Jordmødre under opplæring.

Jordmor

Master

Som jordmor følger du opp gravide, fødande og barselkvinner. Med master i jordmorfag tileignar du deg kompetanse til å fremje helsa til kvinner og nyfødde barn. 

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    • Bachelor i sjukepleie og norsk autorisasjon som sjukepleiar.
    • 1 års yrkespraksis som sjukepleiar etter autorisasjon.

    Opptakskrav til påbygg

    • Bachelor i sjukepleie og norsk autorisasjon som sjukepleiar.
    • Utdanning som gir autorisasjon som jordmor etter rammeplan frå 2004-2005, eller jordmorutdanning frå før rammeplanen i 2004-2005.

    Kvote

    Kvoten vil for studieåret 2024/2025 bli tildelt inntil 6 søkjarar som kan har bustad i Helse Fonna sitt område. Sjå nettside med oversikt over kommunar det gjeld. Tildeling skjer på bakgrunn av folkeregistrert adresse i søknaden. 

    Kvoten gjeld ikkje ved opptak til påbygg.

    Søknadskode

    3014 (3025 for påbygg)

    Korleis søke

      • Logg inn i SøknadsWeb
      • Vel opptak "Master"
      • Så vel du "Master/Vidareutdanning helse- og sosialfag"
      • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå søknadskode over) 
      • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad"
      • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskrava.
      • Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden.

    Viktig informasjon om søknad, fristar og dokumentasjon

     

    Rangering og poeng

    Rangering blir gjort på grunnlag av karakterar, og det blir gitt tilleggspoeng for høgare utdanning og praksis.
    Det blir ikkje gitt praksispoeng ved opptak til påbygg.

    Informasjon om utrekning av poeng

    Poenggrense ved forrige opptak

    Master:
    Ordinær kvote: 37,75
    Regional kvote: 35,03

    Påbygg:
    Alle kvalifiserte fikk plass.

     

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor bli jordmor?

    Jordmødrer speler ei avgjerande rolle i omsorgen for gravide kvinner før, under og etter fødselen. Denne utdanninga gir deg høg klinisk kompetanse, og moglegheit til å arbeide med fagutvikling og forsking. Du blir ein viktig fagperson for å gi kvinner og familiar moglegheiter til meistring og kontroll over eigen livssituasjon.

    Du studerer jordmorfag ved campus Bergen.

    Praksis

    Master i jordmorfag er eit heiltidsstudium ved campus Bergen, med fire praksisperiodar knytt til Førde, Bergen, Stord, Voss og Haugesund.

    Studiet er delt opp i 40 veker teori og 40 veker praksis. Du har praksis på ulike avdelingar innanfor svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorga. Delar av praksisen vil også skje ved poliklinikkar, helsestasjon for ungdom og nyfødd-avdelingar. Våre praksisplassar er fordelte i Helse Vest.

    Vi har praksisplassar i Bergen og Vestland fylke, og Høgskulen på Vestlandet tildeler praksisplassar til studentane. 

    Studentar som skal ha praksis, må levere politiattest.

    Korleis er undervisninga?

    I studiet får du ei variert og studentaktiv undervisning. Ein del av denne undervisninga er obligatorisk, som til dømes deltaking i refleksjonsgrupper, seminar, ferdigheitstrening og simulering, i tillegg til framlegg av oppgåver.

    Du vil delta i seminar, der du legg fram eige arbeid individuelt eller i gruppearbeid, med tilbakemelding frå andre studentar. Dette for at studiet skal vere oppdatert på dei problemstilingane som praksisfeltet er opptatt av, men òg for at du skal utvikle dine analytiske og praktiske ferdigheiter.

    Vidare vil du få trening i utvikling av praktiske ferdigheiter både gjennom ferdigheitstrening, simulering og praksis. Praksis har krav om 90 % frammøte og har tilhøyrande obligatoriske læringsaktivitetar.

    Emnet «vitskapsteori, forskingsetikk og metode» er nettbasert. Masteroppgåva i jordmorfag skal vere eit sjølvstendig arbeid, der du kan samarbeide og fordjupe deg i eit tema saman med ein medstudent.

    Er du allereie jordmor og vil ta master?

    Da kan du ta påbygg til master på anten 40 eller 60 studiepoeng. Har du allereie autorisasjon som jordmor treng du ikkje ta heile utdanninga. Kva du må ta, kjem an på kva du har frå før. 

    Dersom du har fullført jordmorutdanning etter rammeplan frå 2004-2005 (120 studiepoeng) kan du ta påbygg til master over 1,5 studieår med følgjande emne:

    • Vitskapsteori, forskingsetikk og metode, 10 studiepoeng. 
    • Masteroppgåve, 30 studiepoeng. 

    Har du jordmorutdanning frå før 2004/2005 (60 studiepoeng) kan du ta påbygg til master over 2 studieår, og emna:

    • Søke etter og kritisk vurdere forsking, 15 studiepoeng. 
    • Teorier og modellar, 5 studiepoeng.
    • Vitskapsteori, forskingsetikk og metode, 10 studiepoeng.
    • Masteroppgåve, 30 studiepoeng. 

    Dersom du har autorisasjon som jordmor frå før av, skal du ikkje i praksis.

    Utveksling

    Jordmorutdanninga er med i internasjonale nettverk som gjer at våre studentar kan reise på utveksling til utanlandske institusjonar. Utveksling skjer i andre studieår, og varer frå fire til åtte veker.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Vil du studere meir?

    Du blir kvalifisert til å søkje opptak til ph.d.-program, til dømes innan helse, funksjon og deltaking ved HVL.