Brodert blomstermønster fra en bunad.

Tekstilkultur 2

Etter- og vidareutdanning

Tekstilkultur gir innsikt i historia og tradisjonane våre. Ved å studere tekstilkultur kan du få ei djupare forståing av kulturarv og korleis tekstil har forma samfunnet i ulike tidsepokar. Du vil også lære meir om berekraftig praksis, resirkulering og gjenbruk av materiale – som er viktig for dagens unge.

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Studiet er eit samarbeid mellom Vestnorsk Kulturakademi og Høgskulen på Vestlandet.

    Kvifor studere Tekstilkultur 2

    Tekstilkultur 2 byggjer på Tekstilkultur 1 og her går ein djupare inn i tekstilfaget. Studiet set fokus på den immaterielle kulturarva, og ser på tekstil i ein nasjonal kulturvern-samanheng og i ein verdsarv-samanheng. Ved å undervise i tekstilkultur kan du som er lærar såleis bidra til å bevare og fremme tradisjonelle handverksteknikkar og kunnskap.

    Kva lærer du?

    I studiet får du kunnskap og praktisk erfaring med ulike tradisjonelle handverksteknikkar, samt med  å plassere teknikkane i ein kulturhistorisk og samtidsmessig kontekst.  Faget er forankra i tekstil-kunst, -design, -handverk, -industri, og tekstilt kunsthandverk frå ulike tider og kulturar. Den pedagogiske grunntanken er læring gjennom handling.

    Du finner mer informasjon i emneplanen for Tekstilkultur 2.

    Målgruppe

    Denne vidareutdanninga passar for deg som er student, lærar, tilsett i museum, kunstnar eller handverkar.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Vidareutdanninga vektlegg det praktiske, skapande arbeidet i møte med ulike tekstile material og teknikkar og relevante reiskapar. Vidare blir det førelesningar rundt aktuelle kulturhistoriske og samtidsaktuelle tema. Studiet vektlegg òg faglege samtalar og diskusjonar mellom studentane. 

    Det er planlagt fem fysiske samlingar og ei digital samling. Alle samlingane vil innehalda ein kombinasjon av teoretisk kunnskap og praktisk trening. I tillegg vil det setjast av tid til individuell rettleiing av semesteroppgåva. Samlingane vil og innehalda eit besøk til eit museum eller galleri. I forkant av fyrste samling er du velkommen til eit digitalt møte med presentasjon av emnet og lærarane.

    Den norske kulturarva er ein del av den større verdskulturarva, og studiet har fokus på vårt felles ansvar for å forvalte og vidareformidle den immatrielle kunnskapen, i tråd med konvensjonene til UNESCO. Kvar samling har eit overordna tema som vert formidla både gjennom teoretisk tilknyttning og praktisk arbeid. I tillegg vil studentane få individuell vegleiing innan fordjupningsarbeidet sitt.  

    1. samling: Snorer og band - flette og knyte-teknikkar: slindring, fletting, makrame, (flammeband/ sokkeband), firfletting /slingring med slyngstokkar, knipling. Samling på Tvildemoen, Voss.

    2. samling : Masketeknikkar - strikking, tvebandstrikk, pjoning, hekling, hakking, nålebinding, gimping, nupereller.

    3. samling: Bunad - brikkevev, bandvev, kvitsaum / Hardangersaum, Ekskursjonssamling til Hardanger Folkemuseum.

    4. samling: Klær - saum, mønsterkonstruksjon, drapering, kvalitet i materialer og handverk, grunnlag for design og redesign/gjenbruk. Vedlikehald og stell. Konservering. Samling på HVL Kronstad, Bergen. Vitje Universitetsmuseet i Bergen

    5. samling: Eksamen og utstilling - Me lærar av kvarandre. Eksamensutstilling og munnleg presentasjon av semesteroppgåvene for heile kurset inkludert sensorane.

    Dato for samlingar

    1. samling: 12.-13. januar - Snorer og band (Voss)
    2. samling: 9.-10. februar  - masketeknikkar (Bergen)
    3. samling: 8.-9. mars - Bunad (Utne)
    4. samling: 12.-13. april - Klær (Bergen)

    Digital samling: 3.- 4. mai 

    1. samling: 7.-8. juni - Eksamen og utstilling (Bergen)

    Tilrådde forkunnskapar

    Tekstilkultur 2 byggjer på Tekstilkultur 1

    Pensum

    Du mottek informasjon om pensum når kurset startar.

    Eksamensform

    Eksamensutstilling og munnleg presentasjon av semesteroppgåvene for heile kurset inkludert sensorane.

    Studieavgift og betaling

    Merk: Studier med studieavgift har ekstra krav og vilkår knyttet til seg, og du må derfor lese godt gjennom reglene for studier med studieavgift.

    Studiet kvalifiserer til lån hos Lånekassen.

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • Ny oppdatert fagleg kunnskap
    • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • Personleg utvikling
    • Moglegheit for å byggje nettverk
    • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs