Bilde av lastebåt

Logistikk

Årsstudium

I dagens konkurransesamfunn spelar logistikk ei stadig viktigare rolle, og kan vere avgjerande for kundeservice og lønnsemda i ei bedrift. Fordjupninga innan logistikk vil difor gjere deg attraktiv på arbeidsmarknaden. 

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Høgare utdanning på minimum 120 stp. innanfor teknologiske/økonomiske/IT-fag, inkludert grunnleggande kunnskapar i bedriftsøkonomi, statistikk og organisasjonsfag.

    Poenggrense ved forrige opptak

    • Alle kvalifiserte

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere logistikk?

    Du får konkrete kunnskapar innan:

    • innkjøp og materialforsyning
    • produksjon og prosessforbetring
    • transport og distribusjon 
    • leiing av forsyningskjeder

    Dette er kompetansefelt som er avgjerande for kostnadseffektivitet og konkurransekraft. Kunnskapen du får er svært ettertrakta, for det er stor mangel på logistikk-kompetanse i næringsliv og offentleg sektor.

    Du kan studere årsstudium logistikk på campus Bergen.

    Gjennom studiet får du:

    • oversikt over heilskapen i logistikk-kjeda
    • innsikt i dei ulike funksjonane i logistikkområdet og Supply Chain Management
    • inngåande kjennskap til aktuelle metodar og teknikkar innan logistikkområdet

    Under føresetnad om tilstrekkeleg tal deltakarar, vil det bli arrangert studietur til utlandet i september/oktober.

    Dersom du tar bachelor i økonomi og administrasjon ved HVL campus Bergen, kan du ta logistikk som 3. året ditt.

    Korleis er undervisninga?

    Undervisninga vekslar mellom forelesingar, oppgåver og caseløysing, gjesteforelesingar og bedriftsbesøk. Du vil få oppgåver der du skal studere logistikksystema i ulike bedrifter. I 2. semester skriv du prosjektoppgåve der du skal analysere reelle, praktiske problem for ei verksemd. Alternativt kan ein velja internship i ei verksemd og erfaringsrapport.

    I emne der det blir krevd forprøvar (innleveringar eller øvingar på datalab), må desse vere godkjende før du kan gå opp til eksamen.

    Lær meir om årsstudiet i logistikk i denne videoen:

    Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Andre utdanningar du kanskje vil like

    Kor kan du reise?