Hopp til innhald

SIB851 Samskaping og innovasjon for berekraftig utvikling

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Samskaping og innovasjon kan bli nytta som tilnærmingar for å kome fram til berekraftige løysingar på komplekse problem eller utfordringar som ikkje har openberre løysingar, ofte omtalt som «wicked problems» eller «samfunnsflokar». For å finne gode løysingar på slike problem er det hensiktsmessig å arbeide på tvers av fag og bakgrunn, noko vi i dette emnet omtalar som transdispilinær tilnærming.

I dette emnet skal studentane få innføring omgrep og teoriar knytt til samskaping, berekraft og innovasjon. Ein skal lære eksemplar på metodar innan samskaping og designdriven innovasjon for å kome fram til løysingsforslag på komplekse utfordringar. Vidare skal studentane lære korleis ein kan vurdere og reflektere rundt i kva grad løysingane er berekraftig eller ikkje, opp imot FN sine berekraftsmål.

Studentane skal gjennom heile emne-perioden arbeide i tverrfaglege grupper med planlegging, gjennomføring og formidling av eit prosjekt. Prosjektet skal ha utgangspunkt i eit problem, utfordring eller ide meldt inn frå ei bedrift, offentleg verksemd eller frivillig organisasjon i regionen, eller frå eigen arbeidsstad. Prosjektet skal gjennomførast med bruk av samskapings- og innovasjonsmetodikk. Løysingsforslag skal knytast til FNs berekraftsmål.

Emnet er lagt opp til å gje øving og rettleiing i å vere fasilitator i samskapingsprosessar og nytte verktøy og metodar innan designdriven innovasjon, til dømes design thinking, samt metodar for formidling, som til dømes teikning, video eller rollespel.

Studentane skal gjennom praktiske øvingar og kritisk refleksjon lære om tverrfagleg og transdisiplinær samarbeid, gruppeprosessar og kommunikasjon på tvers av fag og bakgrunn. Gjennom arbeid i grupper skal studentane utforske dilemma, barrierar og moglegheiter som kan oppstå i arbeid med samskaping, innovasjon og berekraftig utvikling.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har avansert kunnskap om omgrep og teoriar om samskaping
  • kjenner til omgrep og teoriar om kommunikasjon og samarbeid på tvers av fag og bakgrunn
  • har inngåande kunnskap om omgrep, teoriar og modellar for berekraft og berekraftig utvikling, her under miljømessige-, sosiale- og økonomiske dimensjonar
  • kjenner til omgrep og teoriar om innovasjon i ulike sektorar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere modellar og verktøy for å vurdere berekraftige løysingar innanfor ulike sektorar og treffe grunngjevne val
  • kan beherske samskapingsmetode og designdrivne innovasjonsmetodar- og verktøy i ulike fasar av eit prosjekt
  • kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på nye område og i samarbeid med andre for å gjennomføre prosjekt
  • kan analysere kva som hemmar og fremmar tverrfagleg og transdisiplinært samarbeid og gode gruppeprosessar
  • kan analysere dilemma i samskaping, innovasjon og berekraftig utvikling

Generell kompetanse

Studenten

  • kan sjølvstendig gjennomføre å vere fasilitator i ein samskapingsprosess, her under initiere og leie prosessen, forhandle med interessentar, fremje inkluderande dialog, omsette mellom disiplinar og vidareføre kompetanse til ulike aktørar
  • kan formidle prosess og resultat frå prosjekt både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer til transdisiplinære interessentar, og meistrar fagområda sine uttrykksformer
  • kan planlegge, gjennomføre og analysere prosess i eit prosjekt med hensikt å bidra til ei berekraftig utvikling

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet består av både digitale samlingar og samlingar i Sogndal samt prosjektarbeid og eigenstudiar mellom samlingane. Det vil bli lagt ut ressursar, litteratur og oppgåver i forkant av seminara. I seminara vil studentane få førelesningar, rettleiing på oppgåver, samt tid til å drøfte, reflektere og øve på å anvende omgrep, teoriar, metodar og verktøy innan samskaping, innovasjon og berekraft. Emnet legg opp til arbeid med ulike case og oppgåver i grupper, samt prosjektarbeid i tverrfaglege grupper med rettleiing frå faglærarar og fagpersonar knytt til prosjektet.

Emnet har ei forventa total arbeidsmengde på om lag 390-450 timar inkludert eigenstudiar, gruppearbeid og undervisning.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Skriftleg innlevering i gruppe: Prosjektplan som inkluderer tekst om samskaping, innovasjon og berekraft. Omfang: maks 6 sider.

Det vil bli gitt valfri rettleiing på utkast og tilbakemelding på innlevert plan.

Læringsaktiviteten er særleg knytt til følgjande læringsutbytte:

      • har avansert kunnskap om omgrep og teoriar om samskaping
      • har inngåande kunnskap om omgrep, teoriar og modellar for berekraft og berekraftig utvikling, her under miljømessige-, sosiale- og økonomiske dimensjonar
      • kjenner til omgrep og teoriar om innovasjon i ulike sektorar
      • kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på nye område og i samarbeid med andre for å gjennomføre prosjekt

  • Munnleg presentasjon i gruppe (digitalt): Presentasjon av midtvegs status i prosjektet for faglærarar, klassen og andre aktuelle interessentar. Omfang: 15 min presentasjon pr gruppe og deltaking på dei andre gruppene sine presentasjoner.

Det vil bli gitt umiddelbare tilbakemeldinger på presentasjonen frå faglærarar.

Læringsaktiviteten er særleg knytt til følgjande læringsutbytte:

      • kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på nye område og i samarbeid med andre for å gjennomføre prosjekt
      • kan formidle prosess og resultat frå prosjekt både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer til transdisiplinære interessentar, og meistrar fagområda sine uttrykksformer
      • kan planlegge, gjennomføre og analysere prosess i eit prosjekt med hensikt å bidra til ei berekraftig utvikling

  • Skriftleg innlevering i gruppe: Prosjektrapport. Skildring av prosjektprosess, metoder for samskaping, innovasjon og berekraft samt resultat/ løysingsforslag. Omfang: maks 10 sider.

Det vil bli gitt valfri rettleiing på utkast og tilbakemelding på innlevert plan.

Læringsaktiviteten er særleg knytt til følgjande læringsutbytte:

      • kan beherske designdrivne innovasjonsmetodar- og verktøy i ulike fasar av eit prosjekt
      • kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på nye område og i samarbeid med andre for å gjennomføre prosjekt
      • kan sjølvstendig gjennomføre å vere fasilitator i ein samskapingsprosess, her under initiere og leie prosessen, fremje inkluderande dialog, omsette mellom disiplinar og vidareføre kompetanse til ulike aktørar
      • kan formidle prosess og resultat frå prosjekt både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer til transdisiplinære interessentar, og meistrar fagområda sine uttrykksformer
      • kan planlegge, gjennomføre og analysere prosess i eit prosjekt med hensikt å bidra til ei berekraftig utvikling

Vurderingsform

Deleksamen med to delar; begge munnleg digitalt. Del ein er munnleg presentasjon av prosjektet i gruppe, der både prosess og resultat skal formidlast. Del to er ein individuell samtale etter presentasjonen, der studenten skal reflektere rundt prosess og resultat knytt til emnet sine mål for læringsutbytte.

Del 1:

Digital munnleg eksamen, gruppe: Presentasjon av prosjekt. 30 min. Vurderast som bestått/ikkje bestått. Gruppevis vurdering. Vekting 50%.

Del 2:

Digital munnleg eksamen, individuelt: Påfølgande refleksiv dialog. 15 min. Vurderast som bestått/ikkje bestått. Individuell vurdering. Vekting 50%.

Begge delane må vere bestått for å få bestått i emnet.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidlar er tillate.

Meir om hjelpemiddel