Bilde av skog og fjell med snø. Små symboler med bærekraftsmål spredt rundt i bildet.

Digitalisering, berekraft og innovasjon

Etter- og vidareutdanning

Jobbar du innan offentleg eller privat sektor og er nysgjerrig på digitalisering, berekraft og innovasjon? Ønskjer du meir kunnskap om korleis digitalisering kan skape ei berekraftig utvikling? Da kan du ta vidareutdanning gjennom vårt modulbaserte deltidsstudium i Hallingdal.

Geilo / Hallingdal

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Du søkjer eitt og eitt kurs. Trykk knappen «Søk studieplass» eller gå inn via søknadsweb. Velg rad for «Videreutdanning og halvårsstudium». Etterpå velger du fra listen «Videreutdanning vår 2024». Så velger du emnet du vil søke, trykk "legg til" og send søknad. 

    Opptakskrav

    Om å søke opptak til HVL

    Digitalisering, berekraft og innovasjon er eit  fleksibelt deltidsstudium som passar mange ulike arbeidsgrupper.

    Å auka kunnskap om berekraft og innovasjon på digitale flater er aktuelt for bedrifter som treng meir kunnskap for å kommunisere og skape verdi saman med kundar og leverandørar.  Det er også relevant for kommunar som skal kommunisere med innbyggarar, eller skular som kommuniserer med elevar og føresette.

    Bli med på eit lokalt kunnskapsløft og bygg kompetansen du treng for å styrke digitaliseringsarbeidet, bærekraftskunnskapen og innovasjonsevnen i verksemda du arbeidar i!

    Samlingar

    Studiet er samlingsbasert og samlingane vil føregå på Bardøla høyfjellshotell eller Vestlia Resort på Geilo. Undervisning mellom samlinger skjer digitalt. Du kan sjølv velje kor mange modular du du ønskjer å ta.

    Vi tilbyr 7,5 – 15 studiepoeng kvart semester i perioden 2023 – 2026.

    Kurspakken

    Studiet består av fleire emne, og kursane rulles ut fortlaupande frå våren 2023.

    Våren 2023 vert emnet Digitalisering og omstilling tilbydd. Du søkjer opptak til eitt og eitt kurs via vårt søknadsweb.

    I pilotperioden 2023–2026 er kursa gratis for studentar. Kurspakken er finansiert av HK-dir (Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse).

    Vår 2024

    Digital innovasjon og entreprenørskap (7,5 sp)

    Innhald
    Dette emnet går nærare inn på tematikken digital innovasjon og entreprenørskap.

    Studentane vil gjennom arbeid individuelt og gruppevis ha fokus på digital innovasjon og entreprenørskap med spesielt fokus på utvikling av nye digitale tjenester og produkter.

    Sjå emneplan for meir informasjon.

    Samlingsdatoar
    To fysiske samlingar på Torpmoen, resten digitalt.

    Samling 1 - 14. og 15. mars
    Samling 2 – 22., 23. og 24. mai

    Haust 2023

    Digital kommunikasjon (15 sp)

    Innhald
    Dette emnet har fokus på kunnskap om teoriene, informasjonen og vurderingene som ligger til grunn når organisasjoner utformer sine kommunikasjonsstrategier og har særskilt fokus på dei digitale kommunikasjonsstrategiene

    Sjå emneplan for meir informasjon (emneplan kjem).

    Samlingsdatoar
    Fire fysiske samlingar på Bardøla Høyfjellshotell, resten digitalt.

    Samling 1 - 27. – 28. oktober
    Samling 2 – 22. - 24. november
    Samling 3 - 25. og 26. januar
    Samling 4 - 1. og 2. mars

    Vår 2023

    Digitalisering og omstilling (7,5 sp)

    Innhald
    Dette emnet tek føre seg digitalisering og omstilling ut frå eit heilheitsperspektiv.

    Sjå emneplan for meir informasjon.

    Samlingsdatoar
    To fysiske samlingar, resten digitalt.

    1. samling: 18. 19. og 20. januar 2023, Bardøla høyfjellshotell
    2. samling: 15., 16. og 17.februar 2023, Vestlia resort

    Digitalisering, lønsemd og berekraft (7,5 sp)

    Innhald
    Dette emnet tek føre seg digitalisering med fokus på lønsemd i ein berekraftsdimensjon.

    Emnet gir ein introduksjon til FNs berekraftsmål og korleis lønsemd i verksemder er nautdsynt i eit langsiktig perspektiv.

    Sjå emneplan for meir informasjon

    Samlingsdatoar
    To fysiske samlingar, resten digitalt.

    1. samling: 22. 23. og 24. mars 2023, Bardøla høyfjellshotell
    2. samling: 26., 27. og 28.april 2023, Vestlia resort

     

    Organisering

    Kurspakken på Geilo (Hallingdal) består av frittståande kurs à 7,5, 10 eller 15 studiepoeng.

    Kvart kurs går på deltid over 1 semester og gjennomførast samlingsbasert i kombinasjon med nettundervisning.

    Bakgrunn

    Denne utdanninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet, Utdanningssenteret på Geilo, Hol kommune og Viken fagskole. Prosjektet Geilo 100+ er finansiert av HK-dir i pilotperioden 2023 - 2026.