

 

Praksis

Praksis (relevant arbeidserfaring) dokumenterer du med attest eller tenestebevis. Filen må vere i pdf-format, eller bilete/skann av utskrift. Filer i redigerbart format (t.d. word) blir ikkje godkjent.

Attest skal vere signert og datert av arbeidsgjevar, og må innehalde

  • Stillingstittel
  • Omfang (stillingsprosent eller timar jobba)
  • Start- og sluttdato
  • Stempel eller logo
Meir om dokumentasjon

Fullfører du utdanning dette semesteret?

Du kan framleis søke opptak, sjølv om du ikkje er heilt ferdig med utdanninga di.

Når du søker, må du: 

  1. Dokumentere alle karakterane du har til nå.
  2. Skrive i merknadsfeltet i søknaden kva utdanning du går på.
  3. Sende inn vitnemål innan 1. juli.

Viss du får plass
Du vil få svar på søknaden din før du er ferdig med utdanninga. Viss du ligg an til å møte opptakskravet, kan du få tilbod på vilkår. Det vil seie at du får plass mot at du sender inn det du manglar innan 1. juli. Dette kan gjelde både studieplass, og ventelisteplass.

Kva du må dokumentere og fristen for å dokumentere det, vil stå i tilbodsbrevet du får på e-post.. Dette kan vere til dømeat du må fullføre bachelorgrad med minst C i snitt.

Kva må du gjere etter du har fått plass?
Du har ansvar for å dokumentere vilkåra for tilbodet innan fristen du får. Dette gjer du ved å sjekke om digitalt vitnemål er tilgjengeleg i søkanden din. Viss ikkje, må du laste opp vitnemålet i søknadsweb.

Sjekk under «eksterne resultat». Viss du skal dokumentere ei ferdig utdanning, er det viktig at det står at utdanninga er «bestått» i ei eiga rad.

Obs. Mange skriv ikkje ut vitnemål før på hausten. Da må du få ei stadfesting frå universitetet eller høgskulen du går på at utdanninga er bestått. Du laster opp stadfestinga i søknaden din.

Er du HVL-student? Vitnemålet ditt vil vere klart innan 1. juli, og vi vil hente det elektronisk. Viss du vil sjekke vitnemålet ditt, logger du inn i vitnemalsportalen.no

Sånn konkurrerer du i opptaket
I hovudopptaket konkurrerer du med karakterane du har når du søkte opptak. Etter at du har fullført graden og fått vitnemål, blir alle karakterane dine bli talt med og poengsummen din blir justert.

Viss du sto på venteliste, men dei siste karakterane gjer at du kjem over poenggrensa, vil du få tilbod om studieplass.

Utdanning frå utlandet

Generell studiekompetanse
Du må dokumentere at møter krav til generell studiekompetanse. Det inkluderer norsk- og engelskunnskapar på godkjent nivå. Les meir om korleis du søker med utdanning frå utlandet hos Samordna opptak.

Bachelorgrad
Du må dokumentere at møter krav til generell studiekompetanse, og høgare utdanning tilsvarande norsk bachelorgrad på 180 studiepoeng. Utdanning frå land utanfor Norden blir vurdert etter kriteria i NOKUT sin landdatabase

Dokumentasjon
Dersom du har dokumentasjon som ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du få det oversatt av translatør eller tolketeneste. Du må laste opp dokument både på originalspråk og oversettelse innan søknadsfrist.

 

3. Følg opp søknaden din

Etter du har registrert søknad og lastet opp dokumentasjon, er det viktig at du følger opp søknaden. Sjekk at du får kvitteringen på e-post. 

Viss vi manglar informasjon, vil vi ta kontakt på e-posten du har oppgitt i søknaden.

Når får eg svar?

Vidareutdanningar innan helse- og sosialfag - innan 15. mai

Tolking i offentleg sektor - månedsskiftet juni/juli

Alle resterande vidareutdanningar - innan 1. juni

Dei som har søkt vidareutdanning gjennom Udir, får svar frå dei om tildeling av plass. 

Svarfrist

Dei som får tilbod om studieplass må takke ja i Søknadsweb innan svarfrist. Svarfrist vil stå i tilbodsbrev og inne på Søknadsweb når resultat av opptaket er sendt ut. Dei som gløymer å svare innan fristen, mister studieplassen.

Det same gjeld tilbod om å stå på venteliste. Ein må takke ja til tilbodet for å kunne bli med i eventuelle suppleringsopptak.

 

Opptakskrav

Opptakskrava avhenger av kva nivå utdanninga er på. På lågare grads nivå, er det i hovudsak krav om generell studiekompetanse. På høgare grads nivå, er det som regel krav om fullført bachelorgrad eller anna høgare utdanning.

Fleire studieprogram har spesifikke opptakskrav i tillegg, som fordjupingskrav, karakterkrav eller praksiskrav. Du finn alltid det fulle opptakskravet på nettsida til det aktuelle studieprogrammet.

Praksiskrav

Ved nokre studieprogram er det krav om relevant praksis. Dette vil stå i opptakskravet. Det vil og stå kva type praksis og kor lang erfaring som er krevd.

Praksis må vere relevant for utdanninga du søker, og vere gjennomført etter fullført kvalifiserande utdanning. Praksis vert rekna frå datoen som står på vitnemålet frå den kvalifiserande utdanninga.

Eitt år praksis tilsvarar 12 mnd i heiltidsstilling. Deltid vert rekna om til heiltid – eksempelvis vil to år i 50% stilling telle som eitt år fulltid.

Poeng

Ved vidareutdanning på lågare grads nivå, er det karakterar frå VGS som er utgjer grunnlaget for poengutrekninga. Les her korleis desse blir rekna. 

Ved vidareutdanning med krav om høgare utdanning, er det karakterar frå bachelor/tilsvarande som er utgangspunktet. Du kan og få tilleggspoeng for anna høgare utdanning. Har du søkt eit studium som har krav om praksis, kan du og få tilleggspoeng for praksis.

Korleis blir poenga mine rekna ut?

Slik blir poengsummen rekna ut:

Poengtype Forklaring
Karakterpoeng Vekta karaktersnitt x 10. Maksimalt 50 poeng.
+ Utdanningspoeng 1 poeng per 30 stp. Maksimalt 4 poeng.
+ Praksispoeng (der dette inngår) 2 poeng per 12 mnd. Maksimalt 6 poeng
= Konkurransepoengsum  

Dersom andre tilleggspoeng skal telje med i rangeringa til eit studieprogram, vil det stå i studieplanen.

Karakterpoeng

Karakterpoeng er det vekta karaktersnittet ditt, multiplisert med 10.

Karakterpoenga blir rekna ut av det vekta karaktersnittet som inngår i opptaksgrunnlaget til studiet, med mindre anna er fastsett i studieplan.

Utvekslingsopphald på 30 studiepoeng eller meir blir rekna med viss det fins utarbeida omrekningstabellar av NOKUT eller HVL. 

 

Tilleggspoeng for høgare utdanning

Du kan få poeng for høgare utdanning utover opptakskravet. Det er ikkje krav om at denne utdanninga må vere relevant for å få poeng.

Tilleggspoeng for praksis

For utdanningar som har praksiskrav, kan du få poeng viss du har meir praksis enn det som er opptakskravet.

Praksis vert rekna frå datoen på vitnemålet. Viss yrket krev autorisasjon, vert praksis rekna frå autorisasjonsdato.

Du kan og få praksispoeng for opptak til studium som ikkje har praksis som del av opptakskravet. Dette vil i så fall stå i studieplanen.

Korleis rekne ut karakterpoeng

Karakterpoeng er det vekta karaktesnittet ditt frå høgare utdanning multiplisert med 10, med mindre anna er fastsett i studieplanen.

Omrekningstabell

Karaktersnittet vert rekna på ein skala frå 5-1, kor 5 er høgast. For å kunne rekne ut karaktersnitt, må vi gjere om karakterane til riktig talverdi:

Bokstavkarakter Talkarakter Eldre bokstavkarakter Gir følgande talverdi
A 1,0–2,2 Særs godt (sg) 5
B 2,3–2,5 Mykje godt (mg) 4
C 2,6–2,7 Godt (g) 3
D 2,8–3,0 Noko godt (ng) 2
E 3,1–4,0 Lite godt (lg) 1

 

Emne som berre er bestått/ikkje bestått, blir ikkje rekna med i karaktersnittet.

Ved eldre vitnemål utan tal- eller bokstavkarakter reknast karakteren "bestått/greidd" som karakter C.

Vekta snitt

Når vi reknar ut vekta karaktersnitt, vil emne med fleire studiepoeng telje meir enn emne med færre. Ved vitnemål eller karakterutskrift utan vekting, reknar vi snittet av alle gjeldande karakterar.

Vi multipliserar talverdi med studiepoeng for kvart emne som inngår i opptaksgrunnlaget. Produkta blir så summert, og delt på tal studiepoeng som er med i utrekninga. Resultatet blir berekna med tre desimalar. Dette blir det vekta karaktersnittet. Karakterpoeng er det vekta karaktersnittet multiplisert med 10.

Eksempel på utrekning:

Bokstavkarakter Talverdi Studiepoeng Talverdi x studiepoeng
A 5 15 75
E 1 5 5
C 3 15 45
B 4 30 120
B 4 20 80
Sum   85 325

 

Karaktersnitt: 325/85 = 3,824

Karakterpoeng: 3,824 x 10 = 38,24

Viss du har eit vitnemål der studiepoeng/vekttal ikkje er oppgitt for kvart emne, blir karakterane vekta ut frå rammeplanen som gjaldt då du fullførte utdanninga. Dette gjeld i hovudsak eldre helsefaglege utdanningar.


Poenggrenser

Du finn poenggrensene frå forrige opptak på studieprogramsida for studiet. 

Eldre poenggrenser finn du her.

Kvoter

På nokre studieprogram er studieplassane fordelt på ulike kvoter. Dette vil stå på nettsida til studieprogrammet.

Alle søkjarar som dekker opptakskrava til studiet, konkurrerer i ordinær kvote. Viss du dekker krava til fleire kvoter, konkurrerer du både i ordinær kvote, og i dei kvotene du er kvalifisert for. 

Usikker på poengsummen din? Test poengkalkulatoren! 

Merk at utrekninga i kalkulatoren berre er rettleiiande.

Studiespesifikk info

Kompetanse for kvalitet

HVL tilbyr mange studieprogram under Kompetanse for kvalitet. Dette er Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing på vidareutdanning av lærarar.

Sjå informasjon om søknadsprosessen hos Udir.

Høgskulen har ansvar for det formelle opptaket av studentar, der opptakskontoret mellom anna sjekkar at du fyller opptakskrava til studiet du har søkt. Om du har søkt eit tilbod i Udirs studiekatalog, og søknaden vert godkjend av Udir, må du hugse å søke opptak hos HVL og laste opp nødvendig dokumentasjon innan fristane som vert gitt. 

Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvikast på nokre studium om ein berre manglar faget det søkast på, for å få fullført si lærarutdanning. Viss ein søker dispensasjon frå opptakskravet, må det liggje føre ein stadfesting frå tidligare studiestad om at studiet det søkast opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

Høgskulen kontaktar søkere til tilbod i Udirs studiekatalog tidlegast i starten av mai, etter at Udir er ferdig med fordeling av midlar til stipend- og vikarordning.

Tolking i offentleg sektor

Opptakskravet til studiet er generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du ha godkjent statsautorisasjon som tolk eller godkjent Tospråktest

Har du generell studiekompetanse frå utlandet, på sida finn du ditt land og gjeldane reglar for landet. Søkarar med utdanning frå utlandet som oppfyljer alle krav til generell studiekompetanse, bortsett frå språkkrav i engelsk, vil også kunne kvalifisere for opptak på bakgrunn av realkompetanse uavhengig av kravet til yrkespraksis. 

Relevant praksis for vurdering på realkompetanse:

  • Yrkespraksis innen tolking og/eller oversetting
  • Yrkespraksis innen offentlig sektor i stilling som er knytte til elever, pasienter, brukere eller lignende.
  • Arbeid med innvandrere

Resultatet på Tospråktesen er gyldig i 5 år som opptakskrav til studiet Tolking i offentleg sektor ved HVL. Det betyr hvis Tospråktesten er gjennomført før 2019, må søker ta ny test for at den skal være gyldig som opptaksgrunnlag til studiestart høsten 2024. Ref. ptk. 13 i Retningslinjene for Tospråktesten ved OsloMet - storbyuniveristetet 

Poengutrekninga er gjort på bakgrunn av tilfredsstillande resultat frå Tospråktesten. Tospråktesten er ein munnleg prøve i norsk og eit tolkespråk, kor begge må ha eit resultat over 80 poeng for å få tilfredsstillande resultat. Poengutrekninga for opptaket er eit gjennomsnitt av poenga frå begge prøvene. Frå og med 2022 blir ikkje resultat frå Tospråktesten gitt med to desimalar. Søkjarar som nyttar resultat på Tospråktesten frå før 2022 vil grunna omsyn til lik handsaming få resultat avrunda etter vanlege avrundingsreglar.  Ved fleire kvalifiserte søkarar enn det er plassar, blir søkarar rangerte etter poengberekninga. Ved lik poengsum skal eldre søkjarar rangerast framfor yngre, ref. Forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet §4-2 (2).
Andre poeng som til døme tidlegare høgare utdanning blir ikkje tatt med i poengutregninga.
Det er 30 studieplassar på studiet fordelt på 4 språk.

Poenggrenser frå tidligare opptak finn du her.

Viss du har spørsmål om resultata dine frå Tospråktesten, må du ta kontakt med OsloMet. Resultat på Tospråktesten kan ikkje påklagast, men kandidatane kan be om grunngjeving. E-post: tospraktesten@oslomet.no

 


Opptakskontoret