Maskiningeniør

Bachelor

Som maskiningeniør designar du produkt, utformar produksjonsutstyr og styrer produksjonsprosessar. Yrkesvegane er mange for den allsidige maskiningeniøren.

Maskiningeniørar jobbar innanfor mange ulike bransjar, og oppgåvene du utfører til dagleg vil avhenge mykje av kvar du jobbar. Nokon lagar skipsmotorar mens andre lagar sjukehusutstyr. Andre igjen utviklar utstyr og prosedyrar for undervassoperasjonar, eller utviklar nye prosessar for prosessindustrien. 

Ved Høgskulen på Vestlandet kan du utdanne deg til maskiningeniør i Bergen og i Haugesund.